Polarkarse
Cardamine nymanii
Om ein finn ein karse med store, kvite eller lysfiolette blomar i snaufjellet eller i Arktis, er det den heimlege arten polarkarse. Polarkarse er sirkumpolart utbreidd, noko som syner kor effektiv ei vegetativ formeiring med avrivne småblad kan vere.
Kjenneteikn
Polarkarse er ei fleirårig urt med trinne, ugreina stenglar opptil 30 cm. Planten har ein rosett av finna blad med oftast 4–8 par tjukke (kjøttfulle), tydeleg sitjande, snaue og elliptiske småblad der nervane er noko innsenka. Endesmåbladet er jamstort med eller litt større enn sidesmåblada. Det er oftast 2–4 stengelblad. Småblada på stengelblada er sitjande og tjukke (kjøttfulle), ofte noko skål- eller båtforma. Blomestanden er ein klase som strekkjer seg noko i fruktstadiet. Begerblada er 3–5 mm lange. Kronblada er 9–12 mm lange og lysfiolette eller kvite med mørkare årer. Pollenknappane er gule. Arret er breiare enn griffelen. Fylte blomar er vanlege. Plantane set sjeldan frukt og formeirar seg om lag berre vegetativt med småblad som fell av.
Kromosomtal
Polarkarse er variabelt høgpolyploid, kanskje med to grunntal (x = 7 og 8), og med varierande kromosomtal på 2n = 56–100. Teljingar (av 2n = 64 og 80) er utførte på norsk materiale.
Økologi og utbreiing
Polarkarse er heimleg og veks i fjellmyr, våte snøleie og på våt grusmark, i kjelder og på bekke- og elvekantar og i våt tundra. Han er lite basekrevjande. Utbreiinga strekkjer seg frå nordboreal til nordarktisk sone og opp i mellomalpint belte, til 1600 moh. i Oppdal (Sør-Trøndelag). Arten er vanleg i fjellskogen og fjellet nordover frå Trysil og Stor-Elvdal (Hedmark), Nordre Land (Oppland), Nore og Uvdal (Buskerud), Seljord (Telemark) og Hjelmeland (Rogaland) og heilt til Finnmark. I nord veks han òg i låglandet. I Arktis er han sjeldsynt på Jan Mayen, men vanleg på Svalbard (inkludert Bjørnøya).
Den globale utbreiinga er arktisk og subarktisk sirkumpolar. I Europa er han ikkje funnen sør for Noreg (men sjå Stace 2019 kor han skriv at slike plantar kan finnast på Dei britiske øyane).
Kommentarar
Polarkarse høyrer til ei gruppe av nærskylde artar eller rasar, engkarse-gruppa, med fleire felles trekk. Mange forfattarar handsamar gruppa som éin art med fleire rasar, til dømes Jones mfl. (1993) som handsamar variasjonen som sju underartar av Cardamine pratensis. Mykje av problema i denne gruppa heng truleg saman med kromosomtala og formeiringsmåten. Diploide plantar er funne i Mellom-Europa, men hovuddelen av eller alle plantar i Nord-Europa er variabelt polyploide (sjå Lövkvist 1953, 1956, 1957, Lihová og Marhold 2003 og Elven mfl. 2011). Artane har i prinsippet frøformeiring, men frøa utviklar seg sjeldan, og plantane har hovudsakleg vegetativ formeiring med småblad som fell av frå både rosettblad og stengelblad. Slik formeiring kan vere ein utveg for plantar med ubalanserte kromosomtal og forstyrra meiose.
Dei plantane som er funne i Norden, høyrer til tre litt uklårt skilde einingar, her og hos til dømes Al-Shehbaz mfl. (2010) og Elven mfl. (2011, 2022) handsama som tre artar med noko ulik morfologi, økologi og utbreiing. Carlsen mfl. (2009) fann at desse tre, saman med fleire europeiske diploide og låg-polyploide artar utgjorde ei svært distinkt, monofyletisk evolusjonsgrein i ein molekylær fylogeni (bygd på ITS) for slekta Cardamine. Heile gruppa ser difor ut til å ha europeisk opphav.
Forvekslingar
Polarkarse kan bli forveksla med dei to andre artane i engkarse-gruppa og med bekkekarse Cardamine amara. Frå bekkekarse skil han seg mellom anna i at han har dei store blada i rosett ved grunnen, medan bekkekarse har dei som store stengelblad, i at pollenknappane er gule, medan dei er fiolette hos bekkekarse, i at arret er breiare enn griffelen, medan arret smalnar av frå griffelen hos bekkekarse, og i at stengelen er trinn, medan han er kantete hos bekkekarse.
Skilnadane mellom dei tre artane i engkarse-gruppa er mindre distinkte. Hos polarkarse Cardamine nymanii er rosettblada tjukke (kjøttfulle), oftast med litt innsenka nervar, og snaue, og stengelblada har sitjande og kjøttfulle småblad. Hos sumpkarse Cardamine dentata er rosettblada tynne, med heva nervar, og med spreidde hår (sjeldan heilt snaue), endesmåbladet på rosettblada er om lag jamstort med sidesmåblada, og stengelblada har tynne småblad med tydeleg skaft. Hos engkarse Cardamine pratensis er rosettblada tynne, med heva nervar, og spreidd håra, endesmåbladet på rosettblada er tydeleg større enn sidesmåblada, og stengelblada har tynne småblad utan eller berre med utydeleg skaft.
Kjelder
Al-Shehbaz IA, Marhold K og Lihová J (2010). Cardamine Linnaeus. I Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 7. Magnoliophyta: Salicaceae to Brassicaceae: 464–484.
Carlsen T, Bleeker W, Hurka H, Elven R og Brochmann C (2009). Biogeography and phylogeny of Cardamine (Brassicaceae). Annals of the Missouri Botanical Garden 96: 215–236.
Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/12/2022
Elven R, Arnesen G, Alsos IG og Sandbakk B (2020). Svalbardflora. https://svalbardflora.no.
Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.
Elven R, Murray DF, Razzhivin V og Yurtsev BA (red.) (2011). Annotated Checklist of the Panarctic Flora (PAF). http://panarcticflora.org/
Jones BMG, Akeroyd JR og Marhold K (1993). Cardamine L. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea 1 Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 346–351.
Lihová J og Marhold K (2003). Taxonomy and distribution of the Cardamine pratensis group (Brassicaceae) in Slovenia. Phyton (Horn) 43: 241–261.
Lövkvist B (1953). Polyploidy and differentiation in the Cardamine pratensis complex. Proceedings of the VII. International Botanical Congress Stockholm (1950): 333–334.
Lövkvist B (1956). The Cardamine pratensis complex. Outlines of its cytogenetics and taxonomy. Symbolae Botanicae Upsaliensis 14,2. 131 s.
Lövkvist B (1957). De skandinaviska arterna i Cardamine pratensis-komplexet. Botaniska Notiser 110: 237–250.
Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 13/12/2022
Rich TCG (1991). Crucifers of Great Britain and Ireland. BSBI Handbook 6. Botanical Society of the British Isles, London. 338 s.
Stace CA (2019). New Flora of the British Isles. 4. utg. C & M Floristics, Middlewood Green. 1266 s.
Siter nettsida som:
Elven R og Hegre H. Polarkarse Cardamine nymanii Gand. www.artsdatabanken.no/Pages/345548. Lasta ned <dag.månad.år>.