Russevindbukk
Rapistrum perenne
Russevindbukk er framand og berre funnen fire stader i Noreg, komen inn med ballastjord og med korn ved møller. Han har aldri vore bufast so vidt vi veit. Det siste funnet er frå 1925. Planten er dermed ikkje funnen i Noreg på om lag 100 år.
Kjenneteikn
Russevindbukk er ei to- til fleirårig urt med lang rot. Stengelen er opptil 80 cm høg og er kvithåra nedst, med sprikjande greiner. Grunnblada er flika eller fjørdelte med liten endeflik, medan stengelblada er små og oftast berre tanna. Kronblada er gule og 5–7 mm lange. Arten har, som slekta, ei karakteristisk skulpe som i prinsippet er ei leddskulpe med to ledd, men dersom berre det øvre leddet utviklar frø blir ho ei nøttskulpe. Skulpa er snau, og det nedste leddet (veggdelen) er sylindrisk og oftast med berre eitt frø, medan det øvre leddet (griffeldelen) er eggforma med lengderibber. Det øvre leddet inneheld eitt frø og smalnar jamt til eit konisk og tjukt nebb, 0,5–1 mm langt.
Kromosomtal
Arten er diploid med grunntal x = 9 og kromosomtal 2n = 18. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.
Økologi og utbreiing
Russevindbukk er framand og berre sikkert påvist fire stader (seks gonger) i Noreg: i Skien (Telemark) ved mølla på Bølevegen 1916 og 1917; i Kristiansand (Vest-Agder) ved mølla på Grim 1893 og 1912; i Bergen (Hordaland) ved mølla på Kronstad 1925; og i Trondheim (Sør-Trøndelag) i Kropdalen, ein kjent ballastplass, i 1900. Arten synest hovudsakleg å vere komen inn med korn, truleg frå Svartehavsområdet.
Den heimlege utbreiinga strekkjer seg frå Mellom-Europa gjennom Ukraina og Sør-Russland til Kaukasus og Det kaspiske hav.
Kommentarar
Russevindbukk kom inn i landet med ballastjord og med korn. Det er slutt på ballastjord, og kornet blir no mykje betre reinsa. Arten var aldri bufast og er for lengst borte frå norsk natur.
Forvekslingar
Kombinasjonen av gule blomar og ei leddskulpe med to korte ledd er unik for slekta Rapistrum i norsk flora. Russevindbukk skil seg frå den andre arten, lodnevindbukk Rapistrum rugosum, i at han er to- til fleirårig, med kraftig rot, og i at det øvre skulpeleddet smalnar gradvis til eit kort, tjukt (konisk) nebb. Lodnevindbukk er eittårig, med grann rot, og det øvre skulpeleddet smalnar brått til eit lengre, grant nebb.
Kjelder
Carvalho e Vasconcellos J og Akeroyd JR (1993). Rapistrum Crantz. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 414–415.
Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/12/2022
Elven R, Bjorå CS, Fremstad H, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo.
Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 3/11/2022
Rich TCG (1991). Crucifers of Great Britain and Ireland. BSBI Handbook 6. Botanical Society of the British Isles, London. 338 s.
Stace CA (2019). New Flora of the British Isles. 4. utg. C & M Floristics, Middlewood Green. 1266 s.
Siter nettsida som:
Elven R og Hegre H. Russevindbukk Rapistrum perenne (L.) All. www.artsdatabanken.no/Pages/345652. Lasta ned <dag.månad.år>.