Vegkarse er framand, men det er uvisst om han er komen med tidleg jordbruk, eller om han er ein nykommar dei siste 200 åra. Han er no vanleg i byar, i veg- og åkerkantar og på anna skrotemark i låglandet nord til Trøndelag.

Vegkarse er ein framand art som er vanleg på ymse skrotemark sør i landet og som finst som tilfeldig så langt nord som til Svalbard.

Kjenneteikn

Vegkarse er ei fleirårig, snau urt med oppstigande stenglar opptil 60 cm, men ho er oftast mykje meir lågvaksen. Planten har eit omfattande system av jordstenglar og set stenglar frå desse. Han veks difor ofte i store matter. Blada er fjørdelte, dei nedre med nokså liten endeflik, og ofte er flikane tanna på ny. Blada er skafta og utan bladøyre. Blomestanden er ein klase som ikkje strekkjer seg svært mykje i fruktstadiet. Kronblada er 2,5–5,5 mm, om lag dobbelt så lange som begerblada, og gule. Frukta er ei 9–22 mm lang, grann langskulpe, ikkje meir enn 1,5 mm brei, sprikjande og ofte noko oppbøygd. Ho sit på eit langt skaft, ofte om lag like langt som skulpa. Ofte set ikkje planten mogne skulper og frø, av di han er utkryssande og veks i store klonar. Griffelen er 0,5–1,2 mm.

Vegkarse veks ofte i store matter på grunn av at han har eit omfattande system av jordstenglar. 

Blada er fjørdelte, ofte med flikar som er tanna. Blada er skafta og utan bladøyre. 

Blomestanden er ein klase som ikkje strekkjer seg svært mykje i fruktstadiet.

Frukta er ei grann langskulpe som er sprikjande og ofte noko oppbøygd. Ho sit på eit langt skaft som ofte er om lag like langt som skulpa.

Ein finn ofte plantar utan mogne skulper og frø av di han er utkryssande og veks i store klonar.

Kromosomtal

Vegkarse er tetra-, penta- og heksaploid med grunntal x = 8 og kromosomtala 2n = 32, 40 og 48. Teljingar (av alle dei tre tala) er utførte på norsk materiale. Pentaploide tal er uvanlege og gjev oftast sterile planter, truleg òg hos denne arten. Dei er truleg hybridplantar mellom slike med tetra- og heksaploide tal, men dei kan leve lenge på grunn av effektiv vegetativ vekst.

Økologi og utbreiing

Det er uvisst når vegkarse kom til landet. Det første dokumenterte funnet er frå Etterstad i Oslo i 1834. Elven mfl. (2022) seier at arten kanskje er komen inn med tidleg jordbruk, noko som inneber at han først blei ‘oppdaga’ på tidleg 1800-talet. Hartvig (2015) seier at det første danske funnet er frå 1847, men at arten er omtala i litteraturen i ein publikasjon frå 1793, og Hartvig held det opent om arten er heimleg i Danmark eller innført i nyare tid. Han veks på eit breitt spekter av skrotemark, berre ho ikkje er for våt: i byar, langsmed vegar og jernbanar, og i åker og engkantar, på nokså næringsrik og ofte noko basisk grunn. Utbreiinga strekkjer seg frå nemoral til sørboreal sone, med nokre funn i mellomboreal sone der han truleg ikkje er bufast. Vegkarse er vanleg i låglandet på Austlandet nord til Mjøsområdet og i kyst- og dalstrøk nord til Trondheimsfjorden, her særleg kring Trondheim (Sør-Trøndelag) og i Frosta (Nord-Trøndelag). Elles er han funnen meir spreidd og kanskje ikkje så bufast oppover dalane på Austlandet og nordover til Tromsø (Troms) og med einskilde funn i Nordreisa (Troms) og Kautokeino (Finnmark). Dei to sistnemnde funna er ikkje synleg i Artskart. Han er funnen opp til 680 moh. i Sør-Aurdal i Valdres (Oppland). På Svalbard er han funnen som tilfeldig i Barentsburg på Spitsbergen i 1988.

Arten er heimleg i Mellom- og Sør-Europa og aust til Ural. Han er kulturspreidd og nokså utbreidd i Nord-Amerika og funnen fleire andre stader i verda.

Vegkarse veks på mange ulike typar skrotemark, berre ho ikkje er for våt. Her i ein vegkant i Ullevålsveien i Oslo.

Kommentarar

Vegkarse set ofte ikkje mogne skulper og frø. Arten er utkryssande og klonal, og manglande frøsetjing kan hengje saman med at det kan vere problem med pollingeringa innanfor store klonar. Manglande frøsetjing kan òg skuldast krysningar mellom dei to kromosomtalsnivåa, med sterile resultat.

Hybridar med brunnkarse Rorippa palustris (subsp. palustris) er funne i Moss og Hobøl (Østfold), Oslo, Hamar og Ringsaker (Hedmark), Lillehammer (Oppland), Seljord (Telemark) og Søgne (Vest-Agder). Nokre av desse funna treng konfirmering, men hybriden kan vere oversett. Jonsell (1968) godtek slik hybridisering.

Forvekslingar

Vegkarse kan bli forveksla med brunnkarse, men mellom anna frukta er ganske ulik. Skulpa hos vegkarse er grann og ofte noko bøygd; hos brunnkarse er ho tjukk og pølseforma, og lite eller ikkje bøygd.

Kjelder

Al-Shehbaz IA (2010). Rorippa Scopoli. I Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 7. Magnoliophyta: Salicaceae to Brassicaceae: 493–506.

Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/12/2022

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Hartvig P (2015). Atlas Flora Danica 1–3. Gyldendal, København.

Jonsell B (1968). Studies in the north-west European species of Rorippa s. str. Symbolae Botanicae Upsaliensis 19,2: 1–222.

Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 9/12/2022

Rich TCG (1991). Crucifers of Great Britain and Ireland. BSBI Handbook 6. Botanical Society of the British Isles, London. 338 s.

Stace CA (2019). New Flora of the British Isles. 4. utg. C & M Floristics, Middlewood Green. 1266 s.

Valentine DH og Jonsell B (1993). Rorippa Scop. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 344–345.

Siter nettsida som:

Elven R og Hegre H. Vegkarse Rorippa sylvestris (L.) Besser. www.artsdatabanken.no/Pages/345666. Lasta ned <dag.månad.år>.