Strisennep
Sisymbrium loeselii
Strisennep er framand og oftast komen inn med ballastjord og med korn ved møller. Han er bufast og er naturalisert nokre stader, særleg på grunnlendt kalkmark i Oslo-området.
Kjenneteikn
Strisennep er eittårig eller kanskje stundom toårig, med opprette stenglar opptil 80 cm. Planten er lite greina nedst, men er greina i blomestanden. Stengelen er strihåra, i alle fall nedst, med lange hår som vender tydeleg nedover. Stengelblada er delte om lag til grunnen med 2–3 par trekanta flikar og med ein stor, trekanta endeflik. Grunnblada har ofte fleire par flikar og ein meir avlang, stor endeflik. Blomestanden er oftast ein topp med klasar som delblomestandar og der blomar og knoppar sit høgare enn dei unge fruktene. Kronblada er gule, 4–7 mm lange og dobbelt så lange som begerblada. Frukta er ei 1–4 cm lang, trinn og snau langskulpe som sit på eit sprikjande og grant, 5–10 mm langt skaft. Griffelen er 0,5–1,2 mm lang. Skulpa har éi rekkje frø i kvart skulperom. Frøa er 0,6–1,1 mm lange.
Kromosomtal
Strisennep er diploid med grunntal x = 7 og kromosomtal 2n = 14. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.
Økologi og utbreiing
Strisennep er framand og oftast komen inn med ballastjord og med korn ved møller. Arten vart først funnen på ballastjord på stranda ved Akershus festning i Oslo i 1876. Han veks på ulike typar skrotemark, men i tillegg er han naturalisert nokre stader på grunnlendt kalkmark, særleg på øyane inst i Oslofjorden. Den bufaste utbreiinga ligg i boreonemoral sone. Han er særleg funnen i områda med kalkgrunn kring Oslofjorden og Skiensfjorden, elles med spreidde funn i kyst- og dalstrøk (inn til Bygland i Setesdal i Aust-Agder) til Jølster (Sogn og Fjordane), og elles berre ved møller og kornsiloar i Skaun og Trondheim (Sør-Trøndelag). Etter 1990 er han berre sikkert funnen mellom Oslo og Skiensfjorden. Han er om lag borte som tilfeldig ugras, men er bufast kring og på øyane i indre Oslofjorden og truleg i Skien (Telemark).
Den heimlege utbreiinga strekkjer seg frå Mellom-Europa aust til Sibir, Mongolia og vestlege Himalaya.
Kommentarar
Arten held seg framleis på dei gamle ballastplassane kring Akershus festning og på Grønlia i Oslo og har spreidd seg ut til minst sju av kalkøyane inst i Oslofjorden i Oslo og Nesodden (Akershus). Her er han no bufast og er blitt eit godt etablert element i norsk natur.
Forvekslingar
Strisennep liknar mest på blanksennep Sisymbrium irio og wienersennep Sisymbrium austriacum. Dei skil seg i hårklednad på nedre del av stengelen. Strisennep har lange og stive, nedvende hår. Wienersennep er snau eller har svært korte, oppbøygde hår. Blanksennep er snau eller har lange, sprikjande hår. Blada hos strisennep har færre par flikar (2–3) enn wienersennep (4–8). Kronblada hos strisennep og wienersennep er mykje lengre enn begerblada, medan dei er berre litt lengre enn begerblada hos blanksennep. Hos blanksennep strekkjer toppen av dei unge skulpene seg over dei opne blomane, medan blomar og knoppar stikk høgare opp enn skulpene hos strisennep og wienersennep.
Kjelder
Al-Shehbaz IA (2010). Sisymbrium Linnaeus. I Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 7. Magnoliophyta: Salicaceae to Brassicaceae: 667–671.
Ball PW (1993). Sisymbrium L. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 318-321.
Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/12/2022
Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.
Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 9/12/2022
Rich TCG (1991). Crucifers of Great Britain and Ireland. BSBI Handbook 6. Botanical Society of the British Isles, London. 338 s.
Stace CA (2019). New Flora of the British Isles. 4. utg. C & M Floristics, Middlewood Green. 1266 s.
Siter nettsida som:
Elven R og Hegre H. Strisennep Sisymbrium loeselii L. www.artsdatabanken.no/Pages/345673. Lasta ned <dag.månad.år>.