Vollkarse er ein framand art, oftast komen inn med grasfrø. Han har særleg etablert seg i Agderfylka, som her i Risør.

Vollkarse er ein framand art som oftast har kome inn med grasfrø og som særleg har etablert seg i Agderfylka. Han er heimleg i Vest-Europa og Nordvest-Afrika.

Kjenneteikn

Vollkarse er ei fleirårig urt, oftast 15–30 cm høg. Planten er kort gråhåra på stenglane. Han har bladrosettar (utan blomestenglar) ved grunnen, ein skilnad mot markkarse Lepidium campestre som han elles er snarlik. Stenglane er oftast noko nedliggjande til oppstigande og greina frå grunnen. Rosettblada kan vere frå heile til djupt fjørdelte. Dei nedre stengelblada er heile, snaue, og dei sit på lenge. Dei øvre stengelblada er smalt trekanta med smale flikar eller grove tenner og med smale bladøyre kring stengelen. Blomane sit i ein nokså tett klase som strekkjer seg under fruktmogninga. Kronblada er kvite og opptil 3,5 mm lange. Blomen har seks pollenberarar. Pollenknappane er fiolette. Frukta er ei noko pæreforma kortskulpe som er 5–8,5 mm lang. Ho har ein brei vengjekant med eit innhakk i toppen. Ho er snau, utan skjelforma blærer (ein annan skilnad mot markkarse). Griffelen er meir enn 1 mm lang og stikk godt framom innhakket i vengjekanten.

Det vitskaplege namnet ‘heterophyllum’ tyder ‘ulike blad’; sjå på skilnadene mellom rosettblada og stengelblada!

Stenglane er kort gråhåra. Dei nedre blada er heile, snaue, og dei sit på lenge. 

Dei øvre blada er smalt trekanta med smale flikar eller grove tenner og med smale bladøyre kring stengelen. 

Kromosomtal

Vollkarse er diploid med grunntal x = 8 og kromosomtal 2n = 16. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Vollkarse er framand og truleg hovudsakleg komen inn med grasfrø i kunsteng og på anna dyrka mark. Han veks i nokså tørr grasmark, på vegkantar og skrotemark, ein sjeldan gong på havstrand. Utbreiinga ligg i nemoral og boreonemoral sone. Arten blei først funnen i Lillesand (Aust-Agder) i 1902 og har sidan etablert seg mange stader i kyststrøk frå Tønsberg (Vestfold) til Eigersund (Rogaland), særleg i Agderfylka, og han er òg funnen i Rennesøy (Rogaland) i 2015 og i Voss (Hordaland) i 1950 og 1960. Han er bufast og synest å vera i noko auke.

Den heimlege utbreiinga er i Nordvest-Afrika og Vest-Europa nord til Dei britiske øyane, kanskje heilt nord til Skottland.

Vollkarse veks oftast i nokså tørr grasmark, på skrotemark og – som her – på ein vegkant.

Forvekslingar

Vollkarse og markkarse Lepidium campestre er dei to artane i slekta som liknar mykje på kvarandre. Vollkarse er fleirårig, greina frå grunnen og oftast med bladskott utan blomestenglar nedst. Markkarse er eitt- til toårig, greina i øvre del av stengelen, utan bladskott ved grunnen, og dei nedre blada er visna under bløminga og fruktmogninga. På frukta er griffelen hos vollkarse meir enn 1 mm lang og stikk godt framom innhakket i vengjekanten kring frukta. Hos markkarse er han ikkje meir enn 0,5 mm lang og om lag jamlang med innhakket.

Kjelder

Carvalho e Vasconcellos J de, Akeroyd JR og Rich TCG (1993). Lepidium L. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 398–402.

Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/12/2022

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 30/11/2022

Rich TCG (1991). Crucifers of Great Britain and Ireland. BSBI Handbook 6. Botanical Society of the British Isles, London. 338 s.

Stace CA (2019). New Flora of the British Isles. 4. utg. C & M Floristics, Middlewood Green. 1266 s.

Siter nettsida som:

Elven R og Hegre H. Vollkarse Lepidium heterophyllum Benth. www.artsdatabanken.no/Pages/345628. Lasta ned <dag.månad.år>.