Mursennep
Diplotaxis muralis
Mursennep er ein framand art. Han kom inn med ballastjord etter midten av 1800-talet og har vorte bufast mange stader i kyststrøk frå Oslo til Kristiansand. Han er særleg å finne i kystbyane der det har vore ballastplassar.
Kjenneteikn
Mursennep er ein eittårig eller kortlevd fleirårig rosettplante. Han er snau eller svært grissent håra. Stenglane er oppstigande, opptil 40 cm. Grunnblada er buktflika med butte flikar og sit i ein laus rosett. Stengelen manglar oftast blad oppover. Kronblada er 6–8 mm lange og reint gule. Fruktene er langskulper som er opptil dobbelt så lange som fruktskaftet, og dei er utan tydeleg fruktfeste (karpofor) mellom skulpa og festet for begerblada. Frøa sit i to rekkjer i kvart skulperom i veggdelen. Griffeldelen av frukta (nebbet) er utan frø.
Kromosomtal
Mursennep er truleg ein allotetraploid art med eit avleidd grunntal på x = 21 og kromosomtal på 2n = 42. Nokre få teljingar på 2n = 18–22 gjeld truleg nærskylde artar. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale. Sjå kommentarar.
Økologi og utbreiing
Mursennep er framand og i all hovudsak komen inn med ballastjord. Utbreiinga ligg i nemoral og boreonemoral sone. Det er eit datert funn frå 1862 frå Tøyen i Oslo, men dette kan skuldast dyrking i botanisk hage. Dei neste funna er alle frå ballastplassar: Oslo i 1876, Halden (Østfold) i 1877 og 1879, Bergen (Hordaland) 1878 og Røyken (Buskerud) i 1880. Opplysingane tyder difor på innførsel og spreiing i Noreg frå 1870-åra. Det tidlegaste funnet i Danmark er frå same perioden (1882, sjå Hartvig 2015). Arten har vore hyppig i kyststrøk frå Oslo til Kristiansand (Vest-Agder), og han er funnen meir spreidd vidare til Hordaland, og dessutan er han funnen ved Pienes mølle i Buvika i Skaun (Sør-Trøndelag) i 1941. Han har gått attende sidan ballastperioden, men han er framleis ikkje sjeldsynt frå Oslo sør til kystbyane langsmed Skagerrakkysten. Han veks oftast på skrotemark i bymiljø, men er òg funnen på grunnlendt kalkmark og på havstrand, der han fleire stader har gode, bufaste bestandar. Arten er truleg nokså basekrevjande.
Arten er heimleg i Middelhavsområdet og Mellom-Europa og aust til Kaukasus. Han er òg nokså utbreidd som kulturspreidd i Nord-Amerika.
Kommentarar
Rich (1991) og Heywood mfl. (1993) seier at mursennep truleg er ein allotetraploid art oppkomen frå ein hybrid mellom steinsennep Diplotaxis tenuifolia (med kromosomtalet 2n = 22) og middelhavsplanten Diplotaxis viminea (L.) DC. (med kromosomtalet 2n = 20). Dette byggjer på Harberd og McArthur (1972).
Ein steril hybrid med steinsennep Diplotaxis tenuifolia er funnen i Oslo, Langesund i Bamble (Telemark) og i Risør (Aust-Agder).
Forvekslingar
Mursennep skil seg frå den svært sjeldsynte arten stripesennep Diplotaxis erucoides i at den sistnemnde har kvite kronblad og er nokså tetthåra. Frå steinsennep Diplotaxis tenuifolia skil han seg særleg i at kronblada er kortare (6–8 mm mot 8–12 mm), i at han ikkje har eit tydeleg fruktfeste, noko steinsennep har, og i at skulpa hos mursennep er om lag dobbelt så lang som skulpeskaftet, medan ho hos steinsennep er om lag jamlang med skulpeskaftet. Frå andre gule krossblomar skil han seg noko i kombinasjonen av den vesle frukta på sprikjande skaft, nokså små og svært klårt gule blomar, og i at frøa sit i to rekkjer i kvart skulperom.
Kjelder
Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/12/2022
Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.
Harberd DJ og McArthur ED (1972). The chromosome constitution of Diplotaxis muralis (L.) DC. Watsonia 9: 131–135.
Hartvig P (2015). Atlas Flora Danica 1–3. Gyldendal, København.
Heywood VH, Akeroyd JR og Martínez-Laborde JB (1993). Diplotaxis DC. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 404–405.
Martínez-Laborde JB (2010). Diplotaxis de Candolle. I Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 7. Magnoliophyta: Salicaceae to Brassicaceae: 432–433.
Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 3/11/2022
Rich TCG (1991). Crucifers of Great Britain and Ireland. BSBI Handbook 6. Botanical Society of the British Isles, London. 338 s.
Stace (2019). New Flora of the British Isles. 4. utg. C & M Floristics, Middlewood Green. 1266 s.
Siter nettsida som:
Elven R og Hegre H. Mursennep Diplotaxis muralis (L.) DC. www.artsdatabanken.no/Pages/345569. Lasta ned <dag.månad.år>.