Småpengeurt
Microthlaspi perfoliatum
Småpengeurt er framand og berre funnen éin gong på éin stad i Noreg, på ein innførselsplass for utenlandsk tømmer i Hurum i 2002.
Kjenneteikn
Småpengeurt er eittårig, blågrøn, snau og utan kvitlauk-lukt når han blir knust eller eten (sjå under ‘Forvekslingar’ nedanfor). Stengelen er opprett og blir opptil 25 cm. Grunnblada visnar tidleg. Stengelblada er sitjande med grunn som omfattar stengelen (det latinske ordet ‘perfoliatum’ betyr nettopp dette). Blomestanden er ein klase som strekkjer seg mykje i fruktstadiet. Kronblada er kvite og 1,5–3,5 mm lange. Frukta er ei hjarteforma skulpe med ein smal vengjekant og med eit djupt innhakk i toppen der den ørvesle griffelen sit. Ho har skiljevegg på tvers, og det sit 3–5 frø i kvart skulperom.
Kromosomtal
Småpengeurt er di-, tetra- og heksaploid med grunntal x = 7 og kromosomtala 2n = 14, 28 og 42. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.
Økologi og utbreiing
Småpengeurt er framand. Arten er berre funnen éin gong i Noreg, på flisfyllingar ved Södra Cells papirfabrikk i Tofte i Hurum (Buskerud) i 2002, der han sikkert var komen med importert tømmer. Elles er han utbreidd i Mellom- og Sør-Europa, Nord-Afrika og Vest- og Sentral-Asia. Han er nok innført i heile Norden, men nokre forfattarar har rekna han som heimleg i søraustlege Sverige.
Kommentarar
Al-Shehbaz (2010) aksepterte slekta Microthlaspi, medan han nokre år seinare (Al-Shehbaz 2014) inkluderte slekta i Noccaea. Det kan vere gode grunnar til å gjere dette, men vi følgjer førebels Meyer (1973).
Forvekslingar
Småpengeurt kan likne litt på pengeurt Thlaspi arvense. Småpengeurt har ei hjarteforma skulpe med hinnekant som blir mykje breiare øvst og med eit breitt V-forma innhakk i toppen. Pengeurt har ei bortimot sirkelrund skulpe med brei hinnekant heile vegen og med eit smalt, djupt innhakk i toppen. Småpengeurt luktar og smakar ikkje av kvitlauk når han blir eten eller knust, noko pengeurt gjer.
Kjelder
Al-Shehbaz IA (2010). Microthlaspi F.K.Meyer. I Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 7. Magnoliophyta: Salicaceae to Brassicaceae: 599–600.
Al-Shehbaz (2014). A synopsis of the genus Noccaea (Coluteocarpeae, Brassicaceae). Harvard Papers in Botany 19: 25–51.
Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/12/2022
Clapham AR og Akeroyd JR (1993). Thlaspi L. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 384–388.
Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.
Esmailbegi S, Al-Shehbaz AI, Pouch M, Mandáková T, Mummenhoff K, Rahininejad MR, Mirtadzadini M og Lysak MA (2018). Phylogeny and systematics of the tribe Thlaspideae (Brassicaceae) and the recognition of two new genera. Taxon 67: 324–340.
Meyer FK (1973). Conspectus der “Thlaspi”-Arten Europas, Afrikas und Vorderasiens. Feddes Repertorium 84: 449–470.
Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 30/11/2022
Rich TCG (1991). Crucifers of Great Britain and Ireland. BSBI Handbook 6. Botanical Society of the British Isles, London. 338 s.
Stace CA (2019). New Flora of the British Isles. 4. utg. C & M Floristics, Middlewood Green. 1266 s.
Siter nettsida som:
Elven R og Hegre H. Småpengeurt Microthlaspi perfoliatum (L.) F.K.Mey. www.artsdatabanken.no/Pages/345641. Lasta ned <dag.månad.år>.