Himmelblom
Heliophila linearis
Himmelblom er framand og funnen berre éin gong i Noreg, på ein nyleg tilsådd vegkant i Larvik i 1990. Han kom opplagt inn med såfrøet, men denne sørafrikanske arten fekk ikkje noko langt liv hos oss.
Kjenneteikn
Himmelblom er ein fleirårig art og kan vere forveda ved grunnen (altså ein halvbusk), men han blei berre kortvarig i Noreg. Han kan vere snau eller strihåra, særleg nær grunnen. Blada kan vere frå linjeforma til elliptisk-avlange eller omvendt eggforma, heile eller med nokre korte flikar, og spisse. Dei er sitjande og kan vere stengelomfattande. Blomestanden er ein klase som strekkjer seg noko i fruktstadiet, med oppbøygde fruktskaft slik at frukta står om lag rett opp. Dei to ytre begerblada er sekkforma ved grunnen og hornforma i toppen; dei to indre begerblada er sekkforma ved grunnen. Kronblada er 7–12 mm lange og himmelblå. Dei to korte pollentrådane har eit papilløst vedheng. Frukta er ei kortskulpe, men er på grensa til langskulpe (2,5–11 × 1,8–4 mm). Skulpa rakk aldri utvikle seg på dei norske plantane. Skulpeveggane er 3-nerva. Frøa er vengjekanta.
Kromosomtal
Himmelblom er diploid med grunntal x = 10 og kromosomtal 2n = 20. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.
Økologi og utbreiing
Himmelblom er framand og berre funnen éin gong i norsk natur, på ein nysådd vegkant i Lardal (Vestfold) i 1990. Han kom opplagt inn med det grasfrøet som blei brukt på vegkanten, og av di det var fleire andre merkelege plantar på same vegkanten det same året, er det truleg at det var ei bevisst innblanding av blomefrø for å pynte på vegkanten. Arten blir stundom dyrka som prydplante (sommarblome) i Noreg, men er ikkje vanleg i bruk.
Arten kjem frå Kapp-provinsen i Sør-Afrika, der han særleg veks i kyststrøk.
Kommentarar
Dei plantane som blei funne i Noreg, høyrer til rasen var. linearifolia (Burch. & DC.) Marais.
Forvekslingar
Forvekslingar er ikkje mogelege. Det er ikkje mange blå krossblomar.
Kjelder
Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/12/2022
Marais W (1970). Cruciferae. I LE Codd, R de Winter, DJB Killick og HR Rycroft (red.), Flora of Southern Africa 13: 1–117.
Siter nettsida som:
Elven R og Hegre H. Himmelblom Heliophila linearis DC. www.artsdatabanken.no/Pages/345609. Lasta ned <dag.månad.år>.