Brun engelskkarse
Nasturtium microphyllum
Brun engelskkarse har fått namnet av di han blir brun og visnar om vinteren. Brun engelskkarse er difor ikkje særleg mykje nytta som salatplante. Det er uvisst om han er framand eller om han er ein heimleg nykommar i norsk flora, mest truleg det siste.
Kjenneteikn
Brun engelskkarse er ei fleirårig, snau eller om lag snau og saftfull urt med tjukke, nedliggjande til oppstigande, innhole stenglar opptil 50–60 cm. Stenglane rotslår ved dei nedre bladfesta. Alle blada er tjukke og nokså saftfulle, og dei er finna med stort, avrunda endesmåblad og 2–9 par avrunda til breitt elliptiske sidesmåblad. Blomestanden er ein klase som strekkjer seg lite i fruktstadiet. Kronblada er kvite (sjeldan bleikt purpur), 4,5–6 mm lange og opptil to gonger så lange som begerblada. Frukta er ei nokså kort (16–23 mm) og grann langskulpe, og ho er ti gonger så lang som brei eller meir. Ho sit på eit sprikjande til noko nedbøygd skaft som er tydeleg kortare enn skulpa. Griffelen er kort, men tydeleg (0,5–1,8 mm). Skulpeveggane har ein lite markert midtnerve. Frøa sit oftast i berre éi rekkje i kvart skulperom. Frøa har nokre grunne, mangekanta søkk i frøoverflata. Hos brun engelskkarse er det om lag 100 slike søkk på kvar frøside (sterk lupe!). Dette er den sikraste diagnostiske karakteren.
Kromosomtal
Brun engelskkarse er oktoploid med grunntal x = 8 og 2n = 64. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.
Økologi og utbreiing
Brun engelskkarse er no med tryggleik funnen i Rogaland: frå og med 2007 i Stavanger på Tasta, i Eskelandsskogen og ved Litla og Stora Stokkavatnet, og frå og med 2020 i Klepp på Øksnevad på fleire stader. Dette byggjer på nokre få observasjonar med gode fotos i Artskart (nedlasta 29/12/2022), på nokre plantar sende inn til herbariet i Oslo og på Elvens eigne observasjonar i Klepp i 2023. I Stavanger og Klepp veks arten på forstyrra stader i nokså tettbygde område, men alltid på næringsrike stader som i vasskantar, sump og reinseanlegg. Arten er i opplagt auke. Dei prova førekomstane ligg i boreonemoral sone. Sjå Elven og Hegre (2023). Oppdaginga av variasjonen i det norske materialet av engelskkarseslekta Nasturtium blei gjort så seint at dette ikkje kom med hos Elven mfl. (2022).
Brun engelskkarse er den av dei to engelskkarsane som er mest utbreidd i Danmark, om lag tre gonger så hyppig som engelskkarse. Han er lokalt vanleg på Sjælland og Fyn og utbreidd òg i Jylland (Hartvig 2015). På Dei britiske øyane er han om lag like hyppig som engelskkarse, men medan engelskkarse er den mest hyppige i sør, er brun engelskkarse den mest hyppige i nord. Førekomstane på Sør-Vestlandet har difor god samanheng med utbreiinga elles kring Nordsjøen. Arten er mest truleg komen til Noreg med fugl i nokså ny tid. Han er i så fall å rekna som heimleg, og han er allereie bufast.
Brun engelskkarse er elles utbreidd i Vest-, Mellom- og Sør-Europa, truleg òg i Nordvest-Afrika og delar av Vest-Asia, men utbreiinga er uklår på grunn av han har vore mykje blanda saman med engelskkarse, til dømes i kartleggjinga hos Hultén og Fries (1986).
Kommentarar
Tidlegare har vi rekna alle dei norske plantane til arten engelskkarse, men ei undersøking av tilgjengeleg materiale i 2023 har synt at det ikkje er slik (Elven og Hegre 2023). Frø-karakteren som er omtala under ‘Kjenneteikn’ ovanfor og ‘Forvekslingar’ nedanfor, er heilt trygg. Rogalands-plantane har microphyllum-frø, medan til dømes Lier-plantane og dei gamle ballastplantane frå Kristiansund har officinale-frø. Det er òg skilnadar i blomar og skulper som gjer at nokre rapportar med fotos i Artskart med rimeleg tryggleik kan bli namnfesta til art.
Rich (1991) skriv at brun engelskkarse nok er ein allotetraploid art der engelskkarse er ein av foreldra, men at den andre forelderen ikkje er kjend. Han byggjer her på Howard og Manton (1946).
Forvekslingar
For å kunne skilje heilt sikkert mellom dei to engelskkarsane, må ein ha materiale i frukt. Skulpa hos engelskkarse er nokså tjukk og opptil 9,5 gonger så lang som brei, medan ho er grann og 10 gonger så lang som brei eller meir hos brun engelskkarse. Frøa hos engelskkarse har om lag 25 groper på kvar side, medan dei hos brun engelskkarse har om lag 100 og mykje mindre groper. Frøa sit i to rekkjer i kvart skulperom hos engelskkarse, medan dei oftast sit i berre éi rekkje hos brun engelskkarse. Brun engelskkarse har elles større blomar enn engelskkarse; kronblada er 4,5–6 mm hos brun engelskkarse, oftast 2,8–4,5 mm hos engelskkarse. Skilnaden er så pass tydeleg at ein stundom kan identifisere artane frå bilete òg når dei berre blømer.
Brun engelskkarse skil seg frå brunnkarse-artane i Rorippa i at kronblada er kvite og i at alle blada er tydeleg finna (samansette) og ikkje berre djupt fjørdelte. Frå artar i engkarseslekta Cardamine skil han seg mellom anna i at stenglane er innhole og saftige, og i at frukta er kortare og tjukkare enn det vi finn i engkarseslekta.
Kjelder
Al-Shehbaz IA (2010). Nasturtium W. T. Aiton. I Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 7. Magnoliophyta: Salicaceae to Brassicaceae: 489–492.
Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/12/2022
Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.
Elven R og Hegre H (2023). To arter av engelskkarse Nasturtium i Norge. Blyttia 81: 199–203.
Hartvig P (2015). Atlas Flora Danica 1–3. Gyldendal, København.
Howard HW og Manton I (1946). Autopolyploid and allopolyploid watercress with the description of a new species. Annals of Botany, new series 10: 1–13.
Hultén E og Fries M (1986). Atlas of North European Vascular Plants North of the Tropic of Cancer. I. Koeltz Scientific Books, Königstein. 498 s.
Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 9/12/2022
Rich TCG (1991). Crucifers of Great Britain and Ireland. BSBI Handbook 6. Botanical Society of the British Isles, London. 338 s.
Stace CA (2019). New Flora of the British Isles. 4. utg. C & M Floristics, Middlewood Green. 1266 s.
Valentine DH (1993). Nasturtium R. Br. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 345–346.
Siter nettsida som:
Elven R og Hegre H. Brun engelskkarse Nasturtium microphyllum (Boenn.) Rchb. www.artsdatabanken.no/Pages/345643. Lasta ned <dag.månad.år>.