Prydsløyfe er ein framand og vanleg sommarblome (eittårig) i norske hagar. Han blir funnen nokså ofte som forvilla, men er enno ikkje kjent som bufast i norsk natur.

Prydsløyfe er ein vanleg sommarblome som stundom forvillar seg.

Kjenneteikn

Prydsløyfe er eittårig, med opprett, korthåra stengel opptil 30 cm. Dei nedre stengelblada er langskafta, spatelforma eller omvendt lansettforma og med kileforma grunn, rundtanna eller grunt flika mot toppen, og dei er kanthåra. Dei øvre stengelblada er sitjande men elles lik dei nedre. Blomane sit i ein kort klase med blomeskaft som er kort ruhåra (eller med korta papillar) på oversida, og klasen strekkjer seg lite i fruktstadiet. Kronblada er kvite, dei to lange er om lag 6 mm og vender utover i klasen, dei to korte er om lag 3 mm og vender innover. Frukta er ei rund kortskulpe med korte vengjekantar som er butte i toppen, og med kort griffel opptil 2 mm.

Prydsløyfe er ein eittårig art (vert dyrka som sommerblome), noko ein kan sjå på dei spinkle røtene.

Blada er spatelforma eller omvendt lansettforma med kileforma grunn, rundtanna eller grunt flika mot toppen.

Blomane sit i ein kort klase med blomeskaft som er ruhåra på oversida.

Kronblada er kvite. Dei to lange vender utover i klasen, og dei to korte vender innover. 

Frukta er ei rund kortskulpe med smale vengjekantar og kort griffel opptil 2 mm.

Kromosomtal

Prydsløyfe er diploid (sjeldan tetraploid) med grunntal x = 7 (8) og kromosomtal 2n = 14 (16, 28). Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Prydsløyfe er framand og blei først funnen på “Ballastbryggen i Grønlien” i Oslo i 1891. Han er elles funnen nær hagar, men òg komen inn med korn ved møller og med ballastjord i hamner. Han er funnen på skrotemark, oftast på næringsfattig, men basisk grunn. Han er ikkje sjeldsynt, men synest ikkje enno vere bufast nokon stad i Noreg. I innlandet er han funnen i Hamar og Ringsaker (Hedmark) og i Lillehammer (Oppland), men elles berre i kyststrøk frå Østfold og Oslo til Hordaland og nokre svært få stader vidare til Tromsø (Tromsø).

Den heimlege utbreiinga er i Vest-Europa, frå Spania og Nordvest-Italia nord til Tyskland og England, og i Nordvest-Afrika.

Forvekslingar

Prydsløyfe kan bli forveksla med den andre eittårige Iberis-arten, skjermsløyfe Iberis umbellata. Dei skil seg i at prydsløyfe har spatelforma og tanna eller flika blad, medan skjermsløyfe har linjeforma og om lag heile blad; i at prydsløyfe har korthåra stengel og kanthåra blad, medan skjermsløyfe er snau; i at prydsløyfe har kvite kronblad, medan skjermsløyfe har lysraude eller lyst purpurfarga kronblad; og særleg i at prydsløyfe har frukt med ein smal vengjekant og kort griffel (opptil 2 mm), medan skjermsløyfe har svært brei vengjekant som går opp i to spissar øvst, og mykje lengre griffel (2–4,5 mm) som stikk framom vengjekanten. Den tredje Iberis-arten, snøsløyfe Iberis sempervirens, er ein halvbusk og kan ikkje bli forveksla med desse to eittåringane.

Kjelder

Al-Shehbaz IA (2010). Iberis Linnaeus. I Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 7. Magnoliophyta: Salicaceae to Brassicaceae: 563–564.

Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/12/2022

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Pinto da Silva AR og Amaral Franco J (1993). Iberis L. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 390–393.

Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 30/11/2022

Rich TCG (1991). Crucifers of Great Britain and Ireland. BSBI Handbook 6. Botanical Society of the British Isles, London. 338 s.

Stace CA (2019). New Flora of the British Isles. 4. utg. C & M Floristics, Middlewood Green. 1266 s.

Siter nettsida som:

Elven R og Hegre H. Prydsløyfe Iberis amara L. www.artsdatabanken.no/Pages/345617. Lasta ned <dag.månad.år>.