Lodnevindbukk
Rapistrum rugosum
Lodnevindbukk er framand og kom inn med korn ved møller og med ballastjord. Arten er funnen mange stader i kyststrøk i Sør- og Midt-Noreg, men er no truleg borte frå norsk natur, med det siste funnet i 2008.
Kjenneteikn
Lodnevindbukk er eittårig, med grann rot. Stengelen kan bli opptil 1 m høg og er kvithåra nedst, med sprikjande greiner. Både grunnblada og stengelblada er bukttanna. Kronblada er gule og 7–9 mm lange. Arten har, som slekta, ei karakteristisk skulpe som i prinsippet er ei leddskulpe med to ledd, men dersom berre det øvre leddet utviklar frø blir ho ei nøttskulpe. Skulpa er snau eller strihåra, og det nedste leddet (veggdelen) er sylindrisk og oftast med berre eitt frø, medan det øvre leddet (griffeldelen) er breitt eggforma eller om lag kulerundt med tydelege ribber og groper. Det øvre leddet inneheld eitt frø og smalnar brått til eit grant, 1–3 mm langt nebb.
Kromosomtal
Arten er diploid med grunntal x = 8 og kromosomtal 2n = 16. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.
Økologi og utbreiing
Lodnevindbukk er framand og kom til landet med korn, truleg frå Middelhavs- og Svartehavsområda, og med ballastjord. Han blei først funnen på ballastplassane på Øra i 1904 og 1905 og i Gressvik i 1910, begge i Fredrikstad (Østfold). Det neste funnet var ved Hegrenes mølle i Bergen (Hordaland) i 1930. Sidan er arten funnen fleire stader i kyststrøk frå Østfold og Oslo til Hordaland og i Skaun og Trondheim (Sør-Trøndelag), om lag berre ved møller. Etter år 2000 er det berre eitt funn, i Ås (Akershus) i 2008, og arten er no truleg borte frå Noreg. Han hadde truleg frøreproduksjon i kortare periodar nokre få stader, men var nok ikkje fullt ut bufast nokon stad.
Globalt er lodnevindbukk den vidast utbreidde av dei to Rapistrum-artane, med ei utbreiing som heimleg kring Middelhavet og austover til Iran og Mellom-Asia og sørover til Etiopia. Han er òg funnen som framand svært mange stader, i Nord- og Sør-Amerika, sørlege Afrika, Australia, Aust-Asia, og altså i Mellom- og Nord-Europa.
Kommentarar
Tidlegare rekna ein med fleire underartar i lodnevindbukk, to av desse påviste i norsk materiale: subsp. rugosum, der skulpa er strihåra, der det nedre leddet er om lag jamlangt med det øvre, og der nebbet på skulpa er lengre enn det øvre leddet; og subsp. orientale (L.) Arcang., der skulpa er snau, der det nedre leddet er mykje kortare enn det øvre, og der nebbet på skulpa er kortare enn det øvre leddet. Desse underartane flyt saman og blir ikkje lenger aksepterte.
Forvekslingar
Kombinasjonen av gule blomar og ei leddskulpe med to korte ledd er unik for vindbukkslekta i norsk flora. Lodnevindbukk skil seg frå den andre arten, russevindbukk Rapistrum perenne, i at han er eittårig med grann rot, og i at det øvre skulpeleddet smalnar brått til eit langt, grant nebb. Russevindbukk er to- til fleirårig, med kraftig rot, og det øvre skulpeleddet smalnar gradvis til eit kort, tjukt (konisk) nebb.
Kjelder
Carvalho e Vasconcellos J og Akeroyd JR (1993). Rapistrum Crantz. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 414–415.
Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/12/2022
Elven R, Bjorå CS, Fremstad H, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo.
Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 3/11/2022
Rich TCG (1991). Crucifers of Great Britain and Ireland. BSBI Handbook 6. Botanical Society of the British Isles, London. 338 s.
Stace CA (2019). New Flora of the British Isles. 4. utg. C & M Floristics, Middlewood Green. 1266 s.
Warwick SI (2010). Rapistrum Crantz. I Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 7. Magnoliophyta: Salicaceae to Brassicaceae: 440–441.
Siter nettsida som:
Elven R og Hegre H. Lodnevindbukk Rapistrum rugosum (L.) All. www.artsdatabanken.no/Pages/345653. Lasta ned <dag.månad.år>.