Kalkkarse er ein heimleg, men svært sjeldsynt art som i Noreg berre er funnen på skjelsand i Østfold. Utbreiinga knyter seg søraustover i Europa.

Kalkkarse er ein heimleg art som i Noreg er sjeldsynt og berre funnen i Østfold.

Kjenneteikn

Kalkkarse er ein eittårig, svært liten plante, stundom opptil 10 cm, men oftast mindre. Han er snau eller dunhåra med ørsmå stjernehår og ofte nokre ugreina hår. Stengelen er ofte greina mot toppen. Blada sit hovudsakleg i rosett ved grunnen og er djupt fjørdelte. Stengelblada er svært små, men er òg fjørdelte. Blomane sit oftast i fleire klasar. Midtaksen i kvar klase er ofte litt sikksakk-forma. Begerblada er sprikjande til nedbøygde. Kronblada er kvite og berre 0,5–1 mm lange, jamlange med eller litt lengre enn begerblada. Frukta er ei smalt elliptisk, eggforma eller omvendt eggforma kortskulpe med skiljeveggen på tvers. Ho sit på sprikjande skulpeskaft som er lengre enn skulpa. Det er berre 1–2 frø i kvart skulperom.

Kalkkarse er eittårig (sjå den granne rota) med ein stengel som ofte er greina mot toppen. Dei djupt fjørdelte blada sit i rosett ved grunnen, men har visna når planten er i fruktstadiet.

Skulpa er ei smalt elliptisk, eggforma eller omvendt eggforma kortskulpe med skiljeveggen på tvers. Ho sit på sprikjande skulpeskaft som er lengre enn skulpa.

Kromosomtal

Kalkkarse er diploid med grunntal x = 6 og kromosomtal 2n = 12. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Kalkkarse er heimleg og berre funnen på skjelsand (alltid kalkrikt), anten på gamle skjelsandbankar eller på grunn skjelsand oppå berg. Han er svært konkurransesvak. Han blømer tidleg, ofte i overgangen april/mai, og kjem i frukt før vegetasjonen ikring har utvikla seg mykje. Utbreiinga ligg i boreonemoral sone og berre i Østfold. I Noreg veks arten nokre få stader i Hvaler og Fredrikstad, tidlegare òg på Larkollen i Rygge (funnen der i 1932). Ein kort omtale av økologi og utbreiing finn ein hos Fægri (1996). Utbreiinga i Østfold knyter seg til førekomstar på liknande grunn i Bohuslän, men arten veks òg på alvar og anna kalkhellemark og er nokså vanleg på slik mark i Västergötland og på Öland og Gotland.

Elles er kalkkarse utbreidd i store delar av Mellom- og Sør-Europa, nord til sørlege delar av Dei britiske øyane, Austersjøkysten i Tyskland og Polen, og Baltikum. Han veks òg i Søraust-Europa aust til Ukraina, i Tyrkia og Nordvest-Afrika.

Kalkkarse er berre funnen på skjelsand i Østfold, her på Asmaløy i Hvaler.

Forvekslingar

Kalkkarse har ingen forvekslingsartar; den vesle krossblomen med fjørdelte blad ser nokså særprega ut.

Kjelder

Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/12/2022

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Fægri K (1996). Hornungia petraea. I K Fægri og A Danielsen (red.), Maps of distribution of Norwegian vascular plants. III. The southeastern element: 63 + pl. 21.

Heywood VH (1993). Hymenolobus Nutt. + Hornungia Reichenb. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 382–383.

Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 30/11/2022

Rich TCG (1991). Crucifers of Great Britain and Ireland. BSBI Handbook 6. Botanical Society of the British Isles, London. 338 s.

Stace CA (2019). New Flora of the British Isles. 4. utg. C & M Floristics, Middlewood Green. 1266 s.

Siter nettsida som:

Elven R og Hegre H. Kalkkarse Hornungia petraea (L.) Rchb. www.artsdatabanken.no/Pages/345615. Lasta ned <dag.månad.år>.