Hamnedodre er framand og berre funnen éin gong i Noreg, i Kristiansand i 1957, truleg komen inn med korn. Den heimlege utbreiinga er frå søraustre Europa til Sentral-Asia.

Kjenneteikn

Hamnedodre er eittårig og grått, tiltrykt stjernehåra med store, mangegreina stjernehår der midtpartiet ofte er noko skjoldforma samanvakse (skjoldhår). Han har stenglar opptil 20 cm. Stengelblada er heile og linjeforma til smalt lansettforma. Blomestanden strekkjer seg til ein smal, lang og tett klase i fruktstadiet. Begerblada er 1,5–2 mm og fell av tidleg. Kronblada er 2–3 mm, butte eller utranda og bleikgule. To av pollentrådane (dei mediane) vidar seg gradvis ut til vengjer mot grunnen. Dei fire andre pollentrådane (dei to laterale para) har breitt vengjeforma vedheng som er jamlange med pollentråden og har to tenner i toppen. Frukta er ei avrunda kortskulpe på 3–5 mm, noko utranda og snau. Skulpeveggane går ut som ein tydeleg kant på sidene av skulpa. Griffelen er kort, men tydeleg, 0,5–1 mm. Det er to frø i kvart skulperom, og dei er avflata med ein smal vengjekant om lag 1 mm brei.

Kromosomtal

Hamnedodre er tetraploid med grunntal x = 8 og kromosomtal 2n = 32. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Hamnedodre er framand og berre funnen éin gong i Noreg, på Silokaia på Odderøya i Kristiansand (Vest-Agder) i 1957. Arten kom opplagt inn som ureining med korn, truleg frå ei hamn ved Svartehavet.

Den heimlege utbreiinga er i austlege Mellom- og Sør-Europa, Egypt, og i Asia aust til Tibet og Xinjinang i vestlege Kina, Mongolia og Aust-Sibir. Arten er òg noko utbreidd som kulturspreidd i vestlege Nord-Amerika.

Kommentarar

Hamnedodre (og mølledodre Alyssum hirsutum) høyrer til seksjonen Alyssum, ulikt seksjonen Psilonema som grådodre høyrer til.

Forvekslingar

Hamnedodre kan likne litt på steindodre Aurinia saxatilis, men steindodre har sprikjande begerblad, gullgule kronblad og er ein halvbusk, medan hamnedodre har opprette begerblad, bleikgule kronblad og er ein kortlevd urt. Om ein skulle vere så heldig å finne denne arten i Noreg att, er skilnaden i pollentrådane viktig. Grådodre har ikkje vengjer på pollentrådane, slik som hamnedodre og mølledodre Alyssum hirsutum har. Hamnedodre har dessutan snaue skulper, medan mølledodre har tett og grått stjernehåra skulper.

Kjelder

Al-Shehbaz IA (2010). Alyssum Linnaeus. I Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 7. Magnoliophyta: Salicaceae to Brassicaceae: 247–251.

Ball PW og Dudley TR (1993). Alyssum L. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 359–369.

Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/5/2022

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 13/12/2022

Siter nettsida som:

Elven R og Hegre H. Hamnedodre Alyssum desertorum Stapf. www.artsdatabanken.no/Pages/345492. Lasta ned <dag.månad.år>.