Kråkekarse
Lepidium coronopus
Kråkekarse er framand og ein utprega ballastplante, slike som kom inn med ballastjord med skip. Planten har ei særprega, knudrete frukt. Han er no anten utgått eller svært sjeldsynt.
Kjenneteikn
Kråkekarse er eittårig, oftast med nedliggjande eller oppstigande stenglar og ikkje meir enn 20 cm høg. Stenglar og blad er snaue eller fint dunhåra. Grunnblada sit tett samla (som ein rosett) og er tydeleg skafta. Både grunnblada og stengelblada er 1–2 gonger fjørdelte. Blomestandane er klasar som sit motsette blada nede på stengelen. Kronblada er kvite og 1–2 mm lange, litt lengre enn begerblada. Blomane har seks pollenberarar. Frukta er ei tjukk, nyre- eller hjarteforma kortskulpe, litt breiare enn lang og med ein liten spiss, og ho er 2–3 mm lang. Ho er knudrete med ribber og vorter og sit på eit skaft som er kortare enn skulpa. Skulpa er ei nøttskulpe; ho opnar seg ikkje.
Kromosomtal
Kråkekarse er tetraploid med grunntal x = 8 og kromosomtal 2n = 32. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.
Økologi og utbreiing
Kråkekarse er framand og oftast komen inn med ballastjord. Han vart først funnen i Arendal (Aust-Agder) i 1826. Han vaks på vegkantar og skrotemark og er funnen i kyststrøk frå Østfold og Oslo til Flekkefjord (Vest-Agder) og dessutan i Hordaland i Bergen 1878 og 1891 (på ballastplass), Odda 1929–41 (her komen inn med malm ved smelteverka) og Kvam 1947 og 1953 (òg her komen inn med malm ved smelteverket i Ålvik), i Kristiansund (Møre og Romsdal) i 1865 på ein ballastplass, og kanskje i Trondheim (Sør-Trøndelag). Arten var bufast fleire stader, men kan no vere gått ut. Dei siste funna er frå Øra i Fredrikstad (Østfold) i 1994, Flekkefjord (Vest-Agder) i 1996 og rett ved Botanisk hage i Oslo i 2009.
Arten er truleg heimleg berre i Middelhavsområdet og kanskje Svartehavsområdet, men er nokså vidt utbreidd som ugras, særleg i Europa.
Kommentarar
Kråkekarse og slektningen ramkarse Lepidium didymum vart tidlegare rekna til ei særskild slekt, Coronopus (som høvesvis Coronopus squamatus (Forssk.) Asch. og Coronopus didymus (L.) Sm.), mykje på grunn av dei sidestilte blomestandane og den særprega utforminga av frukta (som meir skil dei frå dei andre Lepidium-artane enn bind dei to saman). Desse to artane var elles ikkje svært like kvarandre. Molekylære undersøkingar gjer at dei no blir inkluderte i den vidare avgrensa storslekta Lepidium (sjå Al-Shehbaz mfl. 2002).
Forvekslingar
Kråkekarse kan berre bli forveksla med ramkarse Lepidium didymum; begge har sidestilte blomestandar som nede på stengelen sit motsett blada og frukter som skil seg frå matkarseslekta Lepidium elles. Kråkekarse har tydelege kronblad som er meir enn 1 mm lange og ei litt tilspissa, knudrete frukt. Ramkarse manglar eller har svært korte kronblad (kring 0,5 mm) og ei mykje jamnare frukt med eit innhakk i toppen.
Kjelder
Al-Shehbaz IA og Gaskin JF (2010). Lepidium Linnaeus. I Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 7. Magnoliophyta: Salicaceae to Brassicaceae: 570–595.
Al-Shehbaz IA, Mummenhoff K og Appel O (2002). Cardaria, Coronopus, and Stroganowia are united with Lepidium (Brassicaceae). Novon 12: 5–11.
Ball PW (1993). Coronopus Haller. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 402.
Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/12/2022
Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.
Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 30/11/2022
Rich TCG (1991). Crucifers of Great Britain and Ireland. BSBI Handbook 6. Botanical Society of the British Isles, London. 338 s.
Stace CA (2019). New Flora of the British Isles. 4. utg. C & M Floristics, Middlewood Green. 1266 s.
Siter nettsida som:
Elven R og Hegre H. Kråkekarse Lepidium coronopus (L.) Al-Shehbaz. www.artsdatabanken.no/Pages/345624. Lasta ned <dag.månad.år>.