Krypkarse
Erucastrum supinum
Krypkarse er ein framand art som berre er funnen éin gong i Noreg. Han kom inn med ballastjord på stranda ved Akershus festning i Oslo i 1876.
Kjenneteikn
Krypkarse er eittårig og lågvaksen, opptil 30 cm, men oftast mindre. Planten er dunhåra med sprikjande hår, noko nedliggjande stenglar, djupt flika stengelblad og med store, flika støtteblad i om lag heile blomestanden. Blomane sit i ein grissen klase. Kronblada er kvite og 3–4 mm lange. Skulpa er 1–3 cm lang og dunhåra, med ein veggdel der veggen har ein tydeleg midtnerve og eit mindre tydeleg nettverk av sidenervar. Det sit frø i éi rekkje i kvart skulperom. Griffeldelen er eit kort nebb utan frø.
Kromosomtal
Krypkarse er kanskje tetra- og heksaploid med grunntala x = 7 og 8 og kromosomtala 2n = 32 og 42, men det er berre éi teljing for kvart av desse tala. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.
Økologi og utbreiing
Krypkarse er framand og berre funnen éin gong i Noreg, på stranda ved Akershus festning i Oslo i 1876, i ein periode då ballastjord vart deponert der. Elles har arten ei europeisk, spreidd og nokså uforklårleg utbreiing i Spania (usikker), Frankrike, Sveits, Belgia (her utdøydd), Nederland (her utdøydd), Tyskland (her utdøydd), Sverige (svært sjeldsynt), Baltikum og Vest-Russland (sjå Hultén og Fries 1986). Han går tydelegvis attende i heile sitt utbreiingsområde.
Kommentarar
Krypkarse har vore uvanleg vanskeleg å plassere i slekt. Gjennom tidene, frå Linné i 1753 beskreiv han som Sisymbrium supinum L. til i dag som Erucastrum supinum, har arten vore innom minst åtte slekter, mellom desse så ulike slekter som skrinneblomslekta Arabis (hos Lamarck i 1779), rosekarseslekta Braya (hos W.D.J. Koch i 1835), gullslekta Erysimum (hos Link i 1822) og dagfiolslekta Hesperis (hos Kuntze i 1891). Dette er ein plante som det ikkje var mogeleg å bli sams om korleis skulle bli plassert i krossblom-systemet før det kom molekylære analysar. Warwick og Al-Shehbaz (2003) fann klår tilhøyrsle i slekta Erucastrum, ei slekt som ikkje eingong hadde vore føreslått som eit alternativ tidlegare.
Forvekslingar
Kombinasjonen av dei store, flika støtteblada i blomestanden og dei kvite blomane er truleg unik for denne krossblomen i Noreg. Sjansen for å finne han er dessutan mikroskopisk.
Kjelder
Ball PW (1993). Sisymbrium L. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 318–321.
Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/12/2022
Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.
Hultén E og Fries M (1986). Atlas of North European Vascular Plants North of the Tropic of Cancer. I. Koeltz Scientific Books, Königstein. 498 s.
Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 3/11/2022
Warwick SI og Al-Shehbaz IA (2003). Nomenclatural notes on Sisymbrium (Brassicaceae). Novon 13: 265–267.
Siter nettsida som:
Elven R og Hegre H. Krypkarse Erucastrum supinum (L.) Al-Shehbaz & Warwick. www.artsdatabanken.no/Pages/345598. Lasta ned <dag.månad.år>.