Åkersennep er eit av dei vanlegaste av dei gule krossblom-ugrasa i norske åkrar, og arten har truleg vore her lenge. I Danmark er han dokumentert tilbake til slutten av det dei kallar ‘Bondestenalderen’, for nesten 4000 år sidan, det vil seie yngre steinalder i Noreg. Han er framand og kom inn med tidleg jordbruk.

Åkersennep er eit vanleg ugras i norske åkrar og kom inn med tidleg jordbruk.

Kjenneteikn

Åkersennep er eittårig og grissent strihåra. Stenglane er oftast opprette og opptil 60 cm høge. Blada er òg håra; dei nedre stengelblada er buktflika, dei øvre stengelblada er grovtanna. Blomane sit i ein nokså kort klase som strekkjer seg mykje i fruktstadiet. Dei har blomeskaft som er kortare enn begerblada. Begerblada sprikjer, er utan sekkforma grunn, og dei fell ofte tidleg av. Kronblada er gule, 10–16 mm lange. Skulpa er ei 2,5–4,5 cm lang, nokså langskafta langskulpe som sit på skaft som sprikjer ut frå stengelen. Veggdelen har veggar med tre eller fleire tydelege nervar og éi rekkje store, brunsvarte frø i kvart skulperom (4–20 frø i kvar skulpe). Griffeldelen er eit markert og kantete nebb utan frø. Griffeldelen er jamlang med eller kortare enn veggdelen. Skulpa kan vere snau eller strihåra (sjå varietetane).

Åkersennep er ein strihåra plante. Dei nedre stengelblada er buktflika, medan dei øvre stengelblada og støtteblada i blomestanden er grovtanna. 

Blomane sit i ein nokså kort klase som strekkjer seg mykje i fruktstadiet. Dei er utan støtteblad og har blomeskaft som er kortare enn begerblada. 

Begerblada sprikjer og har ikkje sekkforma grunn. Dei fell ofte tidleg av. Kronblada er gule og nokså store. 

Skulpa (håra eller snau som her; sjå varietetane) er ei langskulpe som sit på skaft som sprikjer ut frå stengelen. Veggdelen har veggar med 3 eller fleire tydelege nervar. Griffeldelen er eit markert og kantete nebb utan frø. 

Kromosomtal

Åkersennep er diploid med grunntal x = 9 og kromosomtal 2n = 18. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Åkersennep er framand, men kom truleg inn med korn med tidleg jordbruk allereie seint i steinalderen (‘bondesteinalderen’, sjå Hartvig 2015 for Danmark) eller tidleg i bronsealderen. Han veks i åkrar og åkerkantar, på vegkantar, anna tørr skrotemark, og stundom på havstrender der det er tangrestar. Han veks næringsrikt og ofte på noko basisk grunn. Utbreiinga som bufast er frå nemoral til sørboreal sone, med meir tilfeldige førekomstar i mellom- og nordboreal sone. Han er funnen i om lag heile landet, og han er eit bufast ugras i låglandet i alle fall nord til Trøndelag, kanskje til Helgeland. I fjelldalane og lengre nord er han meir tilfeldig, med funn opp til 900 moh. i Folldal (Hedmark), og han er funnen heilt nord til Nordkapp (Finnmark) og nokre få gonger i Longyearbyen og Barentsburg på Spitsbergen. For nokre få tiår sidan såg det ut til at det blei mindre av han i åkrane, men no er han på frammarsj og har vorte nokså vanleg i låglandet igjen.

Arten kjem kanskje opphaveleg frå Middelhavsområdet og/eller Vest-Asia, men han er eit gammalt ugras i om lag heile Europa, Nord-Afrika og i Asia heilt aust til Stillehavet. I seinare tid er han komen inn og er vidt spreidd i Nord-Amerika, i meir tempererte delar av Sør-Amerika, og i sørlege Afrika og Australia, men sjå kommentarar og Jacobson mfl. (1988).

Åkersennep veks på skrotemark av ymse slag, som her på ein vegkant i Levanger i Nord-Trøndelag. Han kan stundom òg vekse på havstrender med tangrestar. 

Kommentarar

Ein har rekna med at åkersennep, som talrike andre europeiske åkerugras, kom til Nord-Amerika med europearane for 4–500 år sidan. Dette er kanskje ikkje riktig for åkersennep. Jacobson mfl. (1988) har funne indikasjonar på at arten (hos dei under namnet Brassica kaber (DC.) Wheeler) var til stades i nordaustlege USA for 8000 år sidan og kan ha vore sirkumpolart utbreidd.

Arten har to rasar (varietetar) som berre skil seg i hårklednad i øvre deler av planta: snau åkersennep var. arvense er snau på skulpe, blomeskaft og på midtaksen i blomestanden, medan orientåkersennep var. orientale er tett og nokså strihåra her.

Forvekslingar

Åkersennep skil seg frå kvitsennep Sinapis alba i at den sistnemnde har skulpe der griffeldelen er lengre enn veggdelen og er samantrykt, og at han oftast har færre frø (4–8 mot 4–20). Elles liknar han på mange andre gulbloma ugrasartar av krossblomar, til dømes åkerreddik Raphanus raphanistrum subsp. raphanistrum, åkerkål Brassica rapa subsp. campestris og åkergull Erysimum cheiranthoides. Ein karakter som han er nokså åleine om, er dei tynne, sprikjande begerblada som er utan sekkforma grunn og som fell av tidleg. Åkerreddik skil seg frå åkersennep og kvitsennep i at han har leddskulpe og i større, bleikare kronblad med mørke årer. Åkerkål skil seg frå åkersennep og kvitsennep i at blada er stengelomfattande ved grunnen og i at heile planten er snau eller om lag snau og blågrøn. Åkergull skil seg frå åkersennep og kvitsennep i smale, heile blad og med tiltrykte gaffelhår (malpighiske hår), med to eller tre greiner, på stenglar og blad. Frå den andre arten i slekta Rhamphospermum, svartsennep Rhamphospermum nigrum, skil åkersennep seg lett i dei ikkje fullt så kortskafta, noko sprikjande skulpene.

Kjelder

Al-Shehbaz IA (2021). Nomenclatural adjustments in Eutrema, Ceratocnemum, Rhamphospermum, and Sinapis (Brassicaceae, Cruciferae). Harvard Pap. Bot. 26,1: 1–4.

Chater AO (1993). Sinapis L. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 409–410.

Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/12/2022

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Hartvig P (2015). Atlas Flora Danica 1–3. Gyldendal, København.

Jacobson HA, Petersen JB og Putnam DE (1988). Evidence of pre-Columbian Brassica in the northeastern U.S. Rhodora 90: 355–362.

Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 3/11/2022

Rich TCG (1991). Crucifers of Great Britain and Ireland. BSBI Handbook 6. Botanical Society of the British Isles, London. 338 s.

Stace CA (2019). New Flora of the British Isles. 4. utg. C & M Floristics, Middlewood Green. 1266 s.

Warwick SI (2010). Sinapis Linnaeus. I Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 7. Magnoliophyta: Salicaceae to Brassicaceae: 441–443.

Siter nettsida som:

Elven R og Hegre H. Åkersennep Rhamphospermum arvense (L.) Andrz. ex Besser. www.artsdatabanken.no/Pages/345655. Lasta ned <dag.månad.år>.