Nordleg tinderublom
Draba cacuminum subsp. angusticarpa
Nordleg tinderublom er ein sjeldsynt plante knytt til høge fjelltoppar og fjellplatå, truleg òg til ferske morenar ved brear, i Nordland frå Okstindane nord til nord for Svartisen og kanskje òg i Sulitjelma-området.
Kjenneteikn
Nordleg tinderublom har ei smalt eggforma skulpe med noko lengre griffel (0,3–0,6 mm) enn sørleg tinderublom. Sjå arten tinderublom for andre morfologiske karakterar.
Kromosomtal
Nordleg tinderublom er oktoploid med grunntal x = 8 og kromosomtal 2n = 64. Teljingar er utførte på norsk materiale.
Økologi og utbreiing
Nordleg tinderublom er heimleg og veks på tørr rabb, i grus og på berg på høge fjellplatå, kanskje òg på ferske morenar i breområde, i mellomalpint belte. Han er berre funnen på baserik grunn. Han er kjend frå fjella kring Okstindane i Hattfjelldal, Hemnes og Rana, frå fjella kring Svartisen i Meløy, kanskje òg i Beiarn og Gildeskål (alle desse i Nordland), og dessutan frå to fjell på svensk side nær Okstindane og Sulitjelma.
Forvekslingar
Nordleg tinderublom skil seg lite frå sørleg tinderublom subsp. cacuminum, men har smalare skulpe (smalt eggforma mot breitt eggforma) og noko lengre griffel (0,3–0,6 mm mot om lag 0,1–0,4 mm). Dei to underartane har dessutan ulik utbreiing; så lenge ein veit kor i Noreg ein oppheld seg, går dette greitt.
Kjelder
Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/12/2022
Elven R og Aarhus Aa (1984). A study of Draba cacuminum (Brassicaceae). Nordic Journal of Botany 4: 425–441.
Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.
Siter nettsida som:
Elven R og Hegre H. Nordleg tinderublom Draba cacuminum subsp. angusticarpa Elven & Aarhus. www.artsdatabanken.no/Pages/345575. Lasta ned <dag.månad.år>.