Ugraskvitsennep
Sinapis alba subsp. alba
Om ein finn kvitsennep i Noreg, er det mest truleg rasen ugraskvitsennep, i og med at den andre rasen berre er påvist éin gong i landet, i 1915. Namnet ugraskvitsennep er kanskje litt uhøveleg; det er nok denne som er mest brukt som krydderplante.
Kjenneteikn
Ugraskvitsennep har blad som er noko uregelrett éin gong fjørdelte med ein endeflik som er større enn sideflikane. Skulpa er 3–4 mm brei og strihåra.
Kromosomtal
Ugraskvitsennep er diploid med grunntal x = 12 og kromosomtal 2n = 24. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.
Økologi og utbreiing
Ugraskvitsennep er funnen i åker og nysådd eng, på ballastplassar og ved møller, og på anna skrotemark. Han er funnen i store delar av landet nord til Alta og Sør-Varanger (Finnmark), men hovudtyngda av funna er i låglandet på Austlandet, på Vestlandet og på Helgeland. I Danmark er han kjent tilbake til det dei kallar ‘Germansk Jernalder’ (mellom 350 og 800 e.Kr., sjå Hartvig 2015). I Noreg har han nok vore dyrka i mellomalderen, men forvilla seg truleg ikkje før på 1700-talet. Vi er ikkje sikre på om han er bufast nokon stad i Noreg i dag.
Ugraskvitsennep kjem nok opphaveleg frå Middelhavsområdet og Vest-Asia, men han er kulturspreidd til alle meir tempererte strøk i Europa, Asia, Afrika, Australia og Nord- og Sør-Amerika.
Forvekslingar
Kjelder
Chater AO (1993). Sinapis L. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 409-410.
Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/12/2022
Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.
Hartvig P (2015). Atlas Flora Danica 1–3. Gyldendal, København.
Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 3/11/2022
Siter nettsida som:
Elven R og Hegre H. Ugraskvitsennep Sinapis alba subsp. alba. www.artsdatabanken.no/Pages/345669. Lasta ned <dag.månad.år>.