Sareptasennep
Brassica juncea
Sareptasennep er ein tetraploid hybridart komen opp frå kryssing mellom svartsennep og bondekål. Han er hovudsakleg dyrka som krydderplante og gjev sokalla ‘russisk sennep’. Han er framand hos oss, og det er uvisst om han er bufast i norsk natur.
Kjenneteikn
Sareptasennep er eittårig og opprett, opptil 70 cm høg. Planten er grøn, ikkje blågrøn som mange av dei andre Brassica-artane. Den nedre delen av stengelen og blada er stivhåra. Grunnblada og dei nedre stengelblada er buktflika med 1–3 par flikar; dei øvre stengelblada er tungeforma og heile eller tanna, og dei smalnar mot grunnen og har ikkje stengelomfattande grunn. Blomane sit i klasar der knoppane sit om lag jamhøgt med dei opne blomane. Blomane er nokså små, med opprette til sprikjande begerblad og gule kronblad som er 7–9 mm lange. Fruktene er langskulper, 3–6 cm lange og 3–4 mm breie, kortskafta og utan tydeleg fruktfeste (karpofor) på skaftet. Dei er noko innsnørte mellom frøa. I veggdelen sit frøa i éi rekkje i kvart rom. Nebbet (griffeldelen) er 5–10 mm langt og spisst.
Kromosomtal
Sareptasennep er ein allotetraploid hybridart frå bondekål (Brassica rapa med grunntal x = 9) og svartsennep (Rhamphospermum nigrum med x = 8, kanskje nokon gong x = 9). Han har kromosomtal 2n = 36. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.
Økologi og utbreiing
Sareptasennep er framand og kom frå først av inn med ballastjord. Arten blei først funnen i 1876 ved “Munkedammen i Xania [Kristiania]”. Seinare er han komen inn med korn ved møller og har vorte litt innført som krydderplante (‘russisk sennep’). Har er gjennom tida funnen på Austlandet inn til Mjøsområdet i Ringsaker (Hedmark) og Lillehammer (Oppland), i kyststrøk til Hordaland (der mange stader) og i Skaun og Trondheim (Sør-Trøndelag) ved møller og kornsiloar. Det er fleire funn i nyare tid, og arten er kanskje bufast nokre få stader i nemoral og boreonemoral sone.
Opphaveleg kjem sareptasennep truleg frå eit lite område i Kaukasus, der han truleg oppstod som ein spontan allotetraploid art (kromosomdobla hybrid mellom to artar), i møtesona mellom dei to foreldreartane (bondekål og svartsennep). Han har sidan vorte kulturspreidd til heile verda, hovudsakleg som krydderplante som forvillar seg.
Kommentarar
Sareptasennep er mykje brukt som krydder, kanskje meir i Asia (mellom anna som ‘Chinese mustard’) enn i Europa og Amerika. Hartvig (2015) seier at han i Danmark no er mykje meir dyrka enn svartsennep fordi det er mindre frøtap før og under haustinga (han er ‘mindre spildsom’).
Forvekslingar
Sareptasennep kan likne på den andre Brassica-arten som ikkje har stengelomfattande øvre blad, nemleg svartehavskål Brassica elongata, og på svartsennep Rhamphospermum nigrum som heller ikkje har stengelomfattande blad. Han skil seg frå svartsennep i at skulpa sit på eit utståande skaft som er lengre enn begeret, medan skulpa hos svartsennep er tiltrykt stengelen og sit på eit skaft som er kortare enn begeret. Frå svartehavskål skil han seg særleg i at skulpa ikkje har noko tydeleg fruktfeste (karpofor), medan svartehavskål har eit slikt fruktfeste på 2–4 mm. Slike fruktfeste ser ut som eit ekstra ledd ovanfor skulpeskaftet, mellom begerfestet og sjølve skulpa. Nebbet på skulpa er også lengre (meir enn 3 mm) hos sareptasennep enn hos svartehavskål (0,5–2,5 mm).
Kjelder
Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/5/2022
Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.
Hartvig P (2015). Atlas Flora Danica 1–3. Gyldendal, København.
Heywood VH og Akeroyd JR (1993). Brassica L. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 405–409.
Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 3/11/2022
Stace CA (2019). New Flora of the British Isles. 4. utg. C & M Floristics, Middlewood Green. 1266 s.
Warwick SI (2010). Brassica Linnaeus. I Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 7. Magnoliophyta: Salicaceae to Brassicaceae: 419–424.
Siter nettsida som:
Elven R og Hegre H. Sareptasennep Brassica juncea (L.) Czern. www.artsdatabanken.no/Pages/345516. Lasta ned <dag.månad.år>.