Vi har endå til gode å høyre om nokon som har denne framande planten som sin favorittblome. I tillegg til at stankkarse har ei uryddig vekstform og blomar som om lag ikkje er synlege, så luktar han vondt. Han er blitt eit av dei mest utbreidde byugrasa i Sør-Noreg på nokså få tiår.

Stankkarse har vorte eitt av dei mest utbreidde byugrasa i Sør-Noreg dei siste tiåra.

Kjenneteikn

Stankkarse er eitt- eller toårig og med opprette og oftast rikt greina stenglar opptil 30 cm. Dei nedre stengelblada er opptil to gonger fjørdelte, men visnar tidleg. Dei øvre stengelblada er linjeforma og heile. Blomestanden er ein klase som ikkje strekkjer seg svært mykje i fruktstadiet (skilnad mot tettkarse-gruppa). Blomane er svært små, med kronblad som er ørsmå eller manglar. Blomen har to pollenberarar. Frukta er ei breitt elliptisk eller breitt eggforma kortskulpe som er (1,5–)1,8–2,5(–2,7) mm lang. Ho er smalt vengjekanta og med grunt innhakk med svært kort griffel som ikkje stikk framom innhakket. Heile planten har ei vond lukt.

Stankkarse har oftast rikt greina stenglar. Blomestanden er ein klase som ikkje strekkjer seg svært mykje i fruktstadiet.

Dei nedre blada er to gonger fjørdelte, og dei øvre blada er linjeforma og heile.

Frukta er ei breitt avlang til breitt elliptisk kortskulpe som er smalt vengjekanta. Ho har eit grunt innhakk med ein svært kort griffel som ikkje stikk framom innhakket. 

Kromosomtal

Stankkarse er di- og tetraploid med grunntal x = 8 og kromosomtala 2n = 16 og 32. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Stankkarse veks på alle typar skrotemark, typisk som byugras som her i Drammen i Buskerud.

I Noreg er dei tidlegaste funna av stankkarse frå 1820-talet frå ballastplassar (“Ladegaardsøen” og “Pipervigen” i Oslo). Han er den vidast utbreidde av alle Lepidium-artar i Noreg, bufast frå nemoral til sørboreal sone og med strøfunn i mellom- og nordboreal sone og opp i lågalpint belte. Han er funnen talrike stader nord til Steinkjer (Nord-Trøndelag), her på ei tyskertomt i 1945, med einskilde funn i Fauske (Nordland) i 1947 som ein krigsspreidd art i ein tyskarleir og i Nordreisa (Troms) i 1969 som ugras i eit gartneri. Arten er i nokså rask auke i Noreg. Han er blitt eit av dei mest vanlege byugrasa på Austlandet og langsmed kysten frå Østfold til Telemark. Han veks på alle typar skrotemark, berre ho ikkje er for våt, og han er òg funnen på strandkantar. Han er funnen heilt opp til 1220 moh. på Finse i Ulvik (Hordaland).

Plants of the World Online (POWO) seier at stankkarse er heimleg i heile Europa og i Nord- og Sentral-Asia sør til Iran og Nord-Kina. Vi trur ikkje at det stemmer. Hartvig (2015) skriv at arten opphaveleg kjem frå Sentral-Asia, og at han er komen til Europa gjennom hamnar og seinare spreidd langsmed vegar og jernbanar. I Danmark synest han ha dukka opp aller først på 1800-talet (rapportert i 1801).

Kommentarar

På 1960-talet, då ein av forfattarane gjekk på gymnas på Eidsvoll, var han på skoletur til Hamar. Då såg han for første gong stankkarse, og han plukka med den i samleposen. Då han opna posen seint på kvelden, stank han så mykje at han kasta det heile. Det er ikkje mykje godt å seie om denne sentralasiaten.

Forvekslingar

Stankkarse kan likne på artane av tettkarse-gruppa (Lepidium densiflorum med fleire), men stankkarse har ei frukt som er breitt elliptisk i omkrins eller litt breiare nedanfor midten, og som sit på eit skaft som er tydeleg lengre enn skulpa, medan artane av tettkarse-gruppa anten har sirkelrunde frukter eller ei frukt som er litt breiare ovanfor midten, og som sit på eit skaft som er om lag jamlangt med skulpa. Stankkarse har òg ein mykje meir uryddig og uregelrett greina fruktstand enn tettkarse og artane som er nærskylde med tettkarse, og strekkjer seg òg mykje mindre enn desse i fruktstadiet.

Kjelder

Al-Shehbaz IA og Gaskin JF (2010). Lepidium Linnaeus. I Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 7. Magnoliophyta: Salicaceae to Brassicaceae: 570–595.

Carvalho e Vasconcellos J de, Akeroyd JR og Rich TCG (1993). Lepidium L. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 398–402.

Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/12/2022

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Hartvig P (2015). Atlas Flora Danica 1–3. Gyldendal, København.

Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 30/11/2022

Rich TCG (1991). Crucifers of Great Britain and Ireland. BSBI Handbook 6. Botanical Society of the British Isles, London. 338 s.

Stace CA (2019). New Flora of the British Isles. 4. utg. C & M Floristics, Middlewood Green.

Siter nettsida som:

Elven R og Hegre H. Stankkarse Lepidium ruderale L. www.artsdatabanken.no/Pages/345633. Lasta ned <dag.månad.år>.