Amerikabrunnkarse er framand og funnen berre éin gong i Noreg, då komen inn med korn for om lag 100 år sidan.

Kjenneteikn

Stengel og bladunderside er oftast strihåra. Skulpa er tydeleg mindre enn tre gonger så lang som brei, stundom om lag rund. Sjå elles omtalen av arten.

Kromosomtal

Amerikabrunnkarse er tetraploid med grunntal x = 8 og kromosomtal 2n = 32. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Amerikabrunnkarse er framand og funnen éin gong i Noreg, ved ei mølle i Skaftå i Bruvik i Osterøy (Hordaland), i 1927. Her hadde han opplagt kome inn med amerikansk korn. Han er vidt utbreidd i Nord-Amerika og i Nordaust-Asia.

Forvekslingar

Amerikabrunnkarse skil seg frå sumpbrunnkarse subsp. palustris i hårklednad og i skulpeform. Amerikabrunnkarse er strihåra på stengel og bladunderside, medan sumpbrunnkarse er om lag snau. Han har dessutan ei skulpe som er tydeleg mindre enn tre gonger så lang som brei, stundom rund, medan sumpbrunnkarse har ei skulpe som er om lag tre gonger så lang som brei.

Kjelder

Al-Shehbaz IA (2010). Rorippa Scopoli. I Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 7. Magnoliophyta: Salicaceae to Brassicaceae: 493–506.

Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/12/2022

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Jonsell B (1968). Studies in the north-west European species of Rorippa s. str. Symbolae Botanicae Upsaliensis 19,2: 1–222.

Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 9/12/2022

Siter nettsida som:

Elven R og Hegre H. Amerikabrunnkarse Rorippa palustris subsp. hispida (Desv.) Jonsell. www.artsdatabanken.no/Pages/345664. Lasta ned <dag.månad.år>.