Svartehavskål
Brassica elongata
Svartehavskål er framand og har vore funnen fleire stader på Austlandet, Sørlandet, Vestlandet og i Trøndelag, men etter 1980 er han berre rapportert frå Stathelle i Bamble og frå Kristiansand. Arten kjem opphaveleg frå austlege Mellom-Europa og Svartehavsområdet.
Kjenneteikn
Svartehavskål er ei toårig eller oftare fleirårig urt. Planten er litt håra nedst og har ein opptil 1 m høg stengel med mange sprikjande greiner. Grunnblada er bukttanna, dei nedre stengelblada lansettforma til tungeforma og kvasstanna, og dei øvre stengelblada smale og heile. Blomestanden er ein klase som strekkjer seg noko i fruktstadiet. Begerblada er meir eller mindre opprette. Kronblada er bleikgule og 7–8 mm lange. Fruktene er smale langskulper, 1,5–4 cm lange. Dei sit på om lag 1 cm lange, sprikjande skaft som har eit tydeleg, 2–4 mm langt, fruktfeste (karpofor) øvst. Skulpene er tydeleg knudrete. I veggdelen sit det éi rekkje frø i kvart skulerom. Griffeldelen er eit kort nebb på 0,5–2,5 mm, utan frø.
Kromosomtal
Svartehavskål er diploid med grunntal x = 11 og kromosomtal 2n = 22. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.
Økologi og utbreiing
Svartehavskål er ein framand art som er komen inn med ballastjord og med korn ved møller. Han blei først funnen ved “Bagaas brug” nederst ved Akerselva i Oslo i 1895, her truleg komen med ballastjord. Det er svært spreidde funn i Østfold, kring Oslo, kring Bamble – Skien (Telemark), frå Kristiansand (Vest-Agder), på Jæren og i Stavanger (Rogaland), i Stord, Kvam og Modalen (Hordaland), og på Ladehammeren i Trondheim (Sør-Trøndelag), her i 1901 og på ballastjord. Storparten av funna er gamle, og etter 1980 er arten berre dokumentert frå Stathelle i Bamble, men her var han bufast i alle fall fram til 1994. Han er óg rapportert frå Lumberveien i Kristiansand i 2019. Han er mest funnen på baserik jord.
Svartehavskål er heimleg i austlege Mellom-Europa og kring Svartehavet. Storparten av innførselen til Noreg har nok skjedd med korn frå Svartehavsområdet. Elles er arten vidt utbreidd austover i Russland og Sentral-Asia, men han er lite spreidd elles i verda.
Kommentarar
Svartehavskål er rapportert med to underartar: subsp. elongata med buktflika blad, i heile utbreiingsområdet og subsp. integrifolia (Boiss.) Breistr. med heile blad, i Sør-Russland og Ukraina. Om lag heile det norske materialet har vore namnfesta som subsp. integrifolia, noko som styrker hypotesen om hovudinnførsel med korn frå Svartehavsområdet. Det einaste materialet som er namnfesta til subsp. elongata, er eit funn frå ei mølle i Oslo i 1915 og eit anna frå den same bestanden i Stathelle der alt anna materiale er namnfesta til subsp. integrifolia. Vi reknar difor med at vi berre har éin underart i Noreg i nyare tid (etter 1915), og at det er subsp. integrifolia.
Forvekslingar
Svartehavskål kan likne på den andre Brassica-arten som ikkje har stengelomfattande øvre blad, nemleg sareptasennep Brassica juncea, og på svartsennep Rhamphospermum nigrum som heller ikkje har stengelomfattande blad. Han skil seg frå svartsennep i at skulpa sit på eit utståande skaft, medan skulpa hos svartsennep sit på eit skaft som er er tiltrykt stengelen. Frå sareptasennep skil han seg særleg i at skulpa har eit tydeleg fruktfeste (ein karpofor) på 2–4 mm, medan sareptasennep ikkje har noko tydeleg fruktfeste. Slike fruktfeste ser ut som eit ekstra ledd ovanfor skulpeskaftet, mellom begerfestet og sjølve skulpa. Nebbet på skulpa er dessutan lengre (meir enn 3 mm) hos sareptasennep enn hos svartehavskål (0,5–2,5 mm).
Kjelder
Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/5/2022
Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.
Hartvig P (2015). Atlas Flora Danica 1–3. Gyldendal, København.
Heywood VH og Akeroyd JR (1993). Brassica L. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 405–409.
Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 3/11/2022
Stace CA (2019). New Flora of the British Isles. 4. utg. C & M Floristics, Middlewood Green. 1266 s.
Warwick SI (2010). Brassica Linnaeus. I Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 7. Magnoliophyta: Salicaceae to Brassicaceae: 419–424.
Siter nettsida som:
Elven R og Hegre H. Svartehavskål Brassica elongata Ehrh. www.artsdatabanken.no/Pages/345514. Lasta ned <dag.månad.år>.