Vegrublom er framand og truleg komen inn med transportmiddel eller med grasfrø tidleg på 1800-talet. Han er lokalt hyppig i nokre område på Austlandet og er kanskje i auke.

Kjenneteikn

Vegrublom er eittårig og kan bli opptil 40 cm. Planten har spreidde ugreina og skafta 2–4-greina hår (gaffelhår eller uregelrette, fågreina hår). Rosettblada er oftast heile, men dei visnar svært tidleg. Blomestengelen har mange blad, og desse er avlange til breitt eggforma, tanna og med avrunda til kileforma, stengelomfattande grunn. Blomestanden er ein klase som stundom er greina (uvanleg i Draba) og som strekkjer seg noko i fruktstadiet. Kronblada er om lag 2 mm lange, tydeleg utranda og lysgule med mørke årer, men dei bleiknar ofte til kvitt seint i bløminga. Frukta er ei elliptisk kortskulpe som sit på sprikjande skaft som er mykje lengre enn skulpa. Skulpa er oftast håra med ugreina hår. Griffelen er svært kort slik at arret er om lag sitjande.

Vegrublom er ein eittårig art. Rosettblada er oftast heile og visnar tidleg.

Blomestengelen har mange blad som er tanna og med stengelomfattande grunn.

Blomestanden er ein klase som strekkjer seg noko i fruktstadiet. 

Frukta er ei elliptisk kortskulpe som sit på sprikjande skaft som er mykje lengre enn skulpa. Griffelen er svært kort.

Kromosomtal

Vegrublom er diploid med grunntal x = 8 og kromosomtal 2n = 16. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Vegrublom er framand og truleg komen inn med transportmiddel og/eller grasfrø. Han vart først funnen i Kongsberg (Buskerud) i 1828 og har sidan spreidd seg herifrå i alle retningar (Numedal, Lågendalen, mot Oslo og mot Telemark). Det er truleg at han òg er komen inn andre stader. Han er bufast og naturalisert på sandmark og tørr grasbakke, ofte på noko baserik jord, på grunnlende på berg og i tørr slåttemark, men han har ofte ujamn førekomst år om anna. Utbreiinga strekkjer seg frå boreonemoral og litt inn i mellomboreal sone, heilt opp til 860 moh. i Nore og Uvdal (Buskerud). Det er mogeleg at han framleis er i noko auke. Han er funnen i Oslo, Asker (Akershus), ved Mjøsa og i Gudbrandsdalen frå Stange, Hamar og Ringsaker (Hedmark) nordover til Dovre og Lom (Oppland), på vestlege Austlandet frå Larvik (Vestfold) og Bamble (Telemark) nordover til Ringerike, Gol og Nore og Uvdal (Buskerud, her særleg vanleg i Numedal) og Tinn (Telemark). Utkantfunn er òg gjort av arten på Verdal stasjon i Nord-Trøndelag i 1998 (verifisert med gode bilete i 2022) og i Tromsø (Troms) i 2015 (ikkje synleg i Artskart). Ein kort omtale finn ein hos Danielsen (1996).

Den globale utbreiinga er svært stor. Arten er vidt utbreidd som heimleg i Europa (og langt nord i austre delar av Sverige og i Finland), i heile Nord- og Mellom-Asia og i stordelen av Nord-Amerika. Han er truleg den vidast utbreidde av alle Draba-artar.

Vegrublom er truleg komen inn med transportmiddel og kanskje med grasfrø. Han er bufast og naturalisert mellom anna på tørr grasbakke, som her i Øvre Eiker i Buskerud.

Kommentarar

Det er ikkje mykje variasjon i det norske materialet, men i Sverige, der han er heimleg i midtre og nordre delar, er det ein del variasjon, mellom anna i om skulpa er håra eller ikkje. Denne variasjonen er førebels ikkje utgreidd.

Vegrublom og murrublom Draba muralis er eittårige og skil seg òg i andre trekk frå dei andre Draba-artane, mellom anna i den manglande griffelen. Fleire nyare forfattarar (til dømes Stace 2019) skil dei ut i ei særskild slekt: Drabella (DC.) Fourr. Då blir det vitskaplege namnet til vegrublom Drabella nemoralis (L.) Bubani.

Forvekslingar

Vegrublom liknar berre på murrublom Draba muralis. Vegrublom skil seg frå murrublom i at han har bleikgule, tydeleg utranda kronblad og ei skulpe som er mykje kortare enn skaftet ho sit på.

Kjelder

Al-Shehbaz IA, Windham MD og Elven R (2010). Draba Linnaeus. I Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 7. Magnoliophyta: Salicaceae to Brassicaceae: 269–347.

Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/12/2022

Danielsen A (1996). Draba nemorosa. I K Fægri og A Danielsen (red.), Maps of distribution of Norwegian vascular plants. III. The southeastern element: 53 + pl. 16.

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 19/12/2022

Stace CA (2019). New Flora of the British Isles. 4. utg. C & M Floristics, Middlewood Green. 1266 s.

Walters SM og Akeroyd JR (1993). Draba L. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 372–377.

Siter nettsida som:

Elven R og Hegre H. Vegrublom Draba nemorosa L. www.artsdatabanken.no/Pages/345588. Lasta ned <dag.månad.år>.