Nepe/turnips
Brassica rapa subsp. rapa
Nepe/turnips er ein svært hardfør kulturplante som blir dyrka over heile landet. Han er funnen utanfor kulturmark mange stader, truleg komen ut med søling av frø. Dei to norske namna gjeld det som blir dyrka anten som matplante for menneske (nepe) eller som dyrefôr (turnips).
Kjenneteikn
Nepe/turnips er toårig. Første året set han ein stor rosett og ein tjukk rotknoll som er sjølve nepa eller turnipsen. I kultur blir han oftast hausta første året, men stundom set han ‘stokk’ og går i bløming allereie første året. Om han får stå over vinteren, set han stengel og blomestand andre året.
Kromosomtal
Nepe/turnips er diploid med grunntal x = 10 og kromosomtal 2n = 20. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.
Økologi og utbreiing
Nepe/turnips kan stå att frå dyrking eller ha komen ut som lekkasje frå frøtransportar på kulturmark og langsmed vegar. Han er ikkje bufast, men er funnen spreidde stader i heile landet til Finnmark. Han har truleg vore dyrka i Noreg frå 1200-talet.
Forvekslingar
Kjelder
Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/5/2022
Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.
Hartvig P (2015). Atlas Flora Danica 1–3. Gyldendal, København.
Heywood VH og Akeroyd JR (1993). Brassica L. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 405–409.
Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 3/11/2022
Stace CA (2019). New Flora of the British Isles. 4. utg. C & M Floristics, Middlewood Green. 1266 s.
Siter nettsida som:
Elven R og Hegre H. Nepe/turnips Brassica rapa subsp. rapa. www.artsdatabanken.no/Pages/345524. Lasta ned <dag.månad.år>.