Tinderublom
Draba cacuminum
Tinderublom ber namnet med rette. Arten er heimleg og er om lag berre funnen på topp-platåa på høge fjell. Nokre forfattarar har skrive at han oftast er å finne tett inntil toppvardane. Han er ein skandinavisk endemisme, og er berre kjend frå Norge og Sverige.
Kjenneteikn
Tinderublom er ei fleirårig urt som veks i tette tuver med gamle bladrestar nedst, og med nokså korte stenglar opptil 8 cm. Rosettblada er breitt avlange og har både ugreina og greina hår. Blomestengelen er oftast utan blad og har korte, uregelrett fleirgreina (dendroide) hår, nedst òg nokre lange, ugreina hår. Blomestanden er ein klase som strekkjer seg lite i fruktstadiet. Blomane er heilt opne med kvite, sprikjande kronblad som er 3,5–5 mm lange og om lag 2,5 mm breie. Frukta er ei eggforma skulpe som sit på sprikjande skaft, og fruktstanden er ofte halvskjermforma. Skulpa har korte, ugreina og/eller gaffelgreina hår. Griffelen er tydeleg og 0,1–0,6 mm lang. Frøa er 1,2–1,4 mm lange.
Kromosomtal
Tinderublom er oktoploid med grunntal x = 8 og kromosomtal 2n = 64. Teljingar er utførte på norsk materiale.
Økologi og utbreiing
Tinderublom er heimleg og veks på tørr rabb, i grus og på berg på fjelltoppar, og dessutan på ferske morenar i breområde. Han er berre funnen på baserik grunn. Arten er funnen i fleire skilde fjellområde, i mellomalpint og litt opp i høgalpint belte. I sør er han kjend frå Finse-området i Ulvik (Hordaland) og Hol (Buskerud), og her ofte på ferske morenar, frå Jotunheimen og nærområde i Vang, Nord-Fron, Vågå og Lom (Oppland), her på fjelltoppar til 2000 moh., og frå Dovrefjell og Trollheimen i Oppdal (Sør-Trøndelag), her berre på fjelltoppar. Plantane i sør høyrer til sørleg tinderublom subsp. cacuminum. I nord er han kjend frå fjella kring Okstindane i Hattfjelldal, Hemnes og Rana, truleg frå fjella kring Svartisen i Meløy, kanskje òg Beiarn og Gildeskål (alle desse i Nordland), og dessutan frå to fjell på svensk side nær Okstindane og Sulitjelma. Her veks han både på fjelltoppar og på ferske morenar. Plantane i nord høyrer til nordleg tinderublom subsp. angusticarpa. For fleire detaljar kring norsk utbreiing, sjå Elven og Aarhus (1984) og Elven (1990).
Kommentarar
Arten vart først beskriven av Ekman (1917), bygd på plantar frå Knutshø i fjellrekkja aust for Drivdalen på Dovrefjell i Oppdal (Sør-Trøndelag), men dei første funna var gjorde allereie i 1841 i Okstindane i Hemnes (Nordland) og i 1863 i Knutshø-området i Oppdal. Ekman beskreiv arten som nærståande til bergrublom Draba rupestris. Heilborn (1927) fann at kromosomtalet til tinderublom var oktoploid, medan bergrublom var heksaploid. Dette var ytterlegare støtte for at dei to skulle bli oppfatta som to artar. Rune (1950) omtala funn på svensk side aust for Okstindane og Rana. På 1970-talet vart det oppdaga at arten var vanleg og vaks i blanding med bergrublom på dei ferske morenane ved breane både sør og nord for Finse, og noko seinare fann ein at det var morfologisk skilnad mellom plantane i sør og nord i Skandinavia (Elven og Aarhus 1984).
Det låg i lufta at tinderublom kunne vere ein allotetraploid art, oppkomen frå ein eller fleire hybridar mellom bergrublom og ein meir lågploid art. Brochmann mfl. (1992) fann støtte for eit slikt opphav, kanskje frå ein hybrid med alperublom Draba fladnizensis, og ut frå den tidas metode (enzym-elektroforese), fann dei at tinderublom hadde eit høgt nivå av fiksert heterozygositet, noko som tilsa allopolyploid opphav, og at han er oppkomen minst tre gonger. Dei fann ikkje støtte for at det er nokon skilnad mellom sørlege og nordlege populasjonar, men deira morfologiske undersøking er ikkje overtydande. Vi held difor fast på at dei sørlege og nordlege populasjonane kan bli skilde som underartar: subsp. cacuminum og subsp. angusticarpa.
Tinderublom, som er ein skandinavisk endemisme, har tidlegare vore brukt i diskusjonen kring mogeleg istids-overleving av plantar i Skandinavia. Brochmann mfl. (1992) skriv derimot følgjande: “Draba cacuminum gives no relevant information on the glacial survival theory; the polyploidizations may have occurred in postglacial time as well as in pre-Weichselian periods”.
Forvekslingar
Tinderublom liknar mykje på bergrublom, men skil seg frå han i at blomane er meir opne og med kronblad som er noko lengre (om lag 3,5–5 mm mot 2–4 mm) og tydeleg breiare, i at stengelen har nokre lange, ugreina hår nedst, saman med fleirgreina hår, medan bergrublom manglar slike lange, ugreina hår, i at skulpeskafta er meir sprikjande, at skulpa er eggforma (breiare nede) mot elliptisk (breiast på midten), og i at tinderublom har noko større frø (1,2–1,4 mm mot 0,7–1,1 mm). Skulpa hos tinderublom er alltid håra, medan ho oftast er snau hos bergrublom, i det minste i dei områda der begge veks saman.
Kjelder
Bretten S (1973). Slekta Draba i Knutshø – Finshø-området på Dovre. Sider ved dens systematikk og autøkologi. Cand. real.-oppgåve, Universitetet i Trondheim, Trondheim.
Brochmann C, Borgen L og Stedje B (1993). Crossing relationships and chromosome numbers of Nordic populations of Draba (Brassicaceae), with emphasis on the D. alpina complex. Nordic Journal of Botany 13: 121–147.
Brochmann C, Soltis PS og Soltis DE (1992). Multiple origins of the octoploid Scandinavian endemic Draba cacuminum: electrophoretic and morphological evidence. Nordic Journal of Botany 12: 257–272.
Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/12/2022
Ekman E (1917). Zur Kenntnis der nordischen Hochgebirgs-Drabae. Kongliga Svenska Vetenskaps-Academiens Handlingar, n. f. 57,3. 68 s.
Elven R (1990). Draba cacuminum Elis. Ekman. I O Gjærevoll (red.), Maps of distribution of Norwegian vascular plants. II. Alpine plants: 57 + pl. XIV.
Elven R og Aarhus Aa (1984). A study of Draba cacuminum (Brassicaceae). Nordic Journal of Botany 4: 425–441.
Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.
Heilborn O (1927). Chromosome numbers in Draba. Hereditas 9: 59–68.
Rune O (1950). Draba cacuminum i Sverige. Svensk Botanisk Tidskrift 44: 497–503.
Siter nettsida som:
Elven R og Hegre H. Tinderublom Draba cacuminum E.Ekman. www.artsdatabanken.no/Pages/345574. Lasta ned <dag.månad.år>.