Ordet ‘rucola’ er ei italiensk avleiing av slektsnavnet ‘Eruca’, og i alle fall ein del av det vi et som rucola-salat kjem frå denne planten (den andre og største delen kjem frå steinsennep). Arten er framand i Noreg og truleg ikkje bufast.

Salatsennep er éin av dei to artane som vert selde under namnet ‘rucola’.

Kjenneteikn

Salatsennep er eittårig med strihåra eller mest snau stengel opptil 80 cm. Blada er djupt flika til fjørdelte. Blomane sit i ein nokså open klase. Begerblada er tiltrykte, og to av dei er sekkforma ved grunnen. Kronblada er 15–25 mm lange og smale. Dei er bleikgule til kvite med fiolette årer. Skulpa er ei kortskafta og nokså kort langskulpe, anten tjukk, 4–5 mm brei og om lag 2,5 cm lang, med butt, klumpete nebb, eller mindre og smalare med spisst nebb. Veggdelen har skulpeveggar med éin nerve og frø i to rekkjer i kvart rom. Griffeldelen utgjer oftast meir enn ein tredel av heile skulpa. Han er smalt konisk, svært markert samantrykt og er utan frø.

Kromosomtal

Salatsennep er diploid med grunntal x = 11 og kromosomtal 2n = 22. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Arten veks på skrotemark av ymse slag, men her er han dyrka i Ringve botaniske hage i Trondheim i Sør-Trøndelag.

Salatsennep er ein framand art. Han kom frå først av inn med ballastjord, først funnen på ballastplassen Øra i Fredrikstad (Østfold) i 1892, litt seinare med korn ved møller og elles på skrotemark, og i nyare tid er han innført som salatplante. Han er berre funnen på skrotemark (ofte på noko basisk grunn), og han er lite eller ikkje bufast. Han er funnen svært spreidde stader på Austlandet nord til Mjøsområdet (Stange og Ringsaker, Hedmark), i kyststrøk til Hordaland (Odda og Kvam, Hordaland), og dessutan ved møller i Skaun og Trondheim (Sør-Trøndelag). Det er òg eit funn frå 1960 i Kirkenes (Sør-Varanger, Finnmark), men det er uvisst om dette er gjort i ein hage eller utanfor. Det er nokså mange funn i nyare tid, og arten er kanskje litt i auke.

Den globale utbreiinga er ifølgje Plants of the World Online (POWO) stor og strekkjer seg frå Kanariøyane, Nord-Afrika og Sør-Europa heilt austover til Kina. Arten er opplagt heimleg kring det vestlege Middelhavet, men vi er usikre på om han er heimleg langt austover i Asia.

Kommentarar

Tidlegare blei det norske materialet ført til ein underart, subsp. sativa, ulik villrasen, subsp. vesicaria, som berre var kjent frå Nordvest-Afrika og Spania med Balearane. Skilnadane mellom dei to låg i begerblada, om alle eller berre dei indre var sekkforma nedst og om dei satt på lenge eller fall av tidleg, og i pollenknappane, om dei var noko spisse eller butte i toppen (sjå Tutin 1993). Desse skilnadane er små og blir ikkje rekna som særleg viktige no, og vi reknar difor ikkje med rasar innanfor arten.

Forvekslingar

Salatsennep liknar mest på åkersennep Rhamphospermum arvense, men skil seg i at begerblada er opprette og sekkforma ved grunnen, at skulpa er svært kortskafta, at veggane i skulpa berre har éin nerve (fleire hos åkersennep), og i at frøa sit i to rekkjer i kvart skulperom (berre éi rekkje hos åkersennep).

Kjelder

Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/12/2022

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 3/11/2022

Tutin TG (1993). Eruca Miller. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 410.

Warwick SI (2010). Eruca Miller. I Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 7. Magnoliophyta: Salicaceae to Brassicaceae: 434–435.

Siter nettsida som:

Elven R og Hegre H. Salatsennep Eruca vesicaria (L.) Cav. www.artsdatabanken.no/Pages/345595. Lasta ned <dag.månad.år>.