Håra bergskrinneblom er den vanlege rasen i heile Noreg, her òg inkludert den svakt karakteriserte varieteten grann bergskrinneblom.

Kjenneteikn

Håra bergskrinneblom er ei to- eller oftast fleirårig urt som veks i små tuver, med rosett og med stivt opprette stenglar opptil 60 cm. Blad og stenglar er meir eller mindre strihåra med uregelrett greina hår og stjernehår. Rosettblada er eggforma eller spatelforma og utydeleg tanna. Stengelblada er talrike, smale og har grunn som går noko kring stengelen. Blomestanden er ein klase som strekkjer seg mykje i fruktstadiet. Kronblada er kvite og 4–5,5 mm lange. Frukta er ei langskulpe på 1,5–3,5 (5) cm, og ho er tiltrykt stengelen.

Kromosomtal

Håra bergskrinneblom er di- og tetraploid med grunntal x = 8 og kromosomtala 2n = 16 og 32. Teljingar (av begge tala) er utførte på norske plantar. Sjå kommentarar under arten.

Økologi og utbreiing

Håra bergskrinneblom veks på tørrbakkar, svaberg, i sørberg og rasmark og i grus- og sandmæler. Han er kanskje litt basekrevjande. Han er funnen i om lag heile landet, nord til Aust-Finnmark og opp til snaufjellet på 1340 moh. i Ål (Buskerud). I fjelldalane og fjellet er han sterkt knytt til sørberg. Han er vanleg sør og vest på Austlandet, på stordelen av Vestlandet, i Trøndelag og i Nordland og Troms. Han er meir sjeldsynt på indre, austre Austlandet, på indre Sørlandet og på Sør-Vestlandet og i Finnmark.

Dette er den vidt utbreidde rasen globalt og har same hovudutbreiing som arten, sjå der.

Kommentarar

Plantane i innlandet og fjelldalane, særleg i berg og rasmark, blir stundom rekna til ein særskild varietet, grann bergskrinneblom var. subalpestre Ahlfv. Dei er oftast meir grannvaksne enn plantane i låglandet, og stengel og blad er mindre håra og kanskje med noko kortare hår. Desse plantane er svært lite granska og fortener kanskje ikkje eit særskilt namn.

Forvekslingar

Håra bergskrinneblom skil seg frå snau bergskrinneblom i nett det namna seier; den første er alltid godt håra, den andre er snau eller om lag snau og ser difor òg meir grøn ut, ikkje grå som den første.

Kjelder

Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 13/4/2022

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Siter nettsida som:

Elven R og Hegre H. Håra bergskrinneblom Arabis hirsuta var. hirsuta. www.artsdatabanken.no/Pages/345503. Lasta ned <dag.månad.år>.