Flik-kvitsennep er berre funnen éin gong i Noreg, ved ei mølle i Oslo i 1915. Underarten kjem truleg opphaveleg frå Søraust-Europa og Kaukasus.

Kjenneteikn

Flik-kvitsennep har blad som er noko uregelrett dobbelt fjørdelte med ein endeflik som ikkje er større enn sideflikane. Skulpa er 3,5–6,5 mm brei og berre grissent håra eller snau.

Kromosomtal

Flik-kvitsennep er diploid med grunntal x = 12 og kromosomtal 2n = 24. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Flik-kvitsennep er berre funnen éin gong i Noreg, ved ei mølle i Oslo i 1915 (belegget ligg i Tromsø-herbariet, men ser ikkje ut til å vere digitalisert). Det er truleg at han kom inn med korn frå Svartehavsområdet. I Danmark er han funnen om lag 10 gonger, men om lag utan funn i nyare tid, og heller ikkje her har han vore bufast (Hartvig 2015). Det er lite truleg at vi får denne planten inn i norsk flora att med det første.

Flik-kvitsennep er truleg berre heimleg i Søraust-Europa og austover mot Kaukasus, men han er kulturspreidd i fleire delar av Europa og i Nordvest-Afrika.

Forvekslingar

Flik-kvitsennep skil seg frå ugraskvitsennep i kor mykje blada er delte opp og i breidde og hår på skulpa. Flik-kvitsennep har to gonger delte blad og ei tjukk og lite eller ikkje håra skulpe. Ugraskvitsennep har éin gong delte blad med stor endeflik og ei nokså smal og strihåra skulpe.

Kjelder

Chater AO (1993). Sinapis L. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 409-410.

Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/12/2022

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Hartvig P (2015). Atlas Flora Danica 1–3. Gyldendal, København.

Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 3/11/2022

Siter nettsida som:

Elven R og Hegre H. Flik-kvitsennep Sinapis alba subsp. dissecta (Lag.) Simonk. www.artsdatabanken.no/Pages/345668. Lasta ned <dag.månad.år>.