Raps er ein svært viktig kulturplante i Noreg og globalt. Rapsolje er ein av dei tre planteoljane det produserast mest av i verda, og raps er i dag ei av dei to viktigaste kjeldene for proteinmjøl. Gule rapsåkrar er eit vanleg syn i låglandet nord til Trøndelag på forsommaren.

Kjenneteikn

Raps er ein eittårig plante, utan rosett og med ei grann, tappforma rot. 

Raps er eittårig, utan rosett og med grann, tappforma rot. Stengelen har kålgrøne, snaue blad. I blomestanden sit knoppar og opne blomar på om lag same høgda. Blomane er store med 10–15 mm lange kronblad.

Kromosomtal

Raps er tetraploid med eit sekundært grunntal x = 19 (hybridogent frå primære grunntal på x = 9 og x = 10) og kromosomtal 2n = 38. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Raps veks i åkerkantar, på vegkantar og på alle andre plassar der rapsfrø kan spreie seg med transportar. Han er vanleg å sjå i låglandet i Sør- og Midt-Noreg og er funnen heilt nord til Troms og Finnmark, men han vert sjeldan registrert. Kartet er difor tynt.

Utanfor dyrka areal finn ein typisk raps i åkerkantar, på vegkantar og der rapsfrø kan ha ramla av transportar. 

Kommentarar

Hartvig (2015) omtalar raps som Brassica napus subsp. napus, det vil seie nominatrasen. Det er mykje mogeleg at dette er riktig, at namnerasen for arten er den eittårige, dvs. raps, og at namnet subsp. oleifera er eit synonym for dette.

Forvekslingar

Sjå òg arten. Raps skil seg frå den andre rasen, kålrot subsp. rapifera, i at han er eittårig med grann rot og utan rosett, medan kålrot er toårig med ei tjukk, knollforma rot og ein stor rosett første året.

Kjelder

Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/5/2022

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Hartvig P (2015). Atlas Flora Danica 1–3. Gyldendal, København.

Heywood VH og Akeroyd JR (1993). Brassica L. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 405–409.

Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 3/11/2022

Stace CA (2019). New Flora of the British Isles. 4. utg. C & M Floristics, Middlewood Green. 1266 s.

Wikipedia/Rapeseed https://en.wikipedia.org/wiki/Rapeseed Lasta ned 7/11/2022

Siter nettsida som:

Elven R og Hegre H. Raps Brassica napus subsp. oleifera (DC.) Metzg. www.artsdatabanken.no/Pages/345518. Lasta ned <dag.månad.år>.