Kålurt er ein framand art som dukka opp nokså mange stader i Noreg i siste halvdel av 1800-talet og første halvdel av 1900-talet. Han vaks på ballastplassar og ved møller og kom inn med grasfrø. No er han så godt som borte med berre eitt tilfeldig funn etter 2000. Den engelske namnet «Hare’s ear mustard» syftar på dei sitjande stengelblada med påfallande store bladøyre som går kring stengelen.

Kjenneteikn

Kålurt er ei eittårig urt, opptil 60 cm høg, snau og påfallande blågrøn (‘kålgrøn’). Grunnblada har skaft, men visnar tidleg. Stengelblada er sitjande, eggforma eller omvendt eggforma, heile og med store bladøyre som går kring stengelen. Dei er svært påfallande. Blomane sit i klase utan støtteblad. Klasen strekkjer seg lite i fruktstadiet. Kronblada er små og grønkvite til gulkvite. Fruktene er langskulper utan tydeleg nebb, 4,5–15 cm lange. I veggdelen har veggane éin tydeleg nerve, og frøa sit i éi rekkje i kvart skulperom.

Kromosomtal

Kålurt er diploid med grunntal x = 7 og kromosomtal 2n = 14. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Kålurt er framand og hovudsakleg komen inn med ballastjord, med korn ved møller og med grasfrø. Han vart først funnen i 1859 på “Holmboes løkke” nær Tøyen i Oslo i 1859, her kanskje komen med grasfrø, i 1868 på ballastjord i Kristiansund (Møre og Romsdal), og etter kvart på talrike stader på Austlandet nord til Gran (Oppland) og i kyststrøk nord til Skaun og Trondheim (Sør-Trøndelag, ved møllene og kornsiloane). På Svalbard er han funnen éin gong, i 1928, på ein avfallsplass på Hotellneset ved Longyearbyen. Etter 2000 er han berre dokumentert som ugras i eit tulipanbed i Botanisk hage på Tøyen i Oslo i 2002.

Den heimlege utbreiinga strekkjer seg frå Mellom-Europa og Middelhavsområdet austover til Sentral-Asia og Pakistan.

Forvekslingar

Kålurt har ingen opplagde forvekslingar, men dei øvre, stengelomfattande blada har han sams med til dømes åkerkål Brassica rapa subsp. campestris og andre kål Brassica, men desse har store, gule kronblad, og med kålskrinneblom Fourraea alpina, men han har mykje større kronblad og lansettforma stengelblad.

Kjelder

Ball PW (1993). Conringia Adanson. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 403.

Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/12/2022

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 3/11/2022

Stace (2019). New Flora of the British Isles. 4. utg. C & M Floristics, Middlewood Green. 1266 s.

Siter nettsida som:

Elven R og Hegre H. Kålurt Conringia orientalis (L.) C.Presl. www.artsdatabanken.no/Pages/345562. Lasta ned <dag.månad.år>.