Stor åkergull vart tidlegare handsama som ein underart av åkergull, men har no fått status som art.

Stor åkergull er ein framand art som først vart sikkert påvist i norsk materiale kring 2004, men som no er dokumentert å ha vore her minst frå slutten av 1800-talet. Utbreiinga er lite kjend av di arten har vore misforstått og handsama under arten åkergull.

Kjenneteikn

Stor åkergull er toårig, med restar etter første års bladrosett ved grunnen av andre års stengel. Stengelen er opprett, oftast opptil 1 m, stundom meir, ofte greina øvst, med tiltrykte (malpighiske) gaffelhår og tregreina hår. Stengelen har ofte 15–20 blad under blomestanden. Blomestanden er ein kort klase som strekkjer seg mykje i fruktstadiet. Kronblada er 3–6 mm lange og gule. Pollenknappen er 0,5–1 mm lang. Frukta er ei 2–5 cm lang langskulpe på 1–1,5 cm lange, sprikjande skaft. Frøa sit truleg i éi rekkje i kvart skulperom. Dei er mindre enn 1,5 mm lange.

Stor åkergull er toårig, med restar etter første års bladrosett ved grunnen av andre års stengel. 

Blomestanden er ein kort klase som strekkjer seg mykje i frukt. Blomane er gule. 

Kromosomtal

Stor åkergull er diploid med grunntal x = 8 og kromosomtal 2n = 16 (Sjå Ahti 1962). Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Stor åkergull veks på tørr kulturmark og vegkantar, langsmed jernbanar og på open grus. Han er ikkje særleg næringskrevjande. Utbreiinga strekkjer seg frå boreonemoral til nordboreal sone. Arten er framand og truleg komen inn med grasfrø og transportmiddel, først funnen i Voss i 1889 og i Granvin i 1890 (begge i Hordaland). Utbreiinga er dårleg kjent av di arten har vore og er mykje oversett og misforstått, men han er spreidd til lokalt hyppig på Austlandet og i indre Trøndelag (her funnen opp til 650 moh. i Røros), sjeldsynt på Sørlandet og Vestlandet, og med spreidde førekomstar nord til Tromsø og Lyngen (Troms). Han er òg funnen eit par stader i Sør-Varanger (Finnmark).

Den heimlege utbreiinga er uviss. Kanskje er ho avgrensa til i Aust-Europa, men meir truleg er ho mykje større og omfattar heile Nord- og Mellom-Asia og store delar av Nord-Amerika. I Nord-Amerika kan stor åkergull Erysimum altum vere heimleg, medan åkergull Erysimum cheiranthoides er eit ugras innført frå Europa.

Stor åkergull veks på tørr kulturmark og vegkantar, langsmed jernbanar og på open grus. 

Det stemmer brukbart at han ikkje er særleg næringskrevjande ... 

Kommentarar

Arten vart først omtala av Ahti (1962) som ein underart av åkergull: Erysimum cheiranthoides subsp. altum Ahti. Ahti studerte norsk materiale, men det er lite spor etter han i dei norske herbaria. I eit forarbeid til Flora Nordica studerte Stefan Ericsson det nordiske materialet (inkludert det norske i 2004), og han argumenterte (pers. meld.) for at planten fortener artsrang. Han hadde mellom anna freista å krysse Erysimum altum og Erysimum cheiranthoides, utan at det vart nokre hybridar, og han såg ingen overgangar i det nordiske materialet. Han døydde diverre før han fekk skriven saman resultata. Arten er illustrert mellom anna hos Hultén (1968, som subsp. altum), hos Rich (1991, som Erysimum cheiranthoides) og hos Elven mfl. (2022, som Erysimum altum).

Forvekslingar

Dei nokså smale og heile eller lite tanna blada kombinert med dei malpighiske håra, gjer Erysimum-artane lett kjennelege til slekt. Stor åkergull skil seg frå åkergull Erysimum cheiranthoides i at han er toårig, med restar av fjorårets rosett ved grunnen av årets blomestengel (medan åkergull er eittårig utan bladrestar), og i at han er mykje større med fleire blad på stengelen (ofte 20–40 mot 5–10 blad). Han skil seg frå berggull Erysimum virgatum i at skulpene sit på sprikjande og ikkje på tiltrykte skaft.

Kjelder

Ahti T (1962). On the taxonomy of Erysimum cheiranthoides L. (Cruciferae). Archivum Societatis zoologicae–botanicae fennicae ‘Vanamo’ 16: 22–35.

Ball PW (1993). Erysimum L. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 325–335.

Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/12/2022

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Hultén E (1968). Flora of Alaska and neighboring territories. A manual of the vascular plants. Stanford University Press, Stanford. 1008 s.

Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 9/12/2022

Rich TCG (1991). Crucifers of Great Britain and Ireland. BSBI Handbook 6. Botanical Society of the British Isles, London. 338 s.

Siter nettsida som:

Elven R og Hegre H. Stor åkergull Erysimum altum (Ahti) Tzvelev. www.artsdatabanken.no/Pages/345600. Lasta ned <dag.månad.år>.