Kjempesennep er ein grovvaksen art. Her frå Lærdalsøyri i Lærdal, Sogn og Fjordane.

Kjempesennep er framand, komen inn med ballastjord og ulike transportar, og er no bufast i Noreg.

Kjenneteikn

Kjempesennep er eittårig og kan bli opptil 1 m høg. Han er oftast noko håra nedst med lange, granne og sprikjande til litt nedvende hår eller han kan vere snau. Både grunnblada og stengelblada er djupt fjørdelte; grunnblada og dei nedre stengelblada har 6–8 par flikar og ein liten endeflik; dei øvre stengelblada er finna med mange, smalt linjeforma småblad. Blomestanden er ein open topp der blomar og knoppar sit om lag jamhøgt med toppen på dei unge skulpene. Blomane er om lag 1 cm breie, med bleikgule kronblad som oftast er 6–8 mm lange og dobbelt så lange som begerblada. Frukta er ei oftast 7–8 cm lang langskulpe som sit på eit 5–15 mm langt, sprikjande skaft som er opp mot jamtjukt med skulpa. Skulpa er rak eller bøygd og med to lyse striper. Griffelen er om lag 0,5 mm lang. Skulpa har éi rekkje frø i kvart skulperom. Frøa er 0,7–1,2 mm lange.

Blada er djupt fjørdelte. Dei øvre er finna med mange, smalt linjeforma småblad (medan dei nedre har 6–8 par flikar og ein liten endeflik).

Blomestanden er ein open topp der blomar og knoppar sit om lag jamhøgt med toppen på dei unge skulpene. Blomane har bleikgule kronblad. 

Frukta er ei langskulpe som sit på eit sprikjande skaft som er opp mot jamtjukt med skulpa.

Kromosomtal

Kjempesennep er diploid med grunntal x = 7 og kromosomtal 2n = 14. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Kjempesennep er dels naturalisert på havstrand, men veks først og framst på skrotemark av ymse slag, som her på en vegkant i Lærdal i Sogn og Fjordane.

Kjempesennep er framand, komen inn med ballastjord og ulike transportar. Planten blei først funnen på ein ballastplass i Bergen (Hordaland) i 1871. Han veks på vegkantar, langsmed jernbanar, i hamner, ved møller og på anna skrotemark. Han er naturalisert på havstrand, i alle fall ved Oslofjorden og Skiensfjorden. Utbreiinga som bufast er i nemoral og boreonemoral sone, med meir tilfeldige strøførekomstar nordover til mellomboreal sone. Han er funnen mange stader i låglandet og langsmed kysten, på Austlandet nord til Lillehammer (Oppland), Gol (Buskerud) og Tinn (Telemark), på Vestlandet nord til Gloppen (Sogn og Fjordane). Det er mange funn i Skaun og Trondheim (Sør-Trøndelag), dei første kring mølla i Buvika, dei andre på og kring ballastplassar og kornsiloar. Lenger nord er det berre spreidde funn, men arten er funnen heilt nord til Loppa og Sør-Varanger (Finnmark).

Arten er heimleg frå Aust- og Søraust-Europa austover til Sibir og Himalaya, men er elles kulturspreidd i om lag heile Europa og Nord-Amerika og fleire stader i Sør-Amerika.

Forvekslingar

Dei svært smalflika blada kombinert med dei nokså store, lysgule blomane finn ein ikkje hos mange andre gulbloma krossblomar. Hundesennep Descurainia sophia har òg finflika blad og lysgule blomar, men blada er mykje meir oppdelte (fleire gonger delte) og blomane er mykje mindre. Orientsennep Sisymbrium orientale har smalflika øvre blad, men dei nedre blada er pilforma og mykje meir breiflika enn hos kjempesennep, og han har mykje mindre blomar.

Kjelder

Al-Shehbaz IA (2010). Sisymbrium Linnaeus. I Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 7. Magnoliophyta: Salicaceae to Brassicaceae: 667–671.

Ball PW (1993). Sisymbrium L. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 318-321.

Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/12/2022

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 9/12/2022

Rich TCG (1991). Crucifers of Great Britain and Ireland. BSBI Handbook 6. Botanical Society of the British Isles, London. 338 s.

Stace CA (2019). New Flora of the British Isles. 4. utg. C & M Floristics, Middlewood Green. 1266 s.

Siter nettsida som:

Elven R og Hegre H. Kjempesennep Sisymbrium altissimum L. www.artsdatabanken.no/Pages/345670. Lasta ned <dag.månad.år>.