Peparrot
Armoracia rusticana
Peparrot har vore dyrka i minst 2000 år på grunn av den skarpe smaken på rota. Arten kjem truleg frå Svartehavsområdet, men har vore i Norden i alle fall frå mellomalderen og er solid etablert som ein framand og noko ekspansiv plante i norsk natur.
Kjenneteikn
Peparrot er ei grovvaksen, fleirårig urt som kan bli 1 m eller meir. Planten er snau. Grunnblada er langskafta, elliptiske til avlange og rundtanna, og dei kan bli opptil 1 m lange. Dei er svært særprega og gjer at denne planten ikkje lett blir forveksla med nokon annan krossblome (eller annan plante). Stengelblada er smale; dei nedre er djupt flika eller delte, dei øvre er linjeforma og heile eller noko tanna. Kontrasten mellom grunnblad og stengelblad gjer òg at denne planten er noko for seg sjølv. Blomestanden er rikt greina med klasar som strekkjer seg ein god del i fruktstadiet. Kronblada er kvite, kortskafta og om lag 6 mm lange. Frukta er ei om lag rund eller elliptisk kortskulpe med frø i to rekkjer i kvart skulperom, men frukta og frøa mognar sjeldan hos plantar i Norden. Rota har ein skarp peparsmak.
Kromosomtal
Peparrot er tetraploid med grunntal x = 8 og kromosomtal 2n = 32. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.
Økologi og utbreiing
Peparrot er framand i Noreg. Arten har vore dyrka i Norden sidan mellomalderen (Hartvig 2015), og han kan godt ha vore i norsk natur mykje lengre det som er dokumentert. Det tidlegaste dokumenterte funnet i norsk natur er frå Kristiansund (Møre og Romsdal) i 1870, der arten kom inn med ballastjord på Gomalandet. Han er òg innført som krydderplante i seinare tid og forvilla. Han er bufast og i auke, og han er ofte naturalisert i grasmark, på vegkantar og på anna skrotemark. Han veks oftast på svært næringsrik grunn. Utbreiinga strekkjer seg frå nemoral til noko inn i sørboreal sone. Arten er vanleg på sørlege Austlandet og delar av Sørlandet, og han er funnen inn i dalføra til Trysil (Hedmark) og Nord-Fron (Oppland). Han er noko meir sjeldsynt i kyst- og fjordstrøk til Ørland (Sør-Trøndelag) og Levanger, Verdal og Steinkjer (Nord-Trøndelag).
Som med andre gamle kulturplantar, kan det vere vanskeleg å finna ut kor peparrot opphaveleg kjem frå. Plants of the World Online (POWO) rapporterer arten som heimleg berre i Ukraina og Sør-Russland; det same gjer Hultén og Fries (1986). Han er kulturspreidd til fleire andre område, særleg til Nord-Amerika.
Forvekslingar
Peparrot har ingen opplagde forvekslingsartar. Det som gjer denne planten unik, er dei digre, rundtanna grunnblada og kontrasten mellom desse og dei djupt flika stengelblada.
Kjelder
Al-Shehbaz IA (2010). Armoracia P. Gaertner, B. Meyer & Scherbius. I Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 7. Magnoliophyta: Salicaceae to Brassicaceae: 459–460.
Ball PW (1993). Armoracia P. Gaertner, B. Meyer & Scherb. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 346.
Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 13/4/2022
Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.
Hartvig P (2015). Atlas Flora Danica 1–3. Gyldendal, København.
Hultén E og Fries M (1986). Atlas of North European Vascular Plants North of the Tropic of Cancer. I. Koeltz Scientific Books, Königstein. 498 s.
Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 9/12/2022
Rich TCG (1991). Crucifers of Great Britain and Ireland. BSBI Handbook 6. Botanical Society of the British Isles, London. 338 s.
Stace CA (2019). New Flora of the British Isles. 4. utg. C & M Floristics, Middlewood Green. 1266 s.
Siter nettsida som:
Elven R og Hegre H. Peparrot Armoracia rusticana G.Gaertn., B.Mey. & Scherb. www.artsdatabanken.no/Pages/345505. Lasta ned <dag.månad.år>.