Skogkarse er heimleg og veks på fuktige stader nord til Helgeland.

Skogkarse er heimleg og knytt til fuktig, næringsrik skog. Han er nokså hyppig nord til Helgeland, men er svært ujamt utbreidd.

Kjenneteikn

Skogkarse er ei eitt- til kortlevd fleirårig urt, grissent håra på stengelen, særleg nedst, og ofte òg på blada, og med stenglar opptil 40 cm. Planten har ein rosett som kan visne tidleg, med rosettblad med 2–7 par sidesmåblad, og oftast 4–10 nokså store stengelblad, om lag jamstore med rosettblada, med 5 eller fleire par eggforma småblad. Håra på stengel og blad er korte, breiast nedst og smalnar tydeleg oppover (viktig skilnad mot rosettkarse). Blomestanden er ein klase som ikkje strekkjer seg særleg mykje i fruktstadiet. Kronblada er 2,5–4 mm lange og kvite. Oftast er det seks pollenberarar (endå ein skilnad mot rosettkarse som oftast har fire). Frukta er ei grann langskulpe på 10–25 mm med 1–1,5 mm lang, konisk griffel. Skulpa er oppstigande, men sit på eit nokså kort, sprikjande skaft. Skulpene stikk oftast ikkje opp over dei øvste blomane.

Skogkarse har ein rosett som kan visne tidleg, og mange nokså store stengelblad som er om lag jamstore med rosettblada. Det er fem eller fleire par eggforma småblad. 

Kroblada er nokså små og kvite, og blomeklasen strekkjer seg ikkje særleg mykje i fruktstadiet.

Frukta er ei grann og oppstigande langskulpe som sit på eit nokså kort og sprikjande skaft.

Kromosomtal

Skogkarse er tetraploid med grunntal x = 8 og kromosomtal 2n = 32. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Skogkarse veks på våte stader, i kjeldesig, på bekkekantar og på noko næringsrike stader i skog. 

Skogkarse er heimleg og veks på våte, noko næringsrike stader i skog, kjeldesig og på bekkekantar. Han er ikkje basekrevjande. Utbreiinga strekkjer seg frå nemoral til litt opp i nordboreal sone, opp til skoggrensa på 1000 moh. i Hemsedal (Buskerud). Arten er nokså vanleg på Austlandet nord til Romerike og Ringerike og i kyst- og dalstrøk nord til Trøndelag. Han er mykje meir sjeldsynt lengre nord på Austlandet, men funnen til Os (Hedmark, og herifrå over til Trøndelag), Etnedal (Oppland) og Hemsedal og Hol (Buskerud), og i Nordland nord til Meløy. Lenger nord er han funnen, truleg berre som kulturspreidd og ikkje bufast, i Bodø, Narvik og Hadsel (Nordland) og i Tromsø (Troms). Arten kan vere eit leitt ugras i frukthagar og andre hagar, særleg vestpå (Fægri 1960).

Den globale utbreiinga som heimleg omfattar Europa austover til Russland, Nordvest-Afrika og Tyrkia og Iran. Som kulturspreidd er han utbreidd i Nord- og Sør-Amerika, Australia og New Zealand.

Kommentarar

I nokre område i Noreg er skogkarse nokså vanleg; i andre område manglar han. Vi veit ikkje kva som kan vere bakgrunnen for denne flekkvise utbreiinga. Plantane i innlandet på Austlandet og i Trøndelag er nokså ulike dei i kyststrøk. Denne variasjonen er ikkje utgreidd.

Forvekslingar

Skogkarse liknar på rosettkarse Cardamine hirsuta, men det er fleire skilnadar. Rich (1991) fører opp dei følgjande som dei viktigaste: antal pollenberarar (rosettkarse har fire, sjeldan fem, skogkarse har seks), antal stengelblad (rosettkarse har 0–4, skogkarse har 4–10), og hårklednad på stengelen (rosettkarse er snau, skogkarse er håra, i alle fall nedst). I tillegg er altså håra på blada jamtjukke (eller heller jamgranne) hos rosettkarse, medan dei blir noko tjukkare mot grunnen hos skogkarse.

Kjelder

Al-Shehbaz IA, Marhold K og Lihová J (2010). Cardamine Linnaeus. I Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 7. Magnoliophyta: Salicaceae to Brassicaceae: 464–484.

Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/12/2022

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Fægri K (1960). Maps of distribution of Norwegian vascular plants. I. Coast plants. Oslo University Press, Oslo. 134 s. + LIV pl.

Jones BMG, Akeroyd JR og Marhold K (1993). Cardamine L. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea 1 Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 346–351.

Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 13/12/2022

Rich TCG (1991). Crucifers of Great Britain and Ireland. BSBI Handbook 6. Botanical Society of the British Isles, London. 338 s.

Stace CA (2019). New Flora of the British Isles. 4. utg. C & M Floristics, Middlewood Green. 1266 s.

Siter nettsida som:

Elven R og Hegre H. Skogkarse Cardamine flexuosa With. www.artsdatabanken.no/Pages/345545. Lasta ned <dag.månad.år>.