Bondekål
Brassica rapa
Arten bondekål er framand i Noreg. Han omfattar éin villrase, åkerkål, og tre kulturplantar her handsama som underartar: oljeplanten rybs, matplanten kinakål og mat- og fôrplanten nepe/turnips.
Kjenneteikn
Bondekål er eitt- eller toårig, og hos dei toårige set planten ein tjukk rotknoll første året og blømer først andre året. Stengelen er opprett, lite greina og litt grissent håra nedst. Grunnblada og dei nedre stengelblada er heile eller buktflika med stor endeflik, grissent håra og grøne. Dei øvre stengelblada er heile, oftast snaue, blankt blågrøne, og bladgrunnen går kring stengelen. Blomane sit i klasar utan støtteblad. I klasen stikk dei opna blomane høgare opp enn knoppane (ein viktig skilnad frå kål Brassica oleracea). Begerblada sprikjer eller er meir opprette. Kronblada er 6–12 mm lange og litt bleikt gule. Frukta er ei langskulpe som er 4–6 cm lang og om lag 3 mm brei, med eit nebb på 1–2 cm.
Kromosomtal
Bondekål er diploid med grunntal x = 10 og kromosomtal 2n = 20. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.
Økologi og utbreiing
Bondekål er framand og omfattar éin villrase og fleire rasar av kulturplantar. Villrasen, åkerkål subsp. campestris, veks i åker og nysådd eng, langsmed vegar og på anna, nokså tørr skrotemark. Han er funnen over heile landet (frå nemoral til mellomboreal sone og meir tilfeldig i nordboreal sone), men er særleg hyppig i låglandet på Austlandet, langsmed kysten til Hordaland, og i Trøndelag. Kulturrasane ryps subsp. oleifera, nepe/turnips subsp. rapa og kinakål subsp. chinensis finn ein oftast i åkerkantar, på vegkantar og på skrotemark elles. Dei står ofte att frå dyrking året før eller kjem ut ved lekkasje av frø frå transportar. Nepe/turnips er funnen spreidde stader i om lag heile landet, men sjeldsynt i nord. Rybs blir dyrka som oljeplante og er funnen nokså få stader, mest på Austlandet. Kinakål er berre funnen på eit par deponi for organisk avfall. Alle desse kan vere mykje oversette.
Arten kjem nok opphaveleg frå Middelhavsområdet og austover til Den arabiske halvøya og Iran, kanskje òg Etiopia i Aust-Afrika, men er kulturspreidd over om lag heile verda.
Kommentarar
Variasjonen innanfor arten bondekål blir her handsama som éin villrase, åkerkål subsp. campestris, og tre kulturrasar. Opplysingane om kor dei einskilde kulturrasane er funne, og korleis dei veks, er så mangelfulle at den økologiske og geografiske handsaminga ikkje gjev mykje informasjon.
Forvekslingar
Bondekål, fôrkål Brassica napus og kål Brassica oleracea skil seg frå dei andre Brassica-artane i at dei øvre stengelblada hos desse tre er breie nedst, med bladgrunn som er noko til mykje stengelomfattande, medan òg dei øvre stengelblada er smale ved grunnen og ikkje stengelomfattande hos dei andre Brassica-artane.
Kål skil seg frå bondelkål og fôrkål i at knoppane stikk godt over dei opne blomane i blomestanden, medan dei ligg på høgd med blomane hos dei to andre. Hos bondekål er dei nedre blada grissent håra og grøne, og blomane er nokså små med kronblada som er 6–10 mm lange, medan hos fôrkål er alle blada snaue og blågrøne, og blomane er store med kronblad som er 10–15 mm lange.
Kjelder
Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/5/2022
Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.
Hartvig P (2015). Atlas Flora Danica 1–3. Gyldendal, København.
Heywood VH og Akeroyd JR (1993). Brassica L. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 405–409.
Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 3/11/2022
Stace CA (2019). New Flora of the British Isles. 4. utg. C & M Floristics, Middlewood Green. 1266 s.
Warwick SI (2010). Brassica Linnaeus. I Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 7. Magnoliophyta: Salicaceae to Brassicaceae: 419–424.
Siter nettsida som:
Elven R og Hegre H. Bondekål Brassica rapa L. www.artsdatabanken.no/Pages/345521. Lasta ned <dag.månad.år>.