Berggull
Erysimum virgatum
Berggull er ein staseleg, stivt opprett plante med store, gule blomeklasar. Han er heimleg og vanleg i berg og på tørr mark i store delar av landet. Planten gjer særleg mykje av seg på vegkantar og langsmed jernbanar.
Kjenneteikn
Berggull er ei toårig urt med stivt opprette, oftast ugreina og tettblada stenglar opptil 1,2 m. Blad og stenglar er rue av tiltrykte gaffelhår (malpighiske hår). Arten set første året ein rosett. Andre året visnar grunnblada tidleg. Stengelblada er smale, ofte breiast ovanfor midten, og dei er heile eller med spreidde tenner. Stengelen er svært bladrik, ofte med 20–40 blad, og blada er tettstilte. Blomestanden er ein kort klase som strekkjer seg mykje i fruktstadiet. Kronblada er gule og 8–10 mm lange. Pollenknappen er 1–2 mm lang. Frukta er ei 3–5 cm lang langskulpe som sit på korte skaft, og frukta er opprett (skilnad mot stor åkergull). Frøa er meir enn 1,5 mm store.
Kromosomtal
Berggull er truleg heksaploid med grunntal x = 8 og kromosomtal 2n = 48. Det er òg mogeleg at han kan ha tetraploide tal på 2n = 32. Problem kring nomenklaturen gjer det vanskeleg å seie kva for teljingar som høyrer til kva for artar. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.
Økologi og utbreiing
Berggull er heimleg og veks i berg, rasmark og på tørt grunnlende frå låglandet opp til snaufjellet. Han er òg vanleg på tørr kulturmark, særleg langsmed vegar og jernbanar der han kan vekse i store, tette bestandar. Han er ikkje særleg nærings- eller basekrevjande. Utbreiinga strekkjer seg frå nemoral (sjeldsynt) til nordboreal sone og litt opp i lågalpint belte, der han er funnen til 1260 moh. i Odda (Hordaland). Arten er vanleg på Austlandet, i fjordstrøk på Vestlandet, i Trøndelag og i om lag heile Nord-Noreg til Aust-Finnmark der han til dømes er karakteristisk for sørvendte berg på Varangerhalvøya. Han manglar på stordelen av Sørlandet og ytre Vestlandet. Han er ofte å sjå i berg og rasmark opp til og over skoggrensa. Økologi og utbreiing i Fastlands-Noreg blir diskutert mykje vidare hos Fremstad (2013, her under namnet Erysimum strictum). På Svalbard er arten funnen éin gong som tilfeldig på Hotellneset ved Longyearbyen i 1897.
Den globale utbreiinga er noko usikker på grunn av namnerotet, men vi trur han er utbreidd i nordlege og sentrale delar av Europa (men ikkje i vest) og i Nord- og Mellom-Asia.
Kommentarar
Vi er ikkje sikre på kva som er det korrekte vitskaplege namnet på vår berggull. I lang tid gjekk han under namnet Erysimum hieraciifolium L., men dette Linné-namnet synest høyre til ein mellomeuropeisk art, Erysimum odoratum Ehrh., og namnet er dessutan forkasta av nomenklaturkomiteen. Dei to namna som då konkurrerer er: Erysimum strictum G.Gaertn., B.Mey. & Scherb. frå 1800, bygd på ein tysk plante, og Erysimum virgatum Roth frå 1797, uvisst kvar frå. Plants of the World Online (POWO) synonymiserer desse to namna, med Erysimum virgatum som prioritetsnamn, og dette er følgd hos Elven mfl. (2022), medan Kurtto mfl. (2019) bruker namnet Erysimum strictum.
Forvekslingar
Dei nokså smale og heile eller lite tanna blada, kombinert med dei malpighiske håra, gjer Erysimum-artane lett kjennelege. Berggull skil seg frå stor åkergull i dei tiltrykte skulpene og dei mykje meir tettstilte blada. På grunn av den opprette vekseformen er ei anna, men mindre truleg forveksling, med tårnurt Turritis glabra, men dette er ein blågrøn, om lag snau plante med stengelomfattande blad og mykje mindre, bleikgule blomar.
Kjelder
Ball PW (1993). Erysimum L. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 325–335.
Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/12/2022
Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.
Fremstad E (2013). Erysimum strictum P.Gaertn., B.Mey. & Scherb. I R Elven, E Fremstad og O Pedersen (red.), Distribution maps of Norwegian vascular plants. IV. The eastern and northeastern element: 208–210.
Kurtto A, Lampinen R, Piirainen M og Uotila P (2019). Checklist of the vascular plants of Finland. Luonnontieteellinen keskusmuseo LUOMUS. 207 s.
Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 9/12/2022
Siter nettsida som:
Elven R og Hegre H. Berggull Erysimum virgatum Roth. www.artsdatabanken.no/Pages/345604. Lasta ned <dag.månad.år>.