Om ein ser enger eller plenar som er heilt lysfiolett i mai, særleg på Sørlandet og i Vest-Noreg, er det ofte engkarse som set farge på dei. Arten finst i store delar av landet, men er meir sjeldsynt i innlandet og nordpå. Det er litt uvisst om han er heimleg eller framand; om han er framand, er han komen inn tidleg.

Engkarse fargar ofte enger og plenar sør og vest i landet lysfiolette tidleg på våren.

Kjenneteikn

Engkarse er ei fleirårig urt med trinne, ugreina stenglar opptil 50 cm. Planten har ein rosett av finna blad med 1–7 par sitjande eller kortskafta, tynne, elliptiske eller avrunda småblad som er litt tanna, håra og har noko ribbeforma nervar. Endesmåbladet er òg avrunda, tanna og oftast mykje større enn sidesmåblada. Det er oftast 2–4 stengelblad, og i alle fall dei øvste av desse har tydeleg smalare og mindre småblad enn grunnblada, og småblada er utan eller med svært kort skaft. Blomestanden er ein klase som strekkjer seg noko i fruktstadiet. Begerblada er 3–4 mm lange. Kronblada er 8–13 mm lange og lysfiolette. Pollenknappane er gule. Arret er breiare enn griffelen. Fruktene utviklar seg ofte ikkje. Planten spreier seg hovudsakleg med småblad som fell av.

Engkarse er ei fleirårig urt med trinne, ugreina stenglar. 

Rosetten har finna blad med 1–7 par sitjande eller kortskafta, tynne småblad. Endesmåbladet er oftast mykje større enn sidesmåblada.

Det er oftast 2–4 stengelblad, og i alle fall dei øvste av desse har tydeleg smalare og mindre småblad enn grunnblada.  

Kronblada er nokså store og lysfiolette, og mykje lengre enn begerblada. Fruktene utviklar seg oftast ikkje; planten formeirar seg hovudsakleg med småblad som fell av.

Kromosomtal

Engkarse er truleg berre polyploid, kanskje med to grunntal (x = 7 og 8), og med varierande kromosomtal 2n = 28–52. Teljingar (av 2n = 30) er utførte på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Det er litt uvisst om engkarse er heimleg eller om han er komen inn med tidleg jordbruk og grasfrø. Han veks i eng, grasplen, frukthagar, nordpå ofte på kyrkjegardar, og i skogkantar, vasskantar og stundom på skrotemark. Folk vestpå seier at han ikkje var så vanleg tidlegare, men at han har auka på i mengd og spreidd seg mykje dei siste 50–60 åra. Her er han eit plagsamt ugras i eng, av di han visnar tidleg og tørkar ut og gjev eit dårleg fôr. Utbreiinga strekkjer seg frå nemoral til litt inn i mellomboreal sone. Han er nokså vanleg i kyststrøk og låglandet frå Østfold, Stange (Hedmark) og Ringerike og Kongsberg (Buskerud) til Steinkjer (Nord-Trøndelag), mest vanleg på Sørlandet og Vestlandet. Nord for Trøndelag førekjem han meir spreidd vidare til Narvik og Sortland (Nordland) og i Ibestad, Tromsø og Lyngen (Troms).

Den globale utbreiinga er dårleg kjend av di ein ikkje har skilt mellom engkarse, sumpkarse Cardamine dentata, polarkarse Cardamine nymanii og andre nære slektningar. Vi trur at engkarse i strikt meining veks i Europa, kanskje i Vest-Sibir, og at han er innført i austlege Nord-Amerika.

Kartet for engkarse Cardamine pratensis er misvisande for engkarse i trong meining. Det er er eit kollektivt kart for heile Cardamine pratensis-gruppa, det vil seie Cardamine dentata, Cardamine nymanii og Cardamine pratensis i trong tyding. Engkarse i trong meining er ein plante knytt til kulturmark i låglandet i Sør- og Midt-Noreg og sjeldsynt i Nord-Noreg. Opplysningane og særleg materialet i herbaria treng ein omfattande revisjon.

Engkarse veks mellom anna i eng og grasplen, her frå Jølster i Sogn og Fjordane.

