Vaid er ein gammal kulturplante, brukt til blåfarging av tekstilar i Europa frå kring 100 år f. Kr. Kor gammal kulturen er i nord, er meir uvisst, men arten er kjent som makrofossil frå romersk jernalder i Danmark og kan òg ha vore brukt i Noreg lenge før vikingtida. Det er uvisst om han berre er framand eller om han dels kan vere heimleg i delar av Noreg og Norden.

Vaid er ein gammal kulturplante som er framand i Sør-Noreg. Det er meir usikkert om han kan vere heimleg i Nord-Noreg. 

Kjenneteikn

Vaid er ei toårig, om lag snau urt som ofte blir 1–1,5 m høg. Blada er kålgrøne. Grunnblada er langskafta og avlange; stengelblada er sitjande med noko stengelomfattande grunn, dei nedre avlange, dei øvre pilforma. Planten er ofte rikt greina øvst. Blomestanden (på kvar grein) er ein klase som strekkjer seg mykje i fruktstadiet. Begerblada er opprette (ikkje tiltrykte) til oppstigande og ikkje sekkforma ved grunnen. Kronblada er lysgule og 3–4 mm lange. Frukta er ei 10–25 mm lang kortskulpe, elliptisk eller omvendt eggforma og anten svartbrun eller meir lysbrun (sjå kommentarar), med ein svært brei vengjekant. Skulpa har eitt (sjeldan to) frø og opnar seg ikkje (nøttskulpe). Griffel manglar, og arret er dermed sitjande på frukta. Fruktene er nikkande eller hengjande på granne, slakke skaft. Fruktene kan bli spreidde med vind, eller dei blir spreidde med vatn, særleg med havstraumar.

Blada er kålgrøne. Dei nedre stengelblada er avlange og dei øvre pilforma, sitjande og med noko stengelomfattande grunn.

Planten er ofte rikt greina øvst. Blomestanden er samansett, og kvar grein er ein klase som strekkjer seg mykje i fruktstadiet.

Frukta er ei elliptisk eller omvendt eggforma kortskulpe med ein svært brei vengjekant. Skulpa har oftast berre eitt frø, og ho opnar seg ikkje (nøttskulpe).

Fruktene er nikkande eller hengjande og sit på granne, slakke skaft.

Kromosomtal

Vaid er truleg både di- og tetraploid med grunntal x = 7 og kromosomtala 2n = 14 og 28. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

I Sør- og Midt-Noreg er vaid opplagt framand, berre forvilla frå dyrking som fargeplante og funnen på skrotemark og anna kulturpåvirka mark. I Nord-Noreg er hovuddelen av funna på sandstrender og etablerte skjelsanddyner og i rasmark, og her om lag alltid på substrat med eit høgt kalkinnhald. Her er det meir uvisst om han er framand.

Utbreiinga er nokså vanskeleg å skildre og tolke. Ho strekkjer seg frå nemoral til mellomboreal sone. I Sør-Noreg er arten funnen spreidde stader, storparten av stadene berre éin gong, men i tre område har det vore (og i eitt område er det framleis) bufaste bestandar: i Oslo med funn frå 1865 til 1938, i Nord-Aurdal (Oppland) med funn frå 1880 til i dag (og her går arten opp til 470 moh.), og i Lærdal (Sogn og Fjordane) med funn frå 1870 til 1956. I Midt-Noreg er det berre eitt funn, frå 1958 i Steinkjer (Nord-Trøndelag). Alle plantane vi har sett frå Sør- og Midt-Noreg, har mørke frukter og skuldast sikkert spreiing frå dyrking som fargeplante.

I Nord-Noreg er det annleis. Her veks vaid i to område og i ulike habitat i dei to områda. Frå Sør-Helgeland til Salten (Vevelstad til Bodø) er det i Artskart (lasta ned 9/12/2022) 101 funn og observasjonar av vaid, meir enn dobbelt så mange som frå heile Sør- og Midt-Noreg. Her veks arten ute på kysten, oftast ute på øyane med skjelsand, og her er det berre plantar med bleike frukter. Arten er bufast, men bestandane svingar mykje i storleik frå år til år. Spreiinga frå øy til øy skjer sikkert med havstraumar. I Ofoten og Sør-Troms (Narvik, Evenes, Lavangen og Dyrøy) er det i same kjelde 23 observasjonar. Her veks arten i berg og rasmark, oftast nokså nær sjøen, og her er det òg berre plantar med bleike frukter, noko som ikkje er kjent frå dyrka plantar i Noreg. Arten er bufast på i alle fall fire av dei fem kjente lokalitetane i dette området.

Plantane som har vorte dyrka som fargeplantar i seinare tid, har mørke frukter. Førekomstane i Nordland og Troms synest ikkje ha nokon samanheng med dyrking i nyare tid, og dei i Ofoten og Troms har ikkje nokon samanheng med busetnad eller kulturmark i det heile. Er dei innførte som fargeplantar, må det ha skjedd tidleg. Tilsvarande bleikfrukta vaid finn ein på havstrand kring delar av Austersjøen.

Storparten av forfattarar reknar med at vaid berre er heimleg i Søraust-Europa frå Italia aust til Sør-Russland og i Tyrkia (sjå Plants of the World Online, POWO). I Flora of China (Cheo mfl. 2001) er arten rekna som heimleg heile vegen gjennom Asia til Aust-Asia. Den svenske Artdatabanken (Sundberg mfl. 2020) seier at vaid er aktivt innført og naturalisert før år 1800 i Sverige. Hartvig (2015) held det opent om vaid kan vere heimleg òg kring Austersjøen, der han er utbreidd som havstrandplante frå Skåne nord til sørlege Västerbotten. Kan førekomstane i Nordland og Troms ha samanheng med Austersjøen og Bottenhavet og kanskje vere rekrutterte frå mogeleg heimlege populasjonar der?

Forvekslingar

Vaid kan ikkje bli forveksla med andre plantar; dei hengjande og breitt vengjekanta skulpene er makelause.

Kjelder

Al-Shehbaz IA (2010). Isatis Linnaeus. I Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 7. Magnoliophyta: Salicaceae to Brassicaceae: 567–568.

Ball PW og Akeroyd JR (1993). Isatis L. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 324–325.

Cheo T-Y, Lu L, Yang G, Al-Shehbaz IA og Dorofeev V (2001). Brassicaceae. I ZY Wu og PH Raven (red.), Flora of China 8. http://www.efloras.org/florataxon.aspx?flora_id=2&taxon_id=10120

Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/12/2022

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Hartvig P (2015). Atlas Flora Danica 1–3. Gyldendal, København.

Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 9/12/2022

Sundberg S, Andersson U-B, Aronsson, M og Ståhl P (2020). Isatis tinctoria. I Rödlista 2020 – expertkommittén för kärlväxter. Artfakta. SLU Artdatabanken. https://artfakta.se/artbestamning/taxon/isatis-tinctoria-219842

Siter nettsida som:

Elven R og Hegre H. Vaid Isatis tinctoria L. www.artsdatabanken.no/Pages/345620. Lasta ned <dag.månad.år>.