Sandskrinneblom
Arabidopsis arenosa
Sandskrinneblom er ein framand art som kom til Noreg på 1800-talet. Arten kom inn med grasfrø og transportmiddel og har spreidd seg svært mykje og er no vanleg i fleire delar av landet. Arten kjem opphaveleg frå Mellom-Europa.
Kjenneteikn
Sandskrinneblom er ei eittårig (sjeldan toårig) urt. Ho har fjørdelte rosettblad med stor endeflik, og blada har både uregelrett greina hår og lange, ugreina hår. Stengelen kan bli opptil 40 cm høg, og han er ofte greina, med få og oftast heile stengelblad. Blomestanden er ein klase som strekkjer seg noko i fruktstadiet. Blomane er 12–16 mm breie, heilt opne, med kronblad som er 6–8 mm lange, kvite eller med eit rosa skjær, og utan gul flekk på kronbladskaftet, men med eit par tenner på skaftet. Frukta er ei 2–4 cm lang, grann langskulpe på sprikjande skaft. Ho er kring fire gonger så lang som skulpeskaftet, eller meir, med ein 0,5–0,9 mm lang griffel. Det er éi rekkje frø i kvart skulperom, og frøa er 1–1,5 mm breie.
Kromosomtal
Sandskrinneblom er di- og tetraploid med grunntal x = 8 og kromosomtala 2n = 16 og 32. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.
Økologi og utbreiing
Sandskrinneblom er framand i Noreg og er komen inn med transportmiddel og kanskje med grasfrø. Han blei først funnen i Kristiansand og Vennesla (Vest-Agder) i 1871. Neste funn er i Bergen (Hordaland) i 1877. Han veks på open, nokså tørr mark, både sur og basisk, men oftast næringsfattig. Særleg vanleg er han på vegkantar og langsmed jernbanar, men elles veks han på allslags skrotemark og stundom òg i nysådd eng, åker og på havstrand. Arten er hovudsakleg utbreidd frå nemoral til nordboreal sone, men førekjem òg i lågalpint belte. I Aust-Finnmark er han funnen godt naturalisert i sandmæler langsmed større elvar. I dag er han vanleg på Austlandet, Sørlandet, i Trøndelag og i Aust-Finnmark, noko meir spreidd på Vestlandet og i Nordland–Troms, men heller ikkje her sjeldsynt. Han er funnen (og set frø) heilt opp til 1220 moh. på Finse i Ulvik (Hordaland). Han har særleg store og tette førekomstar i dei områda der han først vart funnen: på Sørlandet kring Kristiansand, kring Oslo og i Valdres kring Bagn i Sør-Aurdal (Oppland).
Arten er heimleg i Mellom-Europa frå Frankrike aust til Russland, men han er ikkje rekna som heimleg i Sverige eller Finland. I Danmark er han samla og dokumentert i herbarium allereie frå 1600-talet og er rekna som heimleg eit par stader (Møns og Stevns klinter), men ein antek at storparten av utbreiinga òg i Danmark i dag skuldast innførslar (Hartvig 2015).
Kommentarar
To underartar er aksepterte: den eitt- til toårige subsp. arenosa og den fleirårige subsp. borbasii (Zapał.) O’Kane & Al-Shehbaz, begge utbreidde i om lag heile det heimlege utbreiingsområdet. Den siste har òg mykje meir tydeleg lilla blomar enn den første. Subspecies borbasii skal vere funnen i Danmark, men det er ikkje noko førebels som tyder på at han veks i Noreg. Vi antek med andre ord at det er nominatrasen subsp. arenosa som veks her.
Forvekslingar
Sandskrinneblom liknar mykje på svensk skrinneblom Arabidopsis suecica, som han er ein av foreldreartane til. Han skil seg frå svensk skrinneblom i meir opne blomar med større kronblad (meir enn 6 mm lange mot opptil 6 mm lange) som er reint kvite eller bleikt lilla utan gul flekk på kronbladskaftet (mot berre reint kvite med gul flekk på skaftet), og i at blada om lag alltid er djupt flika (mot heile, tanna eller berre grunt flika).
Kjelder
Al-Shehbaz IA (2010). Arabidopsis (de Candolle) Heynhold. I Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 7. Magnoliophyta: Salicaceae to Brassicaceae: 447–450.
Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/5/2022
Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.
Hartvig P (2015). Atlas Flora Danica 1–3. Gyldendal, København.
Jones BMG og Akeroyd JR (1993). Cardaminopsis (C. A. Meyer) Hayek. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea 1 Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 351–352.
O’Kane SL og Al-Shehbaz IA (2003). Phylogenetic position and generic limits of Arabidopsis (Brassicaceae) based on sequences of nuclear ribosomal DNA. Annals of the Missouri Botanical Garden 90: 603–612.
Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 9/12/2022
Siter nettsida som:
Elven R og Hegre H. Laukurt Sandskrinneblom Arabidopsis arenosa (L.) Lawalrée. www.artsdatabanken.no/Pages/345494. Lasta ned <dag.månad.år>.