Vinterkarse
Barbarea vulgaris
Vinterkarse er ein framand art. Han blei truleg innført til Noreg som salatplante og kom dessutan med gras- og kløverfrø på slutten av 1700-talet. Sidan har han spreidd seg mykje og er no vanleg over storparten av landet. Han blømer tidleg og set allereie tidleg i mai farge på vegkantar og tørrbakkar i låglandet.
Kjenneteikn
Vinterkarse er ei to- til fleirårig urt med opprette stenglar opptil 80 cm. Planten er snau. Grunnblada har 2–5 par sideflikar og ein stor endeflik. Stengelblada er grunt til djupt flika, men ikkje flika innom midten av bladet (sett bort frå grunnflikane), og dei øvste blada er ofte berre tanna. Stengelblada har stengelomfattande grunn med bladøyre. Blomestanden er ein klase som strekkjer seg mykje i fruktstadiet. Begerblada er snaue, òg i knoppstadiet. Kronblada er 6–8 mm lange, dobbelt så lange som begerblada, og gule. Frukta er ei langskulpe, 15–30 mm lang eller litt lengre. Både skulpeskaft og skulper sprikjer, og skulpeskafta er mykje grannare enn skulpa. Griffelen er 2–3,5 mm lang.
Kromosomtal
Vinterkarse er diploid med grunntal x = 8 og kromosomtal 2n = 16. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.
Økologi og utbreiing
Vinterkarse er framand, truleg frå først av innført som salatplante og komen inn som ureining i gras- og kløverfrø kring 1790, seinare mykje komen med transportmiddel og spreidd langsmed vegar og jernbanar. Han er særs bufast i Noreg og framleis i auke. Han er naturalisert på berg og tørrbakkar og veks elles i åker og eng, ved grøfter, på veg- og jernbanekantar og på allslags skrotemark. Han er noko næringskrevjande, men ikkje basekrevjande. Han blir spreidd med frø og jordmassar og er særs vanleg i låglandet nord til Trøndelag, men er noko mindre vanleg opp i fjelldalane. Han er òg noko mindre vanleg på Sør-Vestlandet, Vestlandet og i Nord-Noreg. Utbreiinga strekkjer seg frå nemoral til subarktisk sone (og bufast òg i mellomarktisk sone), og han er funnen med frøsetjing heilt opp i lågalpint belte, til 1220 moh. på Finse i Ulvik (Hordaland). På Svalbard er han funnen mange stader på Spitsbergen, særleg i dei russiske gruvesamfunna. Han er no bufast i alle fall i Barentsburg, truleg òg i Pyramiden, og har tidlegare vore bufast i Grumantbyen og Colesbukta.
Den heimlege utbreiinga omfattar stordelen av Europa (men ikkje heilt i nord), Nordvest-Afrika og midtre delar av Asia aust til Aust-Sibir og Mongolia. Elles er han vidt utbreidd som kulturspreidd i Nord-Amerika og i nokre få andre område.
Kommentarar
Vinterkarse er formrik, og mest omtala er nok variasjonen i skulpeform. Nokre populasjonar har nokså tjukke og om lag rette skulper. Desse er kalla rettvinterkarse var. vulgaris. Andre populasjonar har granne, bøygde skulper. Desse er kalla bogevinterkarse var. arcuata (Opiz ex J.Presl & C.Presl) Fr. Det er vanleg å finne bestandar der skulpene aborterer på tidleg stadium, og desse har vore mistenkte for å vere hybridar mellom rettvinterkarse og bogevinterkarse. Al-Shehbaz (2010) tolkar denne variasjonen, og variasjonen i andre karakterar (som bladoppdeling), som eit kontinuum der det ikkje er mogeleg å skilje ut rasar. Det same gjer Rich (1987). Vi er ikkje overtydde om at deira tolking er riktig. Ei nærare undersøking av denne arten kunne ha vore nyttig. Dei andre karakterane som har vore nytta til å skilje desse to, varierer ikkje konsistent og støtter soleis konklusjonen om å ikkje skilje dei taksonomisk.
Det er noko usemje om kor lenge arten har vore i Norden. Hartvig (2015) held det opent; det første funnet i Danmark er frå slutten av 1700-talet. Lundqvist i Tyler mfl. (2007) meiner arten har vore i Skandinavia allereie før mellomalderen.
Forvekslingar
Vinterkarse kan bli forveksla med stakekarse Barbarea stricta, men vinterkarse har større blomar, og i knoppstadiet skil stakekarse seg frå vinterkarse i at han har nokre hår i toppen av begerblada, noko vinterkarse manglar. Elles er grunnblada nokså ulike, der den store endefliken og dei få og små sideflikane hos stakekarse skil seg frå dei mange og djupe flikane hos vinterkarse. Griffelen er òg lengre hos vinterkarse enn hos stakekarse, 2–3,5 mm mot 0,5–1,8 mm. Særleg klår er skilnaden i fruktstadiet; vinterkarse har skulper på sprikjande skaft, medan både skaft og skulper er tiltrykte stengelen hos stakekarse.
Kjelder
Al-Shehbaz IA (2010). Barbarea W. T. Aiton. I Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 7. Magnoliophyta: Salicaceae to Brassicaceae: 460–463.
Ball PW (1993). Barbarea R. Br. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 342–343.
Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/5/2022
Elven R, Arnesen G, Alsos IG og Sandbakk B (2020). Svalbardflora. https://svalbardflora.no.
Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.
Hartvig P (2015). Atlas Flora Danica 1–3. Gyldendal, København.
Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 9/12/2022
Rich TCG (1987). The genus Barbarea R.Br. (Cruciferae) in Britain and Ireland. Watsonia 16: 389–396.
Rich TCG (1991). Crucifers of Great Britain and Ireland. BSBI Handbook 6. Botanical Society of the British Isles, London. 338 s.
Stace CA (2019). New Flora of the British Isles. 4. utg. C & M Floristics, Middlewood Green. 1266 s.
Tyler T, Olsson K-A, Johansson H og Sonesson M (red.) (2007). Floran i Skåne. Arterna och deras utbredning. Lunds Botaniska Förening. 779 s.
Siter nettsida som:
Elven R og Hegre H. Vinterkarse Barbarea vulgaris W.T.Aiton. www.artsdatabanken.no/Pages/345512. Lasta ned <dag.månad.år>.