Det er uvisst om murrublom er heimleg eller framand i Noreg, men han er mest truleg framand. Han er berre funnen éin stad, på nokre grunnlendte kollar på Jarlsberg herregard i Tønsberg, der han har vore i meir enn 150 år.

Murrublom er kjent berre frå éin stad i Tønsberg, og det er uklårt om han er heimleg eller framand her.

Kjenneteikn

Murrublom er eittårig, med spreidde ugreina hår, gaffelhår og uregelrett fleirgreina hår. Rosettblada er oftast tanna, og dei held seg ei god stund, lengre enn hos slektningen vegrublom. Blomestengelen, som kan bli opptil 30 cm høg, har mange blad, og desse er breitt eggforma til om lag runde, tanna og med brei, stengelomfattande bladgrunn. Blomestanden er ein klase som stundom er greina (uvanleg i Draba) og som strekkjer seg noko i fruktstadiet. Kronblada er 1,5–3 mm lange, avrunda i toppen (ikkje utranda) og kvite. Frukta er ei avlang til elliptisk kortskulpe som sit på sprikjande skaft som er litt lengre enn skulpa. Skulpa er snau. Griffelen er svært kort slik at arret er om lag sitjande.

Murrublom er eittårig og kan bli opptil 30 cm høg og har mange blad på stengelen.

Stengelblada er nokså breie og tanna med brei, stengelomfattande grunn. Som resten av planten har blada ugreina hår, gaffelhår og uregelrett fleirgreina hår.

Blomestanden hos murrublom kan vere greina – noko som er uvanleg i rublomslekta – og han strekkjer seg noko i fruktstadiet.

Kronblada er små, kvite og avrunda i toppen. Skulpa har ein svært kort griffel; arret ser sitjande ut.

Skulpa er snau og avlang eller elliptisk og sit på sprikjande skaft som er litt lengre enn skulpa.

Kromosomtal

Murrublom er tetraploid med grunntal x = 8 og kromosomtal 2n = 32. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Murrublom er berre funnen éin stad i Noreg, på tørre berg og berghyller i parken på Jarlsberg herregard i Tønsberg (Vestfold). Førekomsten ligg i boreonemoral sone. Arten blei først funnen her i 1862, og han er bufast. Det er uvisst om dette er ein heimleg førekomst eller om arten opphaveleg kom inn med grasfrø, kanskje helst det siste. Han har svært ujamn førekomst år om anna. Førekomsten er omtala hos Danielsen (1996).

Den globale utbreiinga omfattar store delar av Europa. Han er rekna som heimleg mellom anna i Danmark, der han berre er kjend frå Bornholm (Hartvig 2015), i Sverige, Sør-Finland og Baltikum. Han veks elles i Nordvest-Afrika og i Vest-Asia i Tyrkia og Kaukasus.

Murrublom er berre kjend frå nokre grunnlendte koller ved Berg i Tønsberg, der han har vore i meir enn 150 år.

Kommentarar

Murrublom og vegrublom Draba nemorosa er eittårige og skil seg òg i andre trekk frå dei andre Draba-artane, mellom anna i den manglande griffelen. Fleire nyare forfattarar (til dømes Stace 2019) skil dei ut i ei særskild slekt: Drabella (DC.) Fourr. Då blir det vitskaplege namnet til murrublom Drabella muralis (L.) Fourr.

Forvekslingar

Murrublom liknar berre på vegrublom Draba nemorosa. Murrublom skil seg frå vegrublom i at han har kvite kronblad som ikkje er utranda, og ei skulpe som berre er litt kortare enn skaftet ho sit på.

Kjelder

Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/12/2022

Danielsen A (1996). Draba muralis. I K Fægri og A Danielsen (red.), Maps of distribution of Norwegian vascular plants. III. The southeastern element: 53 + pl. 16.

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Hartvig P (2015). Atlas flora danica 1–3. Gyldendal, København.

Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 19/12/2022

Rich TCG (1991). Crucifers of Great Britain and Ireland. BSBI Handbook 6. Botanical Society of the British Isles, London. 338 s.

Stace CA (2019). New Flora of the British Isles. 4. utg. C & M Floristics, Middlewood Green. 1266 s.

Walters SM og Akeroyd JR (1993). Draba L. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 372–377.

Siter nettsida som:

Elven R og Hegre H. Murrublom Draba muralis L. www.artsdatabanken.no/Pages/345587. Lasta ned <dag.månad.år>.