Blanksennep er framand, komen inn med ballastjord og med korn og berre funnen nokre få gonger på 1800-talet og tidleg på 1900-talet i Noreg.

Kjenneteikn

Blanksennep er eittårig og rikt greina, med stenglar opptil 50 cm. Stengelen er om lag snau eller nedst med grisne, lange og granne, sprikjande hår. Grunnblada og dei nedre stengelblada er djupt fjørdelte med mange par nokså smale flikar, og ein noko større endeflik; dei øvre stengelblada har berre 2–3 par flikar. Blomestanden er ein klase der unge frukter stikk opp over blomeknoppane og dei opne blomane. Kronblada er bleikgule, oftast 2,5–3,5 mm lange og berre litt lengre enn begerblada. Frukta er ei 3–6 cm lang og om lag 1 mm tjukk, snau og knudrete langskulpe som er tjukkare enn det 5–12 mm lange og sprikjande skulpeskaftet. Griffelen er om lag 0,5 mm lang. Skulpa har éi rekkje frø i kvart skulperom. Frøa er 0,7–1,1 mm lange.

Kromosomtal

Blanksennep er oftast diploid, stundom tetra-, heksa- eller oktoploid, med grunntal x = 7 og kromosomtal 2n = 14 (28, 42, 56). Berre diploidar er funne i Europa (Rich 1991). Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Blanksennep er framand og kom inn med ballastjord på ballastplassen Øra i Fredrikstad (Østfold) i 1837, 1874 og 1891, med ballastjord i Kristiansund (Møre og Romsdal) i 1860- eller 1870-åra, og med korn ved ei mølle i Oslo i 1929 (ikkje digitalisert). Arten er ikkje dokumentert frå Noreg på over 90 år.

Arten er heimleg i Middelhavsområdet i Sør-Europa og Nord-Afrika og i Asia austover til Nord-Kina.

Forvekslingar

Blanksennep liknar på fleire andre gulbloma krossblomar, men mest på andre Sisymbrium-artar, særleg på strisennep Sisymbrium loeselii og wienersennep Sisymbrium austriacum. Dei skil seg i hårklednad på nedre del av stengelen. Strisennep har lange og stive, nedvende hår. Wienersennep er snau eller har oppvende hår. Blanksennep har lange, sprikjande hår. Blada hos strisennep har færre par flikar (2–3) enn wienersennep (4–8). Kronblada hos strisennep og wienersennep er mykje lengre enn begerblada, medan dei er berre litt lengre enn begerblada hos blanksennep. Hos blanksennep strekkjer skulpene seg godt over dei opne blomane, medan blomar og knoppar stikk høgare opp enn skulpene hos strisennep og wienersennep.

Kjelder

Al-Shehbaz IA (2010). Sisymbrium Linnaeus. I Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 7. Magnoliophyta: Salicaceae to Brassicaceae: 667–671.

Ball PW (1993). Sisymbrium L. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 318-321.

Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/12/2022

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 9/12/2022

Rich TCG (1991). Crucifers of Great Britain and Ireland. BSBI Handbook 6. Botanical Society of the British Isles, London. 338 s.

Stace CA (2019). New Flora of the British Isles. 4. utg. C & M Floristics, Middlewood Green. 1266 s.

Siter nettsida som:

Elven R og Hegre H. Blanksennep Sisymbrium irio L. www.artsdatabanken.no/Pages/345672. Lasta ned <dag.månad.år>.