Fjordskjørbuksurt
Cochlearia officinalis subsp. norvegica
Fjordskjørbuksurt er ein nokså vanleg plante i fjordbotnane frå Ryfylke nord til Aust-Finnmark. Somme stader kan han dekkje svære grus- og sandflatar med sine karakteristiske rosettar tidleg i sesongen, og med plantar med ei mengd frukter seinare i sesongen.
Kjenneteikn
Fjordskjørbuksurt er ei toårig eller, ein sjeldan gong kanskje eittårig, urt. Planten set ein nokså stor rosett første året og set ein ny rosett og blømer andre året. Rosettblada har rombeforma, avlang eller eggforma plate. Stengelblada er oftast nokså smale og har kileforma grunn. Kronblada er litt større enn hos strandskjørbuksurt, 4,5–7 mm lange. Skulpa er stor og elliptisk (sjeldan kulerund) og ofte noko samantrykt. Planten har ikkje skarp reddiksmak.
Kromosomtal
Fjordskjørbuksurt er tetraploid med grunntal x = 6 og kromosomtal 2n = 24. Teljingar er utførte på norsk materiale.
Økologi og utbreiing
Fjordskjørbuksurt veks oftast på flate strender med finmateriale (silt, sand og fin grus) i botnen av fjordar med elveutløp, slik at fjordvatnet blir nokså brakt. Han veks òg i lågvaksne strandenger i slike fjordbotnar, men er meir sjeldsynt på strender med grøvre grus- og steinmateriale. Han er ikkje funnen ovanfor stranda, og han er ikkje knytt til nitrogen- og fosforrike stader slik strandskjørbuksurt er. Utbreiinga strekkjer seg frå boreonemoral til nordboreal sone og litt inn i subarktisk sone. Han er nokså vanleg i fjordbotnane frå Ryfylke (Vindafjord) og Sunnhordland (frå Sveio og Etne) nord til Aust-Finnmark (til Båtsfjord og Sør-Varanger). Utanfor Noreg er han berre sikkert kjent frå Nord-Russland, her på Kolahalvøya og kring Kvitsjøen.
Kommentarar
Fram til slutten av 1980-talet var det uklårt kva for art fjordskjørbuksurt høyrde til. Gjærevoll i Lid (1985) omtala han frå Nord-Noreg under namnet Cochlearia fenestrata R.Br., eit namn bygd på ein plante frå Baffin Bay-området i nordaustre Canada. Dette namnet er eit synonym for polarskjørbuksurt Cochlearia groenlandica, som ikkje er funnen i Nord-Noreg, men illustrasjonen hos Lid (1985: 178, figur 100d) byggjer på ein plante frå Finnmark og høyrer til fjordskjørbuksurt. Frå og med Nordal og Stabbetorp (1990) har det vore klårt at fjordskjørbuksurt høyrer til under arten Cochlearia officinalis.
Forvekslingar
Fjordskjørbuksurt er eitt- til toårig liksom strandskjørbuksurt subsp. officinalis. Han skil seg frå denne i at rosettblada har rombeforma, avlang eller eggforma plate og stengelblada har kileforma grunn, medan rosettblada har nyreforma plate og stengelblada er breie ved grunnen hos strandskjørbuksurt. Blomane er òg litt mindre hos strandskjørbuksurt (kronblad 4–5 mm) enn hos fjordskjørbuksurt (4,5–7 mm), og skulpeforma er litt ulik, oftast om lag kulerund hos strandskjørbuksurt og elliptisk og noko samantrykt hos fjordskjørbuksurt (eit kjenneteikn han har sams med engelsk skjørbuksurt). Ein kjemisk skilnad er at strandskjørbuksurt har sennepsolje-glykosid som gir skarp reddiksmak, medan fjordskjørbuksurt manglar desse og har lite eller ingen smak. Kjeldeskjørbuksurt subsp. integrifolia skil seg frå begge dei andre i at han oftast er fleirårig, og difor sit det ofte att restar frå fjorårets blomestenglar. Kronblada er òg litt kortare (3,5–4,5 mm mot 4–7 mm). For forvekslingar med andre Cochlaria-artar, sjå arten Cochlearia officinalis.
Kjelder
Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/12/2022
Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.
Lid J (1985). Norsk, svensk, finsk flora (5. utg. av Norsk flora ved O Gjærevoll). Det Norske Samlaget, Oslo. 837 s.
Nordal I, Eriksen AB, Laane MM og Solberg Y (1986). Biogeographic and biosystematic studies in the genus Cochlearia in Northern Scandinavia. Symbolae Botanicae Upsaliensis 27,2: 83–93.
Nordal I og Laane MM (1990). Cytology and reproduction in Arctic Cochlearia. Sommerfeltia 11: 147–158.
Nordal I og Laane MM (1996). Taxonomic delimitation within Cochlearia officinalis s. lat. with particular discussion on the rank of C. anglica (Brassicaceae). Symbolae Botanicae Upsaliensis 31,3: 47–57.
Nordal I og Stabbetorp OE (1990). Morphology and taxonomy of the genus Cochlearia (Brassicaceae) in Northern Scandinavia. Nordic Journal of Botany 10: 249–263.
Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 30/11/2022
Siter nettsida som:
Elven R og Hegre H. Fjordskjørbuksurt Cochlearia officinalis subsp. norvegica Nordal & Stabb. www.artsdatabanken.no/Pages/345558. Lasta ned <dag.månad.år>.