Ishavsreddik
Cakile maritima subsp. islandica
Frå Helgelandskysten (Vega) og nordover er ishavsreddik ein nokså vanleg plante, både på sand- og grusstrender og i tangvollar. I Nordland veks han ofte i blanding med fjørereddik subsp. maritima, men frå Troms og nordaustover er han einaste rase av arten.
Kjenneteikn
Ishavsreddik er ei eittårig, saftfull og snau urt, oftast lågare enn 50 cm. Stengelen er nedliggjande eller opprett. Blada er grunt til nokså djupt fjørflika med breie flikar. Blomane er nokså store og har honninglukt. Begerblada er opprette. Kronblada er lyst raudfiolette til kvite. Fruktene er særprega. Dei er leddskulper med to ledd som ikkje opnar seg. Det nedre leddet er veggdelen av skulpa, med eitt frø som oftast utviklar seg. Det øvre leddet er griffeldelen og har òg eitt frø som oftast utviklar seg. Oftast mognar begge ledd, og det er ei tydeleg innsnøring mellom dei to ledda, ikkje horn som hos dei andre underartane. Det øvre skulpeleddet har flytevev, losnar tidleg og spreier seg med havstraumar, medan det nedre skulpeleddet blir sitjande att og spreier seg saman med heile planten når han blir spreidd med havstraumar meir lokalt.
Kromosomtal
Ishavsreddik er diploid med grunntalet x = 9 og kromosomtalet 2n = 18. Teljingar er utførte på norsk materiale.
Økologi og utbreiing
Ishavsreddik veks både på sandstrender, ofte framom sanddyner, og på grus- og steinstrender, og alltid der det er tangrestar. Han kan vekse i svære, om lag samanhengande bestandar, ofte over fleire hundre meter. Han er mest vanleg på ytterkysten, men veks òg stundom noko inne i fjordane. Utbreiinga strekkjer seg frå sørboreal til subarktisk sone, frå Vega på Sør-Helgeland og heilt til Aust-Finnmark, med særleg mange førekomstar frå Meløy (Nordland) til Vardø (Finnmark) og på yttersida av Lofoten og Vesterålen. Lenger sør er det funne plantar som liknar mykje på denne underarten i Ervika og Hoddevika på Stadlandet i Selje (Sogn og Fjordane), men det er meir sannsynleg at desse høyrer til nordsjøreddik subsp. integrifolia. I 1939 blei det funnen ein liten plante av Cakile på Deltaneset ved Isfjorden på Spitsbergen. Planten synest høyre til ishavsreddik og må ha kome langvegesfrå med havstraumar. Elles er ishavsreddik kjent frå Island, Færøyane (her i ei noko avvikande form) og frå europeisk Nord-Russland.
Kommentarar
Ishavsreddik er den planten som har vore rapportert som (amerikansk) Cakile edentula (Bigelow) Hook. i Nord-Europa (sjå Löve og Löve 1947, Gjærevoll i Lid 1985), men som Rodman (1974) fastslo var ein rase av (europeisk) Cakile maritima. Han er same planten som Plants of the World Online (POWO) aksepterer som ein særskild art: Cakile arctica Pobed. Det er like mykje overgangar mellom ishavsreddik og fjørereddik subsp. maritima som det er mellom dei andre underartane, og handsaming som ein underart i den mangforma arten Cakile maritima er difor det mest rimelege.
Forvekslingar
Ishavsreddik og nordsjøreddik subsp. integrifolia har begge blad som er grunt flika, ikkje delte inn mot midten, eller hos nordsjøreddik ofte berre rundtanna, og med mykje breiare flikar og tenner enn dei to andre underartane. Austersjøreddik subsp. baltica og fjørereddik subsp. maritima har begge delte blad, men hos austersjøreddik er flikane ofte trådsmale og flika på ny. Hos nordsjøreddik og fjørereddik utviklast oftast ikkje det nedre leddet på frukta, og berre det øvre leddet har eit frø. Hos desse to er difor heller ikkje dei to horna mellom ledda godt utvikla. Hos austersjøreddik og ishavsreddik utviklast oftast begge ledda på frukta, med kvart sitt frø. Austersjøreddik har smale, spisse horn mellom ledda, medan ishavsreddik knapt har noko horn i det heile teke, men heller ei innsnøring mellom ledda. Frukta skil difor godt mellom dei elles snarlike rasane nordsjøreddik og ishavsreddik (som òg er godt geografisk skilde). Utviklinga av skulpeledd og horn varierer mykje, og ein må sjå på mange frukter (og plantar) for å sjå kva som er det hyppigaste.
Kjelder
Ball PW (1993). Cakile Miller. I TG Tutin mfl. (red.), Flora europaea 1 Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 413–414.
Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/12/2022
Elven R (2007). Cakile Mill. I Flora Nordica. Upublisert manus.
Elven R, Arnesen G, Alsos IG og Sandbakk B (2020). Svalbardflora. https://svalbardflora.no.
Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.
Elven R og Gjelsås T (1981). Strandreddik (Cakile Mill.) i Norge. Blyttia 39: 87–106.
Lid J (1985). Norsk svensk finsk flora (5. utg. av Norsk flora ved O Gjærevoll). Det Norske Samlaget, Oslo. 837 s.
Löve Á og Löve D (1947). Studies on the origin of the Icelandic flora. 1 Cyto-ecological investigations on Cakile. Reports of the Icelandic University Institute of Applied Sciences, Department of Agriculture, Series B, 2. 29 s.
Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 3/11/2022
Rodman JE (1974). Systematics and evolution of the genus Cakile (Cruciferae). Contributions from the Gray Herbarium 205: 3–146.
Rodman JE (1976). Differentiation and migration of Cakile (Cruciferae): Seed glucosinolate evidence. Systematic Botany 1: 137–148.
Siter nettsida som:
Elven R og Hegre H. Ishavsreddik Cakile maritima subsp. islandica (Gand.) Hyl. ex Elven. www.artsdatabanken.no/Pages/345532. Lasta ned <dag.månad.år>.