Hageskrinneblom er ein framand art som har forvilla seg frå dyrking som prydplante.

Hageskrinneblom er ein framand art som er innført som prydplante. Han har forvilla seg ein god del på berg og skrotemark. Planten er heimleg i Middelhavsområdet og Vest-Asia.

Kjenneteikn

Hageskrinneblom er ei fleirårig urt som har mykje utløparar og som ofte veks i store matter, med stenglar opptil 35 cm. Stengel og blad er tett og grått stjernehåra. Alle blad er store og kvasst bukttanna med få tenner. Grunnblada er omvendt lansettforma med lang kileforma grunn. Stengelblada er avlange til lansettforma med pilforma grunn som går kring stengelen, og med bladøyre som er spisse og tydeleg lengre enn breie. Blomestanden er ein nokså fåbloma klase som strekkjer seg litt i fruktstadiet. Begerblada er 4,5–8 mm lange, og to av dei er tydeleg sekkforma ved grunnen. Kronblada er 10–19 mm lange og kvite eller stundom (sjå 'Kommentarar') lyst rosa eller fiolette. Frukta er ei langskulpe på 4–7 cm, og ho sprikjer på eit 1–2 cm langt, utståande skaft. Veggane har tydeleg midtnerve. Frøa manglar vengjekant.

Kromosomtal

Hageskrinneblom er diploid med grunntal x = 8 og kromosomtal 2n = 16. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Hageskrinneblom er framand og innført som prydplante. Han blir oftast dyrka på berg, og det er her han særleg forvillar seg, med første funn i 1912 i Bamble (Telemark). Planten kan vekse i store flak nedover berget og er òg funnen mange stader på vegkantar og anna skrotemark. Han er noko basekrevjande, og dei største konsentrasjonane finn ein i område med kalkgrunn: ved Mjøsa, i Oslofeltet og sørover til Skiensfjorden og kring Trondheimsfjorden nord til Inderøy og Levanger (Nord-Trøndelag). I nord er han funnen i Harstad og Tromsø (Troms). Det er nokså få funn på Vestlandet. Utbreiinga ligg hovudsakleg frå nemoral til sørboreal sone, i nord noko inn i mellomboreal sone.

Arten er heimleg i Middelhavsområdet, Nordvest-Afrika og Vest-Asia aust til Iran og Den arabiske halvøya.

Hageskrinneblom forvillar seg særleg på berg som óg er der han oftast vert dyrka.

Kommentarar

Tidlegare (sjå til dømes Elven mfl. 2022) har forvilla hageskrinneblom med rosa eller lilla kronblad vore ført til raud hageskrinneblom Arabis ×arendsii, ein hybrid mellom hageskinneblom og ein art frå Tyrkia, Arabis aubrietoides Boiss. Andre skilnader enn blomefargen har ikkje vore kjende. Funn av både kvite og raudlege blomefargar i same område har gjeve mistanke om at dette berre er reine fargevariantar innan same art, og Cullen mfl. (2011) omtalar fleire kultivarar med rosa blomar innan Arabis alpina (som hageskrinneblom hos dei er ein underart under). Ein av desse kultivarane ('Rosea') vert her jamført med ein feil bruk av det nemnde arendsii-namnet. Vi har freista å finne gode karakterar for den andre foreldrearten, Arabis aubrietoides, men utan særleg hell. Nettsider og dels Cullen mfl. (2011) peikar likevel på at denne arten er grøn og lite håra, og det stemmer difor ikkje særleg godt at dei forvilla hageskrinneblom-plantane med rosa blomar har ein hårklednad som er identisk med hårklednaden til hageskrinneblom med mindre dei faktisk er hageskrinneblom, noko som no er vår konklusjon.

Forvekslingar

Hageskrinneblom kan i hovudsak berre bli forveksla med fjellskrinneblom Arabis alpina. Hageskrinneblom skil seg frå fjellskrinneblom i at han er mykje meir gråhåra, i at dei nedre blada har lang, kileforma grunn, i at stengelblada har spisse, pilforma bladøyre som er tydeleg lengre enn dei er breie, i at kronblada er lengre (10–19 mm mot 5–9 mm), og i at skulpa er lengre (4–7 cm mot 2–4 cm).

Kjelder

Al-Shehbaz IA (2010). Arabis Linnaeus. I Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 7. Magnoliophyta: Salicaceae to Brassicaceae: 257–266.

Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 13/4/2022

Cullen J, Knees SG og Cubey HS (2011). The European Garden Flora, Volume II: Casuarinaceae to Cruciferae. Second Edition. Cambridge University Press. 642 s.

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Jones BMG og Akeroyd JR (1993). Arabis L. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 352–356.

Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 13/12/2022

Rich TCG (1991). Crucifers of Great Britain and Ireland. BSBI Handbook 6. Botanical Society of the British Isles, London. 338 s.

Stace CA (2019). New Flora of the British Isles. 4. utg. C & M Floristics, Middlewood Green. 1266 s.

Siter nettsida som:

Elven R og Hegre H. Hageskrinneblom Arabis caucasica Willd. www.artsdatabanken.no/Pages/345501. Lasta ned <dag.månad.år>.