Silkedodre er ein framand art som er ein vanleg prydplante i norske hagar. Han set frø og forvillar seg no og då, men er truleg ikkje bufast.

Kjenneteikn

Silkedodre er ei eitt- til fleirårig urt med nedliggjande eller oppstigande stenglar opptil 20 cm. Stenglane er ofte greina frå grunnen. Heile planten opp til og med fruktene er gråhåra av tiltrykte gaffelhår (malpighiske hår). Desse håra er festa på midten, og utan ei god lupe ser dei ut som tiltrykte ugreina hår. Blada er linjeforma til smalt lansettforma og spisse. Blomestanden er ein klase som strekkjer seg nokså mykje i fruktstadiet. Fruktskafta er sprikjande. Begerblada sprikjer og er ikkje sekkforma ved grunnen. Kronblada er 2,5–4 mm lange og kvite (sjeldan bleikt rosa), med rund plate. Frukta er ei omvendt eggforma til om lag rund og nokså trinn kortskulpe, om lag 3 mm lang, og med skiljeveggen på langs. Skulpeveggane har ein nokså tydeleg midtnerve. Det er eitt frø i kvart skulperom.

Kromosomtal

Silkedodre er diploid med grunntal x = 12 (11?) og kromosomtal 2n = 24 (22?). Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Silkedodre er framand og innført som prydplante. Arten er mykje dyrka og forvillar seg stundom på berg og grunnlende og på skrotemark nær hagar. Han er funnen med frøformeiring i naturen i Noreg, men han er enno ikkje kjent med ein reproduserande bestand. Han blei først funnen i naturen i “Søm” i Grimstad (Aust-Agder) i andre halvdel av 1800-talet (kanskje 1882), og neste gong i Molde (Møre og Romsdal) i 1913. Fram til i dag er han funnen spreidde stader i låglandet og langsmed kysten nord til Trondheim (Sør-Trøndelag). Arten er truleg i ferd med å etablere seg i nemoral og boreonemoral sone.

Den heimlege utbreiinga er i Middelhavsområdet frå Marokko og Portugal aust til Egypt, Kreta og Albania. Elles er han mykje dyrka som prydplante og kulturspreidd i store delar av Europa, mange stader i Nord- og Sør-Amerika, Sør-Afrika, Australia og New Zealand, og spreidde stader i Asia frå Tyrkia aust til Kina.

Forvekslingar

Silkedodre kan likne på andre dodrer, men dei malpighiske gaffelhåra skil han ut frå alle desse. Desse håra er togreina og utan skaft, noko som vil seie at dei er festa på midten (‘medifixed’) til stengel og blad med hårgreinene tiltrykte overflata og sprikjande frå kvarandre.

Kjelder

Ball PW (1993). Lobularia Desv. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 371.

Borgen L (1987). Lobularia (Cruciferae). A biosystematic study with special reference to the Macaronesian region. Opera Botanica 91: 1–96.

Borgen L (2010). Lobularia Desvaux. I Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 7. Magnoliophyta: Salicaceae to Brassicaceae: 597–598.

Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/12/2022

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 13/12/2022

Rich TCG (1991). Crucifers of Great Britain and Ireland. BSBI Handbook 6. Botanical Society of the British Isles, London. 338 s.

Stace CA (2019). New Flora of the British Isles. 4. utg. C & M Floristics, Middlewood Green. 1266 s.

Siter nettsida som:

Elven R og Hegre H. Silkedodre Lobularia maritima (L.) Desv. www.artsdatabanken.no/Pages/345636. Lasta ned <dag.månad.år>.