Kommentarar

Engkarse høyrer til ei gruppe av nærskylde artar eller rasar, engkarse-gruppa, med fleire felles trekk. Mange forfattarar handsamar gruppa som éin art med fleire rasar, til dømes Jones mfl. (1993) som reknar gruppa som sju underartar av Cardamine pratensis. Mykje av problema i denne gruppa heng truleg saman med kromosomtala og formeiringsmåten. Diploide plantar av gruppa er funne i Mellom-Europa, men hovuddelen av eller alle plantar i Nord-Europa er variabelt polyploide (sjå Lövkvist 1953, 1956, 1957, Lihová og Marhold 2003 og Elven mfl. 2011). Artane har i prinsippet frøformeiring, men frøa utviklar seg sjeldan, og plantane har hovudsakleg vegetativ formeiring med småblad som fell av frå både rosettblad og stengelblad. Slik formeiring kan vere ein utveg for plantar med ubalanserte kromosomtal og forstyrra meiose.

Dei plantane som er funne i Norden, høyrer til tre litt uklårt skilde einingar, her og hos til dømes Al-Shehbaz mfl. (2010) og Elven mfl. (2011, 2022) handsama som tre artar med noko ulik morfologi, økologi og utbreiing. Carlsen mfl. (2009) fann at desse tre, saman med fleire europeiske diploide og låg-polyploide artar utgjorde ei svært distinkt, monofyletisk evolusjonsgrein i ein molekylær fylogeni (bygd på ITS) for slekta Cardamine. Heile gruppa ser difor ut til å ha europeisk opphav.

Forvekslingar

Engkarse kan bli forveksla med dei to andre artane i engkarse-gruppa og med bekkekarse Cardamine amara. Frå bekkekarse skil han seg mellom anna i at han har dei store blada i rosett ved grunnen, medan bekkekarse har dei som store stengelblad, i at pollenknappane er gule, medan dei er fiolette hos bekkekarse, i at arret er breiare enn griffelen, medan arret smalnar av frå griffelen hos bekkekarse, og i at stengelen er trinn, medan han er kantete hos bekkekarse.

Skilnadane mellom dei tre artane i engkarse-gruppa er mindre distinkte. Hos polarkarse Cardamine nymanii er rosettblada tjukke (kjøttfulle), oftast med litt innsenka nervar, og snaue, og stengelblada har sitjande, kjøttfulle småblad. Hos sumpkarse Cardamine dentata er rosettblada tynne, med heva nervar, og med spreidde hår (sjeldan heilt snaue), endesmåbladet på rosettblada er om lag jamstort med sidesmåblada, og stengelblada har småblad med tydeleg skaft. Hos engkarse er rosettblada tynne, med heva nervar, og spreidd håra, endesmåbladet på rosettblada er tydeleg større enn sidesmåblada, og stengelblada har småblad utan eller berre med utydeleg skaft.

Kjelder

Al-Shehbaz IA, Marhold K og Lihová J (2010). Cardamine Linnaeus. I Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 7. Magnoliophyta: Salicaceae to Brassicaceae: 464–484.

Carlsen T, Bleeker W, Hurka H, Elven R og Brochmann C (2009). Biogeography and phylogeny of Cardamine (Brassicaceae). Annals of the Missouri Botanical Garden 96: 215–236.

Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/12/2022

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Elven R, Murray DF, Razzhivin V og Yurtsev BA (red.) (2011). Annotated Checklist of the Panarctic Flora (PAF). http://panarcticflora.org/

Jones BMG, Akeroyd JR og Marhold K (1993). Cardamine L. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea 1 Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 346–351.

Lihová J og Marhold K (2003). Taxonomy and distribution of the Cardamine pratensis group (Brassicaceae) in Slovenia. Phyton (Horn) 43: 241–261.

Lövkvist B (1953). Polyploidy and differentiation in the Cardamine pratensis complex. Proceedings of the VII. International Botanical Congress Stockholm (1950): 333–334.

Lövkvist B (1956). The Cardamine pratensis complex. Outlines of its cytogenetics and taxonomy. Symbolae Botanicae Upsaliensis 14,2. 131 s.

Lövkvist B (1957). De skandinaviska arterna i Cardamine pratensis-komplexet. Botaniska Notiser 110: 237–250.

Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 13/12/2022

Rich TCG (1991). Crucifers of Great Britain and Ireland. BSBI Handbook 6. Botanical Society of the British Isles, London. 338 s.

Stace CA (2019). New flora of the British Isles. 4. utg. C & M Floristics, Middlewood Green. 1266 s.

Siter nettsida som:

Elven R og Hegre H. Engkarse Cardamine pratensis L. www.artsdatabanken.no/Pages/345550. Lasta ned <dag.månad.år>.