Rybs har vore dyrka som oljeplante (olje frå frøa) og som fôrplante, men er no stort sett erstatta av raps. Han er berre funnen nokre få gonger utanfor kultur i Noreg.

Kjenneteikn

Rybs er eittårig med grann rot. Han har nokså store, raudbrune frø (over 1,6 mm).

Kromosomtal

Rybs er diploid med grunntal x = 10 og kromosomtal 2n = 20. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Rybs kan stå att frå dyrking eller ha komen ut som lekkasje frå frøtransportar på kulturmark og langsmed vegar. Han er funnen om lag 20 gonger, om lag berre på Austlandet frå Mjøsområdet sør til Østfold og Buskerud. Han er ikkje bufast.

Kommentarar

Rybs er ein gammal kulturplante, òg i Norden. Hartvig (2015) skriv at han var mykje dyrka i Mellom-Europa i tidleg mellomalder, kanskje allereie i bronsealderen. Olja vart brukt som lampeolje.

Forvekslingar

Rybs skil seg frå nepe/turnips i at han er eittårig, utan rosett og rotknoll, frå åkerkål i noko større og raudbrune frø (grå eller gråsvarte hos åkerkål).

Kjelder

CCDB Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/5/2022

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Hartvig P (2015). Atlas Flora Danica 1–3. Gyldendal, København.

Heywood VH og Akeroyd JR (1993). Brassica L. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 405–409.

Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 3/11/2022

Stace CA (2019). New Flora of the British Isles. 4. utg. C & M Floristics, Middlewood Green. 1266 s.

Siter nettsida som:

Elven R og Hegre H. Rybs Brassica rapa subsp. oleifera (DC.) Metzg. www.artsdatabanken.no/Pages/345523. Lasta ned <dag.månad.år>.