Avvikande, heilt eller om lag snaue og oftast mørkgrøne eller litt raudlege plantar av arten bergskrinneblom veks på kalkmark kring Oslofjorden og Skiensfjorden. Det er desse plantane som blir kalla snau bergskrinneblom.

Kjenneteikn

Snau bergskrinneblom er snau eller om lag snau på stengel og blad, og ser difor meir mørkgrøn eller raudleg ut enn håra bergskrinneblom.

Kromosomtal

Snau bergskrinneblom er tetraploid med grunntal x = 8 og kromosomtal 2n = 32. Teljingar er utførte på norske plantar. Sjå kommentarar til arten.

Økologi og utbreiing

Snau bergskrinneblom veks på kalkberg (på svaberg og hyller) og på grunnlendt kalkmark, ofte saman med håra bergskrinneblom og kanskje med nokre overgangsformer. Han er vanleg i eit lite område på Sør-Austlandet frå Hvaler (Østfold) og Bamble (Telemark) nord til Oslo, om lag berre i kambro-silur-områda i nærleiken av Oslofjorden og Skiensfjorden. Han veks truleg berre i Nord-Europa og er kjent i eit belte frå Sør-Austlandet austover i kalkområde i Midt-Sverige til Öland, Gotland og Stockholms skjergard. Han er òg rapportert frå Danmark (Hartvig 2015).

Kommentarar

Snau bergskrinneblom har vore handsama ulikt av ulike forfattarar. Planten vert stundom handsama som ein særskild art, Arabis wahlenbergii Jord., men Titz (1978) synte at snaue plantar førekjem mange stader i Europa og truleg har oppstått mange gonger. Han skriv òg at genet for snaue plantar er dominant over genet for håra plantar. Om ein ser på Artskart (lesen 12.12.2022), er slike plantar funne i fire ulike område: kring Oslo- og Skiensfjorden, i Sunnhordland, i Jotunheimen og nokre få stader i Nord-Norge. Vi mistenkjer at plantane i Jotunheimen og Nord-Noreg heller høyrer til grann bergskrinneblom (var. subalpestre, som kan vere mindre håra enn var. hirsuta), men i alle fall nokre av plantane i Sunnhordland synast vere heilt snaue og kan utgjere ei separat oppstått populasjonsgruppe. Det er difor litt tvil om vi skal rekne var. glaberrima (Arabis wahlenbergii) som eit særskilt takson. Det som tel for å akseptere plantane kring Oslo- og Skiensfjorden (og dei austover herifrå i Sverige) som eit takson, er at dei her har ei klårt definert utbreiing og ein økologi som skil dei frå resten av arten.

Forvekslingar

Snau bergskrinneblom skil seg frå håra bergskrinneblom i nett det som namna seier; den første er snau eller om lag snau og grøn (eller raudleg), den andre er alltid godt håra og grågrøn (aldri raudleg).

Kjelder

Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 13/4/2022

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Det Norske Samlaget, Oslo. 1255 s.

Hartvig P (2015). Atlas flora danica 1–3. Gyldendal, København.

Titz W (1978). Experimentelle Systematik und Genetik der kahlen Sippen in the Arabis hirsuta-Gruppe (Brassicaceae). Botanische Jahrbücher 100: 110–139.

Siter nettsida som:

Elven R og Hegre H. Snau bergskrinneblom Arabis hirsuta var. glaberrima Wahlenb. www.artsdatabanken.no/Pages/345504. Lasta ned <dag.månad.år>.