Hundesennep er truleg ein framand art som kom inn med tidleg jordbruk. Han er vanleg på Austlandet og i indre fjordstrøk på Vestlandet og i auke andre stader.

Hundesennep kom truleg inn med tidleg jordbruk, kanskje allereie i bronsealderen, og er nokså særprega med dei fint fjørdelte blada og dei granne langskulpene på sprikjande skaft.

Kjenneteikn

Hundesennep er eittårig eller sjeldan toårig. Planten er tiltrykt tetthåra med både ugreina hår, gaffelhår og uregelrett fleirgreina (dendroide) hår nede, men er om lag snau oppe. Stengelen er ofte noko greina oppe. Blada er 1–2 gonger finna med små og ofte tanna småblad. Blomestanden er ein klase som strekkjer seg litt i fruktstadiet. Kronblada er grønleg gule og 2–3 mm lange. Frukta er ei 2–4 cm lang langskulpe. Ho er grann og linjeforma (om lag 1 mm tjukk) og sit på sprikjande skaft. Skulpeveggane har éin nerve. Det sit éi rekkje frø i kvart skulperom.

Kromosomtal

Hundesennep er tetraploid med grunntal x = 7 og kromosomtal 2n = 28, men sjå kommentarar nedanfor. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Hundesennep veks, som her på Bromstad i Trondheim, på skrotemark, og på tørr, kalkrik grunn.

Hundesennep er truleg framand og komen inn tidleg med jordbruket, i Noreg som i Danmark (Jessen og Lind 1922–23, sjå òg Hartvig 2015). Planten er mykje knytt til tørr kulturmark i åkrar, på vegkantar, langsmed jernbanar (vanleg på jernbanestasjonar på Austlandet) og på anna skrotemark, men er òg ofte å finne på tørrbakkar i beitemark og på grunnlende på berg, på sanddyner og tangvollar. Han veks både på sur og meir basisk grunn. Han er godt naturalisert og truleg i auke. Utbreiinga strekkjer seg frå nemoral til mellomboreal sone, og han er funnen heilt opp i lågfjellet til 1170 moh. i Sel (Oppland). Arten er nokså vanleg på Austlandet nord til Os (Hedmark) og Dovre og Lom (Oppland) og i indre fjordstrøk på Vestlandet. Han veks meir spreidd i kyststrøk frå Vest-Agder til Salten (Bodø), med nokre få funn vidare nordover til Harstad og Tromsø (Troms) og i Alta (Finnmark). Funn frå Harstad og Alta er i skrivande stund ikkje digitaliserte og er difor ikkje synleg i kartet. Kring Trondheimsfjorden er han i auke. På Svalbard er han funnen som frøplante i 1992 i Longyearbyen på Spitsbergen.

Arten kjem truleg frå Søraust-Europa og Vest-Asia, men spreidde seg tidleg med jordbruket over heile Europa, Nord-Afrika og Asia aust til Stillehavet. I seinare tid er han blitt kulturspreidd til Nord-Amerika, der han er vanleg, og til Sør-Amerika, Sør-Afrika og Australia.

Kommentarar

Hundesennep er rapportert med fleire andre kromosomtal enn det tetraploide på 2n = 28 (til dømes 2n = 12, 14, 20 og 38), men Goodson og Al-Shehbaz (2010) meiner at desse truleg er feil og at arten er konstant tetraploid.

Forvekslingar

Hundesennep blir ikkje mykje forveksla med andre, utbreidde krossblomar i Noreg; dei fint fjørdelte blada og dei granne langskulpene på granne, sprikjande skaft er ein unik kombinasjon. Han liknar derimot på dei to andre innførte Descurainia-artane som det rett nok er lite sannsynleg å finne. Møllesennep Descurainia pinnata skil seg frå hundesennep i at han har spoleforma skulpe (langt tilspissa øvst og nedst) med to rekkjer frø i kvart skulperom, og i at stengel og blad har nokre vorteforma kjertlar saman med dei uregelrett fleirgreina (dendroide) håra. Tårnsennep Descurainia incana skil seg frå hundesennep i at han er tett og kvitgrått håra over det heile, i at skulpeskafta er tiltrykte (ikkje sprikjande), og i at skulpene er kortare.

Kjelder

Ball PW (1993). Descurainia Webb & Berth. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 321.

Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/12/2022

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Goodson BE og Al-Shehbaz IA (2010). Descurainia Webb & Berthelot. I Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 7. Magnoliophyta: Salicaceae to Brassicaceae: 518–529.

Hartvig P (2015). Atlas Flora Danica 1–3. Gyldendal, København.

Jessen K og Lind J (1922–23). Det danske Markukrudts Historie. Det Kongelige Danske Videnskabernes Selskabs Skrifter, Naturvidenskabelig og Matematisk Afdeling, 8. række VIII: 1–496.

Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 9/12/2022

Rich TCG (1991). Crucifers of Great Britain and Ireland. BSBI Handbook 6. Botanical Society of the British Isles, London. 338 s.

Stace CA (2019). New Flora of the British Isles. 4. utg. C & M Floristics, Middlewood Green. 1266 s.

Siter nettsida som:

Elven R og Hegre H. Hundesennep Descurainia sophia (L.) Webb ex Prantl. www.artsdatabanken.no/Pages/345567. Lasta ned <dag.månad.år>.