Flik-kvitsennep
Sinapis alba subsp. dissecta
Flik-kvitsennep er berre funnen éin gong i Noreg, ved ei mølle i Oslo i 1915. Underarten kjem truleg opphaveleg frå Søraust-Europa og Kaukasus.
Kjenneteikn
Flik-kvitsennep har blad som er noko uregelrett dobbelt fjørdelte med ein endeflik som ikkje er større enn sideflikane. Skulpa er 3,5–6,5 mm brei og berre grissent håra eller snau.
Kromosomtal
Flik-kvitsennep er diploid med grunntal x = 12 og kromosomtal 2n = 24. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.
Økologi og utbreiing
Flik-kvitsennep er berre funnen éin gong i Noreg, ved ei mølle i Oslo i 1915 (belegget ligg i Tromsø-herbariet, men ser ikkje ut til å vere digitalisert). Det er truleg at han kom inn med korn frå Svartehavsområdet. I Danmark er han funnen om lag 10 gonger, men om lag utan funn i nyare tid, og heller ikkje her har han vore bufast (Hartvig 2015). Det er lite truleg at vi får denne planten inn i norsk flora att med det første.
Flik-kvitsennep er truleg berre heimleg i Søraust-Europa og austover mot Kaukasus, men han er kulturspreidd i fleire delar av Europa og i Nordvest-Afrika.
Forvekslingar
Kjelder
Chater AO (1993). Sinapis L. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 409-410.
Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/12/2022
Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.
Hartvig P (2015). Atlas Flora Danica 1–3. Gyldendal, København.
Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 3/11/2022
Siter nettsida som:
Elven R og Hegre H. Flik-kvitsennep Sinapis alba subsp. dissecta (Lag.) Simonk. www.artsdatabanken.no/Pages/345668. Lasta ned <dag.månad.år>.